fredag 1. juni 2012

SOMMARLEGE PUTER

Eg synest det er utruleg gøy å lage puter. Og då gjerne kombinere nytt og gammalt og bruke broderi,blonder eller heklebrikker til pynt.  Å gi nytt liv til gamle ting er min store lidenskap og eg elskar å gå på skattejakt etter gamle brikker,blonder og andre ting som kan brukast.



 Dette vart ei pute med maritimt preg. Det var nok ikkje meininga i utgangspunket, men ofte vert vegen til mens ein går og slik vart det her.....
Tok utgangspunkt i den fine gamle broderte brikka i midten. Den fann eg på ein bruktbutikk ,trur eg ga 10 kr. for den. Så kom resten til etterkvart. Vart veldig fornøgd med denne, for eg elskar blått! Og så passa den så fint i lag med den fantastisk flotte Hortensiaen  med den nydelegaste blåfargen.




 Utgangspunktet her var ei gammal hardangersaum-pute som eg brukte i midten . Stoffet til høgre fekk eg av ei hyggelig dame saman med eit par andre  stoff.  Det er det kjekkast eg veit, når nokon kjem med ein pose med gamle stoff og spør om eg kan bruke noko av det! Ja det er reine julafta for meg:)  Dette stoffet er gult ,kvitt og grått med bittesmå raude blomster i. Trur nok at det er frå 60-talet og at det har vore eit kjolestoff. På venstre side har eg pynta med ei lita hardangersaum-brikke som har vore til å ha under sukker/fløte-sett.






Her ei litt meir retroaktig rund pute med blanding av nye og gamle stoff. Likar så godt kombinasjonen blått og grønt, vert meir og meir glad i desse fargane i lag.  Det kvite stoffet med lyseblå prikkar er berre så fint! Fann det på bruktbutikken i ein pose med forskjellige restar i. Desverre er det eit syntetisk stoff og så var det berre eit par lange strimlar. Kunna tenkt meg ein kjole i det stoffet der ja.... Knappen i midten viser ikkje så godt, men det er ein nydelig mørkegrønn og gammal knapp. Fekk ei heil boks med knappar etter ei gammal dame og der var verkeleg mange godbitar!






Tilslutt tek eg med eit par puter hekla av restegarn. Dei berre heklar eg som ei gedigen oldemorsrute til den er passe stor. Fin måte å få bruke opp restar på. Berre pass på og bruke dei minste restane først.  Til bakstykke har eg brukt stoff som eg sydde på med maskin, glidelåslukking bak. Treng eg seie at den i framgrunnen er favoritten?

Alle desse putene vert med meg til Postkjellaren til sommaren.


God helg til alle som kikar innom til meg. Eg er overlykkelig for å ha fått tre følgere:)) (eller fylgjarar som det strengt tatt heiter på nynorsk) Velkommen til alle tre!

Helsing Alva.


3 kommentarer:

  1. Så mange flotte puter! Jeg liker også godt å bruke gamle duker - tenker alltid på alt arbeidet noen har lagt ned i f.eks. et broderi...
    Nå som jeg har sydd "aktivt" i et år så er jeg blitt mer og mer kresen på stoffene jeg bruker - bomull er best :)
    Fin helg til deg :)

    SvarSlett
  2. Takk for fin kommentar hjå meg:-)) Mykje fint du produserer - legg meg til som fyljgar eg slik at eg får sett kva du held på med. Jannetove

    SvarSlett
  3. Heisan Alva
    Finfine puter her og min favoritt er kanskje ikke uventet den runde. Tenk jeg har aldri prøvd meg på runde puter, og det er jo så fint!
    Glade junidager til deg!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no