søndag 15. juli 2012

Suksess-opning og nytt banner.


Dagen i dag vart heilt fantastisk! Masse folk strøymde til bygda og eg trur jammen dei fleste var innom Postkjellaren. På det meste var der så fullt at fleire snudde i døra. Håper dei kom  igjen seinare....




 Tenkte eg skulle ta nokre nye bilde i dag, men rakk berre å knipse eit par i full fart . Det var rimeleg hektisk til tider.

  Her var både menn og kvinner i alle aldre. Mennene er veldig interesserte i post- og telegrafutstillinga. Mykje interessant historie er samla her.


Salget gjekk strålande, selde mange barnekjolar, puter, vesker og elles litt av alt. Veret var bra, så kaffi og kaker  gjekk også unna. Selde faktisk ut alle kakene, og det har aldri hendt før.
Så eg er kjempefornøgd med dagen!

Og på toppene av det heile låg der ein mail i innboksa mi då eg kom heim, med nytt banner som ei gåve til meg frå ei god venninne av dotter mi  Silje. Ho er master i grafisk design.  Er eg ikkje heldig vel? Kjempeflott var den:))
Tusen takk Ingvild , du er ein knupp:)

Ønsker alle ei ny flott veke.

                                      Klem frå Alva



1 kommentar:

  1. Hei. Så utruleg mange flotte ting du lagar! :) Eg har allereie ei nydeleg veske med retrorosa blomar på som du har laga, samt ein kjempeskjønn kjole til dottera mi. Eg er jo òg heilt retrofrelst, så då mamma kom med desse gåvene til oss, var gleda stor :)
    Vi kjem garantert til å ta turen innom postkjellaren i løpet av sunnmørsferien vår, for her må eg handle meir! :)
    Mvh, KristiN

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no