søndag 3. juni 2012

CARL LARSSON TYG

Nokre gongar når ein er  rundt om på bruktbutikkar kan ein oppleve å finne verkelege godbitar, eller skattar som eg likar å kalle det.  For eit par år sidan gjorde eg nettopp det.  Eg fann eit stoff som mest tok pusten frå meg. Eit skikkeleg hjertebankstoff.  Først då eg kom heim oppdaga eg kva for ein skatt eg verkeleg hadde funne! Mange meter med heilt ubrukt Carl Larsson designa stoff frå 70-talet!  Å for ei lukke!!!!


 Kløver heiter det og har ein fantastisk gul-orange farge. Eg har googla stoffet og fann ut at det vart produsert i fleire fargar, bl.anna i raudt,blått og grønt.  Men etter mi meining er dette den finaste fargen av alle.



Sjå berre på dette nydelege mønsteret, eg kan ikkje sjå meg mett på det i allefall! Det er eit litt kraftig bomullsstoff, tett og fint i veven. Det første eg gjorde var å sy meg ein kjole:



Den har vore flittig brukt to siste somrane og er like fin endå. (Men nokon fotomodell er eg ikkje....)     Fleire barnekjolar har det også vorte.


Her er ein kombinert med raudt. Hjertestoffet på armane er frå ei gardin funne på loppis.


                                  Og her er ei romsleg sommarveske.

Endå har eg mange meter att å bruke så det vert nok laga fleire Carl Larsson produkt utover sommaren.

Er det ikkje eit flott stoff vel? Eg føler meg verkeleg heldig som fann ein slik herlegdom. Og prisen? Den var heilt latterleg. Dei var nok ikkje klar over kva for ein skatt dette var. (Nei, det var ikkje på den lokale bruktbutikken her, dei veit å ta seg betalt iallefall......)

Kom i skikkeleg sommarstemning eg no av desse bilda, så no får vi håpe at varmen kjem tilbake snart!

Helsing Alva.



3 kommentarer:

  1. Åhh du verda for ein flott kjole og for eit flott stoff - vart reint misunneleg her eg sit. Rett flink er du. Eg stussar litt på kven du er sidan du høyrer til på mine trakter. Trur kanskje eg klarar å kjenne deg at på bildet som ligg ved men eg er neimen ikkje sikker (litt nærsynt sjønar du). Men et par stikkord...blomsterbutikk og eit kort frå meg i ei vanskeleg tid...kan det stemme??? Klem frå jannetove

    SvarSlett
  2. Nydelig kjole i nydelig stoff, jeg har det i brunt. Mamma hadde det i rødt på badet på hytta, husker jeg:)
    ha en fin dag:)

    klem fra Trine:)

    SvarSlett
  3. Hei Janne Tove, ja det stemmer, det er den dama ;) Men no med anna jobb. Vi strevar fortsatt med det same, men optimismen rår:))
    Kjekt at du likte kjolen min! Likar den godt sjøl også:)
    Klem frå meg.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no