onsdag 29. august 2012

HELDIGE MEG !


Eg er visst  usedvanleg heldig for tida! Her kan du lese om sist eg var heldig.
Vart nemlig kontakta av ei ung dame som hadde tilgang på ei mengde dynetrekk og gardiner frå 60-70 talet.
Ho lurte på om eg ville sy noko til jenta hennar av stoffa.  Og det ville eg sjølvsagt veldig gjerne.
Og resten får eg behalde!! Er eg ikkje heldig vel? Det beste av alt er at det meste er i veldig god stand og lite slitt. Her kjem eit bilderas av ein del av stoffa:


Masse herlig retro her!


Og her er "rosina i pølsa" Det søtaste dynetrekk eg nokon gong har sett i allefall! Tenk alt det fine eg kan lage av dette då!! Gled meg verkeleg til å ta fatt:))


Skikkelig retro-gardinstoff!


Nydelig blå-turkis småblomstra dynetrekk. Ein av mine favorittar....


Fint dette også....


Her vart fargen heilt feil....



Desse er berre knallfine! Og i veldig god stand....


To store putetrekk var det av dette....

Og endå er der meir som eg ikkje har teke bilde av.
Så no gled eg meg skikkeleg til å lage noko fint til veslejenta til den snille dama.
Men akkurat no har eg eit anna prosjekt på gong og det skal vere ferdig til neste veke. Så alle desse flotte stoffa må nok vente ei stund til før eg kan sette saksa i dei.

Ynskjer ein flott haustkveld til alle som finn vegen innom meg!

                                                 Klem frå Alva


8 kommentarer:

  1. Skikkelige, skikkelige dånestoffer disse, Alva:)
    Du er heldig, men jammen er du snill som syr til jenta hennes og da;)Gleder meg til å se bilder av det du syr:)
    Klem Trine:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er virkelig til å dåne av! Lover å legge ut bilde når eg er ferdig;)

      Slett
  2. Det første jeg tenkte var også bare "dåne"! For noen fine stoffer. Blir helt misunnelig av folk som bare får slike nydelige dynetrekk ...drømme... :)
    Det grønne var min favoritt.
    Kos deg med syinga :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig flott det grønne ja:) Har ein plan med det,men får sjå om det funker....

      Slett
  3. Så kjekt at eg kom over bloggen din, du er jammen flink og kreativ Alvhild. Kosa mej masse med fine bilde frå mi kjære heimbygd.
    Kos deg med stoffet ditt, trylla nok fram masse spennende ting du.
    Klem Unni

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Unni! Så kjekt at du fann vegen inn til meg då:) Og takk for dei fine orda!
      Ja gjett om eg skal kose meg! Fine stoff er som skattar for meg:))
      Klem frå meg

      Slett
  4. Åh, så herlig å se igjen de fine dynetrekka. Det grønne med kløver i og det med motiv av jente og gutt har jeg sove i sjøl da jeg var lita jente. No tror jeg det befinner seg i filleryer ett eller annet sted.

    Inger, 32

    SvarSlett
  5. Oi, så heldig du var! Mykje fine retrostoff i dei bunkane:)
    Fine kle du syr også:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no