onsdag 6. juli 2016

Indiefjord 2016



Til helga er det Indiefjord-festival på Bjørke med mange ulike
konsertar rundt om i bygda. Postkjellaren skal også ha ein eigen konsert som vert ute på terrassen
laurdag kl 13.00 . Det er musikaren Lars Håvik som skal underhalde på trekkspel ein times tid.
Han spelar variert og lett musikk som vil fenge dei fleste. Konserten er gratis 
og open for alle.

Postkjellaren held ope både laurdag og søndag 12-17.



fredag 24. juni 2016

Midtsumardagar 2016

Så er det klart for årets Midtsumardagar på Bjørke.
Postkjellaren held ope laurdag og søndag frå kl. 12-17.
Her kjem eit knippe bilde frå åretsutstilling:
 Mintgrønt er populært




 Litt rosa i hyllene



 Raudt er der også



 Lyseblått er svært populært








Neste gong det vert ope er under Indiefjord festivalen 9.og 10. juli.
Då skal vi til og med ha vår eigen lille konsert på terrassen!

Velkomne til Bjørke!

onsdag 1. juni 2016

Snart ope i Postkjellaren.....




Tittar raskt innom for å fortelle at det blir ope i Postkjellaren
laurdag 4. juni .Då skal det vere ein naturdag på Bjørke med forskjellige aktivitetar.
Neste gong det blir ope er 25. og 26 juni under Midtsommardagane og under Indiefjord-festivalen
10. og 11. juli. Denne sommaren blir det ikkje ope kvar søndag slik det har vore før.
Skal kome med meir info seinare.

onsdag 9. mars 2016

Veskeparade


Hei!
Det er liv i meg framleis :)
Eg har rett og slett berre prioritert vekk blogging siste tida.
Smerter gjer at ting vert litt vanskeleg for meg så då prioriterer eg ting som er viktige.
Er meir aktiv på instagram for det er så mykje enklare og raskare.
 Men vil prøve å halde fram med blogging innimellom.


På gode dagar prøver eg å sy litt. Og då må eg sy ting som er gøy og inspirerande.
Eg likar veldig godt å bruke gammalt handarbeid i produkta mine. Og då eg fann ein klokkestreng 
i dei mest fantastiske fargar på ein bruktbutikk måtte det bli ei veske av delar av den.
Den andre framdelen på veska er frå ei gardin og matchar fargane perfekt.


Når eg syr slike vesker blir ofte veien til mens eg går.
Eg er ikkje så god til å teikne skisser, men det hender det også. Men eg har gjerne eit bilde
i  hovudet av korleis den skal sjå ut. Av og blir den akkurat slik som eg tenkte, andre gongar
 endrar eg strategi underveis og sluttresultatet blir heilt annaleis enn først tenkt.
Denne vart nøyaktig slik eg såg den for meg. 



 Baksida på veska.




 Til denne veska tok eg utgangspunkt i det vakre strameibildet
som eg fann på ein bruktbutikk. Synest fargane er heilt nydelige. Dilemmaet her var
at bildet var 50cm høgt så det måtte kuttast ned ein del. Det vart litt vanskelig synest eg for det var
så fint i si heilheit men ei veske på 50cm blir litt voldsomt. Eg kutta av nokre cm. oppe og nede slik 
at det vart i passe størrelse til ei veske. Greidde ikkje å verte enig med meg sjølv om eg skulle gå for
ein søt eller litt røffare versjon så då vart det litt sånn ja takk begge delar...søtt møter røft.
På denne endra eg strategi underveis i prosessen.Hadde i utgangspunktet eit anna bilde
i hovudet....men er likevel fornøgd med sluttresultatet.




Til lukking har eg brukt ein gammal skinnknapp og hempe
 fletta  av ei skinnsnor eg hadde liggande. 




Siste veske ut i veskeparaden:)
Denne er laga av eit av dei mange fantastisk fine stoffa eg fekk då eg vitja husflidlaget i Volda
i haust og fortalde litt om hobbyen min. Det kan du lese om her . Brukte også litt av
dette stoffet i veska over. Likar veldig godt dette stoffet, det har slike herleg
fargekombinasjon! Orange og rosa er knallfint i lag synest eg:)
Og så den blomsten då....:)

Ha det fint til eg er tilbake om ikkje så alt for lenge!

Helsing Alva

søndag 31. januar 2016

Smekkeproduksjon og pute til tripp-trapp stol


Det vart visst nokre veker sidan forrige innlegg likevel
sjølv om eg lova meg sjølv å verte flinkare å oppdatere her inne.
Januar har bode på visse utfordringar for vår familie så kreftene mine har 
vore brukte til andre ting enn sying og blogging. Svigerfar gjekk bort for to veker sidan etter
 kort tids sjukdom og samtidig vart også min mann ramma av plutselig sjukdom.
 Men litt småsying har det vorte inn i mellom likevel. 
Det er godt å kunne koble ut tankane av og til og tenke på andre ting enn sjukdom og
då er det deilig å leite fram litt fargerike stoff. Det vart litt smekkeproduksjon denne gongen,
både fordi det er enkelt - noko som er viktig når hovudet egentlig er heilt andre plassar - og fordi eg
skulle lage eit par nye til barnebarnet mitt. Og då er det greit å lage fleire når ein først 
er i gong med det.



