torsdag 5. juli 2012

LEFSEBAKST


Min kjære far fyller 80 år seinare i sommar og det skal markerast med næraste slekt og venner til stades. Her på Sunnmøre høyrer lefser med i alle festlege lag og det vart mi oppgåve å lage det til 80-års feiringa. No skal det  seiast at eg kan reknast som ein ganske habil lefsebakar, så det var heilt naturleg at eg fekk den oppgåva. Lefser har eg vore med og baka sidan eg var berre ungdomen . Først heime hos mi mor og etterkvart hos meg sjølv.


Det er ein tung og tidkrevjande jobb å bake lefser. Eg brukar heile dagen når eg først er i sving og då vert det 40 lefser. Men du og du kor gode dei er! Ingenting kan måle seg med nysmurte lefser som er så møyre at dei smeltar på tunga!! Men det er ein lang veg før ein er komen så langt at dei kan smakast på.


Eg startar med å lage deiga og let den kvile litt før eg lagar emner. Dei er på denne størrelsen. Når alle emna er laga byrjar den tyngste jobben, kjevlinga.

Det vert ein del mjøl-rot.....

Så rullar eg leiven opp på lefsepinnen før eg legg den over på takka

Eg er så heldig at eg har fått laga til eit rom i kjellaren som eg brukar når eg bakar lefser. Etter at vi pussa opp kjøkkenet for nokre år sidan fekk eg sett opp delar av den gamle kjøkken -innredninga der.

Her er heile lefsestabelen under lett press slik at dei ikkje skal bølge seg. Det er min flinke husbond som har laga det kjekke lokket til meg.

Og så er dei klare til bløyting og smørjing.



Halvparten ferdigsmurt og resten ligg til bløyting. Bildekvaliteten er desverre ikkje av den beste, men lysforholda i kjellaren er ikkje så gode.


Ferdig smurte og pakking pågår.... Eg brukar og dele lefsene i to når eg pakkar dei og legg saman fire halve med matpapir mellom kvar del. Synest dei er lettare å handtere i denne størrelsen.
 Så gjenstår den kjekkaste delen, smakinga. Mmmmm dei er sååå gode...

Dette vart visst eit lite lefsekurs det ! Håper du synest det var litt lærerikt og kanskje fekk du lyst til å prøve det sjølv?

Til helga reiser eg til Bjørke for å klargjere til opninga 15.juli. Gled meg til å endeleg kome i gong !!

Fin sommarkveld til alle.

                                    Klem frå Alva.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no