onsdag 15. august 2012

JULAFTA MIDT PÅ SOMMAREN.


Ja, for meg har det nesten vore julafta midt på sommaren! Ei dame kom nemlig på døra til meg med ein stor pose full av herlige retrostoff! O for ei lukke!!


Heile klesnora full av dei skjønnaste dynetrekk og gamle blomstrete kjolar!



Her er heile herlegdomen,nyvaska og friske etter å ha lufta seg ute i vinden og sola....


Dette er min favoritt......


Ikkje dumt dette heller.....men" desverre" berre eit putevar. Likar forresten det svenske ordet mykje bedre....ørngott......



Fargerike kjolar etter ei gammal dame. Utslitne foran og heilt fine bak..... Kjolane er store så dei må ha
tilhøyrt ei litt rund dame. Ser føre meg korleis dama må ha sett ut med kjolane på.  Ser føre meg ei "skikkelig" bestemor, trinn og god, kvit i håret med knute i nakken. Briller med tjukke glas og tøfler på føtene. Ser henne ved bakstebordet med kjevla i sving.... Nokre av kjolane var ganske utslitne på magen, difor innbiller eg meg at ho har stått mykje ved bakstebordet. Eg anar ingenting om ho som har eigd kjolane,så alt dette er fri fantasi. Kanskje tek eg fullstendig feil! Men av og til er det deilig å la fantasien få fritt spelerom. Eg likar å lage bilder inn i hovudet mitt, det kan til og med inspirere meg slik at eg vert ekstra kreativ.


Her har eg iallefall mykje kjekt å arbeide med utover vinteren. Ser allereide føre meg kva det skal verte av nokre av stoffa. Kva for eit stoff likte du best?

Ynskjer ein fantasifull kveld til alle som kikar innom!

                                                     Klem frå Alva.


4 kommentarer:

  1. Så heldig du har vært da - toppen av lykke med fine dynetrekk til å sy av. Min favoritt er samme som din :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja ikkje sant:) Veldig kjekt med slike "julenissar"!

      Slett
  2. Oi, så heldig! :) Eg trur eg likar stoff nr 4 i bunken til venstre best, oransje og gult det òg, men ikkje så mykje grønt. Heilt min smak :)
    Og så likte eg svært godt den lilla kjolen med blå og rosa blomar. Ho må ha tatt seg ekstra godt ut i den, den gode, runde bestemora :)
    Ha ein framleis fin dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig fint det også:)
      Og den lilla kjolen med blå og rosa blomster trur eg må ha vore finkjolen til bestemora;) Var ikkje så slitt heller den....

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no