lørdag 4. august 2012

FLEIRE OVERALLAR


Tre nye overallar har sett dagens lys denne veka. Den siste er fortsatt rykande varm, den var ferdig for ein knapp halvtime sidan. Veldig moro å sy desse, så dette vert nok eit produkt eg kjem til å satse på. Har endra litt på mønsteret og blant anna laga lommer på. Det er gjerne slik eg arbeider, tek utgangspunkt i eit mønster og så endrar eg det etter kvart slik at det til slutt vert mitt eige mønster.


Denne synest eg vart knalltøff! Herleg barnestoff frå eit dynetrekk funne på gjenbruksbutikken, det samme med det brune stoffet. Veit ikkje heilt kva det er slags stoff,  men trur det er ull blanda med noko anna. Foret er frå eit laken.

Her viser buksestoffet bedre.



Denne har raudstripa stoff og Postman Pat motiv. Synest dei er utruleg koslege desse motiva. Og så passar dei godt i Postkjellaren då ! Vanskeleg å fotografere stripete stoff, det vert så uroleg. Foret er frå eit dynetrekk og begge stoffa er frå Åhlens.



Her er den siste i rekka, ferdig no i kveld. Difor litt mørkt bilde. Det ruta stoffet fann eg mange meter av på gjenbruksbutikken sist torsdag. Bamsegardiner fann eg også der og dei passa supert i lag! Foret er frå ei gardin eg hadde i mine tøler. Hadde dei faktisk som kjøkkengardiner på 90-talet. Grøss og gru....



Søte bamsar......



Alle tre vert med meg til Postkjellaren i morgon søndag. Håper veret held seg og vi får nok ein flott dag med mykje folk på Bjørke!

Ynskjer alle ei nydeleg helg!

                                         Klem frå Alva


2 kommentarer:

  1. Hei! =) Så nydelege overallar! Sell du desse over nett eller er det kun i butikken din?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Hege! Så kjekt at du likte overallane:) Eg har desverre ikkje nettbutikk, men kan alltids sende viss du ønsker å kjøpe ein:)Send meg i så fall ein mail så kan vi avtale nærmare. Mailadressa mi står på profilen.

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no