fredag 17. august 2012

FARGERIKE VESKER


Det er ei stund sidan sist eg hadde eit skikkeleg sy-innlegg. Det er rett og slett fordi eg ikkje har sydd så veldig mykje dei siste par vekene. Det skuldast blant anna jobbing og bringebærplukking. I år har det verkeleg bugna av bringebær, men no er det heldigvis på hell. Eg som vanlegvis likar å plukke bær byrjar no å verte skikkeleg lei....
Men nokre vesker har eg fått produsert denne veka. Fargerike vesker i herlege retrostoff....


Denne vart nesten litt Marimekko. Den er laga av eit putevar eg fekk i lag med det eg skreiv om i forrige innlegg. Stoffet berre ropte om å få verte ei veske! Litt tynt stoff, men den er fora med eit heilt nytt og stødig bomullstoff.


Den er heilt i mine fargar! Trur nesten eg beheld den sjølv viss eg ikkje får solgt den på søndag... Men så er det berre det at eg har meir enn nok vesker frå før då.... Det kan du lese om her.



Typisk 70-tals fargar! Sydd av eit kraftig dynetrekk frå Høie, heilt ubrukt. Det låg endå i orginalpakningen då eg fekk det. Fora med eit herlig hjertestoff også frå 70-talet.





Denne er sydd av eit putetrekk frå bruktbutikken. Det var egentlig for lite stoff til å sy ei slik veske, men eg SKULLE lage ei veske av dette stoffet! Løysinga vart å skøyte hanken. Og det gjekk veldig bra,det viser nesten ikkje at det er skøytt. Synest den vart utrulig frisk og fin. Den er fora med orange gardinstoff.



Alle tre veskene vert med til Postkjellaren på søndag.

No nærmar det seg sesongavslutning, to søndagar står att før vi stengjer for sesongen. Synest denne sommaren har gått utruleg fort, føler at eg nett har opna dørene for sommaren. Veldig mykje folk har vore innom Postkjellaren i sommar og det har vore utruleg kjekt! Kjekt og travelt.....
Så har du tenkt deg til Bjørke i sommar så må du skunde deg. Søndag 26. er siste dag ope i Postkjellaren.

God helg til alle som måtte finne veien innom meg.

                                                 Klem frå Alva.


2 kommentarer:

  1. Fantastisk flott vesker - nydelige retrostoff :)

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha:)Deilig med slike fargeklattar;)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no