mandag 28. mai 2012

BYGDA MI


I dag vil eg vise deg bygda mi, Bjørke. Bygda der eg er fødd og oppvaksen. Eg bur der rett nok ikkje til vanleg, men det er der eg har mitt vesle sommarutsalg, i kjellaren i barndomsheimen min. Der var det postkontor og enda tidlegare også telegrafstasjon. Posten har vore i familien i fleire generasjonar og i desse lokala har både min farfar, min far og til sist mi mor vore poststyrarar.


















Bygda ligg vakkert til innst i Hjørundfjorden omkransa av høge og ville fjell. Her er det Jakta som tronar midt i bildet.


                              Bjørkehornet med Storhornet bak.......


                           ......... og den karakteristiske Kjerringkjeften.


For å kome til Bjørke med bil køyrer du frå Volda og innover Austefjorden. Det tek ein dryg halvtime. Men pga. arbeid med Kvivsvegen vert vegen stengd i 6 veker frå 30.mai til 12. juli. Så då må ein ta ferge frå Volda til Folkestad og køyre mot Austefjorden derifrå.

                                       Her er du på vei ned mot Skjåstaddalen.
         

                                      Vikelva har vore ei populær lakseelv......



                               Når du kjem ned til sjøen finn du denne flotte naustrekkja.....



                                    Tyssefossen med Tyssedalen i bakgrunnen.....


                                                   Kyrkja


Kraftstasjonen med jettegtryta mellom den og tunnelopninga. Jettegryta kom for ein dag under arbeidet med Leiratunnelen og gjorde det slik at tunnelopninga måtte flyttast.


                             
Her er nærbilde av jettegryta (bildet er lånt av svogeren min som la det ut på facebooksida mi) Som du ser er den ganske djup.



                  Den nye og flotte marinaen som på kort tid har vorte svært populær.


Og sist men ikkje minst den nær sagt verdsberømte telefonkiosken "Prillarguri". Den vart kjent fordi bygdefolket lenka den fast då den skulle fjernast. Den har vore med i NRK serien "Norske attraksjonar" med Linda Eide.

Det var litt av det som er i bygda mi,og endå er der  mykje meir som er verdt å sjå.
Håper du likte omvisninga og at du fekk lyst til å ta ein tur til Bjørke. Takk for at du fylgde meg rundt!

                                       Helsing Alva.



6 kommentarer:

  1. Hei Alva! Så utruleg kjekt at du la att spor etter deg på bloggen min! Eg er så glad i Bjørke... Eg har tilbrakt mang ein sommar der inne! Foreldra mine er vener med "butikkfolket", Vigdis og Per Johan, og vi var ofte på besøk med dei. Eg hugsar framleis kor kjekt det var å tusle seg ut av huset og rett ned i fjøresteinane!

    Vi tek framleis turen til Bjørke. Sommarturar dit i lag med familien er eit høgdepunkt! I tillegg har koret eg syng i ofte øvingshelg der inne og har hatt fleire konsertar i kyrkja.

    Eg forstod det slik at du ikkje bur der til dagleg? Då har du i alle fall ein fantastisk plass å kome attende til...

    Klem, Tove

    SvarSlett
  2. Når eg har fått tenkt meg om litt, så trur eg at eg veit kven du er ;). Kjekk dame med svært fine ting! Såg ei ugleveske i eit av dei eldre innlegga dine, den var jammen meg fin!!!

    SvarSlett
  3. Kom tilfeldigvis innom bloggen din!Koselig..og flotte ting du skaper.:)

    SvarSlett
  4. Hei Tove,takk for helsing:)Du forsto rett i at eg ikkje bur på Bjørke fast. Ja det er ein fantastisk flott plass å kome attende til, iallefall om sommaren;) Du veit sikkert kven eg er, du har røter i den bygda eg bur i no;) Kjekt at du likte ugleveska,den er faktisk ein av favorittane mine. Vurderte å behalde den sjøl, men om du las innlegget så skjønar du at eg har meir enn nok vesker frå før:D

    SvarSlett
  5. Så koselig at du la igjen en liten hilsen inne hos meg så fant jeg frem til deg :) Nydelig sted du kommer fra og kjempefine ting du har sydd i innlegget under. Min favoritt er retrokjolen :)
    Fin dag til deg :)

    SvarSlett
  6. Oioi, så vakker hjembygden din er! Så flott med de høye fjella... nydelig!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no