onsdag 30. mai 2012

KAKEBOKS FYLT MED GODE MINNE



Denne kakeboksa knyter det seg mange minne til. Gode barndomsminne frå julefestar på skulen i bygda mi..
Den var nemlig fast fylgje på julefestane eller juletrefest som det heitte då. Fylt med  mjuke, saftige heimebaka julebrød fulle med rosiner og sukat (som lisjesystra mi pirka ut) Der var smultringar og julemenn og andre gode kaker. Boksa har nemlig fleire etasjar så det gjekk fint an å ha med seg mange sortar utan at det vart rot.




Høgdepunket var når det var matpause og kakeboksa kunne opnast og me fekk smake på godbitane!  Å du å du så godt det smakte!  Kan enno kjenne smaken av julebrødskivene og kor dei nesten smelta på tunga....  Kva me drakk til kan eg ikkje huske men det var nok heimelaga saft, eller kanskje me var så heldige at det vanka ei flaske brus.
                       
                    ...................................................................................................


No skal boksa få vere med meg tilbake til barndomsheimen og til Postkjellaren. Men i staden for kaker skal den no fyllast med prikkete hjerte . Det synest eg er perfekt å fylle denne vakre boksa som er så full av gode minne med....



Stoffet som desse hjerta er sydde av kjem frå ein kjole som har tilhøyrt svigermor. Kjolen er frå 70-talet og var godt brukt.  Svigermor er desverre ikkje blant oss lenger , men kjolen lever i allefall vidare i form av fine hjerte.  Som sagt: ei boks fylt med gode minne......



                                               Saknar deg, svigermor............



1 kommentar:

  1. Britt Karin Bjørke2. juni 2012 kl. 00:31

    Nydeleg innlegg Alvhild, så fin tekst og vakre bilder. God helg!!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no