 Brukt sengetøy og gardiner er supert å bruke til smekker.
Dei er vaska nokre gongar og stoffet er difor mjukt og godt - og i tillegg er overskuddsfarge
vaska ut. Og så tåler det å bli vaska på minst 60 grader.




Den gamle Tripp-trapp stolen som mine born brukte har fått kome 
ned frå mørkloftet. Dette er eit solid møbel som lever over fleire generasjonar og som ikkje går 
ut på dato sjølv om den nyare varianten er litt oppdatert.

Det som er litt morsomt er at eg i 1979 jobba nokre månader på
Stokke fabrikker som lagar Tripp-trapp stolen og der sydde eg blant anna
slike skinnreimer:) Trur neppe det er eg som har sydd denne for stolen er kjøpt 5 år seinare.
Men heilt umulig er det vel ikkje,hi hi.....

Litt fornying måtte til i form av ei ny pute.
Ein får kjøpt puter til Tripp-trapp stolen men eg ville prøve å lage ei, dog i litt enklare 
utforming enn den ferdigkjøpte. Hadde i minne den typen som fantest før
og målte ut og teikna sånn cirka korleis den skulle vere.



 Huska sjølvsagt ikkje akkurat korleis den såg ut, men huska i allefall at den 
hadde eit "knapphol" til å tre skinnreima gjennom. Eg brukte stoff frå eit Ole Brum sengesett
frå bruktbutikken. Motivet på eine sida av putetrekket passa akkurat til måla eg hadde laga meg til
ryggen på puta og til setet brukte eg stoff frå dynetrekket. Bakstykket klipte eg i eit stykke og
 sydde på hemper med borrelås for å feste puta til stolen. Ein kan også lage knyting i staden.
 Så sydde eg det heile i sammen med vrengeopning nede. Eg fylte den med fyllvatt og sydde 
igjen vrengeopninga for hand. Deretter sydde eg ein saum i overgangen mellom rygg 
og sete. "Knappholet" tilslutt.




Slik ser det ut bak.
Dette var utruleg raskt gjort. Det som tok lengst tid var å tenke ut
korleis eg skulle gjere det, og å måle ut og tilpasse hempene bak.




 Her står stolen klar ved kjøkkenbordet og berre ventar
på den den vesle gjesten som kjem med jamne mellomrom:)
Kosligaste besøket eg får det!


Ønsker deg ei fin første veke i februar.....
Ta vare på kvarandre.

søndag 10. januar 2016

300.000....

Wow..... 
var ein tur innom bloggen og oppdaga at
teljaren har passert 300.000! Eg er heilt overvelda over slike besøkstal!
No kjenner eg at eg må verte flinkare å oppdatere her inne:)
Men foreløpig vert det berre naturbilde.
Det har vore nokre veldig kalde dagar her på desse kantar no.
Men du å du så vakkert! 



 Så her var det berre å kle seg veldig godt
og ta med seg kamera ut til Hovdevatnet. Desse bilda er frå i går.
På den trygge isen var det eit yrande liv med både unge og gamle som leika seg i den
gyldne januarsola. Det var ei fryd å sjå på!



Her sat eg - under ei fure med verdens vakraste utsikt
og slikka i meg nokre sterkt etterlengta solstrålar! Skulle berre ønske eg 
hadde med meg kaffe ..... :)


Så kaldt var det.....14 minus viste målaren.
No har det mildna på - berre 2 minus i kveld:)


Takk for at du tittar innom....
håper å kome med eit syinnlegg snart :)

Ha ei fin ny veke!

søndag 3. januar 2016

Godt nytt år!


Hei!
Er innom ein tur for å ønske deg som endå heng med eit godt nytt år!


Det har vore lite blogging få denne kanten siste tida.
Håper å få gjort noko med det i det nye året. Med ny pc i julegåve frå karane i huset
blir det også litt lettare å blogge sidan den gamle var nesten umulig å få til å ladde.Vil prøve å kome i gong med litt sying igjen også. Sydde eit par ting i julegåve og det gjekk ganske greit.
Men huska sjølvsagt ikkje å ta bilde av det eg laga:)


 Sidan eg ikkje har noko syarbeid å vise fram får eg vise bilde
av den vakre naturen vi har her på Sunnmøre. Dette er teke om morgonen
2.januar då det var slik ein fantastisk fin morgonrøde.
Bildet er teke frå verandaen min.


Dette er frå 1.januar då vi også hadde ein fin dag.
Mannen er fotomodell.


 Bildet under er teke for ei veke sidan, rett opp i bakken her eg bor
medan det enno var snø. Plutselig vart det mildver og snøen forsvant i ein fei.
No er det kaldare igjen men framleis bart.


Dekokrasjonen på første bildet laga eg til familieselskapet i romjula.
 Eg brukte berre grønt frå skogen bortsett frå edelgrana. Orkideane er frå vinduskarmen og kristornbær frå ein bukett eg hadde ståande. Konglane er også sjølvplukka.
Ein billig dekorasjon med andre ord!

Skal prøve at det ikkje blir 2 mnd til neste innlegg:)
Tenkte å ta ei opprydding på syromet når kvardagen kjem og det brukar
å hjelpe på inspirasjonen;) Har heller ikkje vore så flink å titte innom andre bloggar
- skal prøve å bli flinkare til det også.

Enn så lenge - ha eit godt nytt år!