mandag 9. juli 2012

POSTKJELLAREN SNART KLAR FOR SESONGOPNING

Då er Postkjellaren nesten klargjort for sesongopninga neste søndag.


Slik såg det før vi starta. Kaos er vel rette ordet. Husbonden er i ferd med å skru i hop ei hylle. Det vart nokre timar med tenking og prøving  før eg vart fornøgd.



                                  Bileta kan klikkast større














Det gjenstår litt finpussing før eg er heilt i mål, men det er mest små detaljar.

Så då får vi berre håpe på ein knallgod sesong og at mange finn vegen til Bjørke denne sommaren.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Har fått spørsmål om kva tid eg opnar søndag. Opningstida vert frå 13-17 kvar søndag heile sommaren. Kor lenge eg held på utover hausten vil eg vurdere etter kvart. Sidan sesongen starta litt seint kjem eg kanskje til å halde ope til midten av september. Men som sagt, det får eg sjå an.


                                      Helsing Alva.


3 kommentarer:

  1. Mykje fint her, altså..... Vil prøve å ta turen til Bjørke på søndag! Kva tid opnar du den dagen? Johanne

    SvarSlett
  2. Da nærmer det seg åpning, Alva og alt ser ut til å være i rute:) mange fine ting her.) Lykke til:)
    Trine:)

    SvarSlett
  3. Så flinke de er ! :) håper de held åpe på åpninga av kvivsvegen :))

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no