søndag 5. august 2012

EKTE RETRO



Inspirert av bloggen Avmeg vil eg vise denne flotte kjolen frå 60-talet som har tilhøyrt mi mor.
Passar heldigvis perfekt til meg!


Fekk mange kommentarar på den i Postkjellaren i dag. Diggar fargane og mønsteret  i kjolen!! Har endra halsen på den, elles er den heilt orginal. Den hadde ein litt høg krage som gjekk oppover halsen, og det vart for tett for meg. Så eg ringa den ut litt og brukte kragen til kant. Oppdaga no i kveld at mor mi har lagt den ned, den gule kanten nede var egentlig bretta opp dobbelt. Ho har sydd på eit anna stoff bak.


Dette bildet tek eg med berre fordi det passar så fint i fargen. Nyt fargen på fjorden gjennom vinduet!! Fantastisk.....

Ynskjer alle ei flott veke. Ferien er over for mitt vedkomande, no er kvardagen tilbake....

                                     Klem frå Alva


1 kommentar:

  1. Så flott kjole - herlige farger og den passa deg godt :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no