søndag 26. august 2012

OVER FOR I ÅR....


Ja då har eg stengt døra til Postkjellaren for i år.......


Avslutningsdagen vart hektisk med veldig mykje folk innom til tross for surt og kaldt ver.

Desse blomane ynskte velkommen i dag:


Som dei fleste sikkert har fått med seg er eg usedvanleg glad i blomster. Det skuldast at eg har arbeidd mange år i blomsterbutikk. Men no er det nokre år sidan eg slutta med det, så difor synest eg det er veldig moro å lage fine bukettar til å pynte med. Eg brukar alltid blomar frå naturen eller hagen. I dag vart det ein skikkeleg haustbukett... Var og kneip meg eit par nydelege georginer frå hagen til mi mor - og rognebær er heller aldri feil....


Har dokke sett noko så nydeleg?


Og då vi køyrde heimover utpå kvelden møtte vi dette synet:


Vakkert......

Litt vemodig å stenge døra, men eg kjenner også at det skal verte godt å få attende søndagane.
Har eit par ting på timeplanen denne hausten og det vil eg skrive om når det nærmar seg.

Takk for i år og velkomen tilbake neste sommar alle mine triveleg kundar og besøkande.
Eg kjem sjølvsagt til halde fram med å blogge sjølv om Postkjellaren er stengt for i år!

Ynskje alle ei fantastisk fin veke!!
Husk å leve NO!!

                                                 Klem frå Alva.

4 kommentarer:

  1. Takk for hyggeleg tilbakemelding hjå meg - og for ein flott blomsterbukett - dette kan du:-)) Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha, Janne Tove :)
      Ja det ligg der liksom i fingrane då etter alle desse åra....
      Saknar nok delar av yrket,men ikkje alt. Veldig kosleg å ha det som hobby iallefall:))
      Klem frå meg

      Slett
  2. Godt at du fortsetter å blogge - gøy å se det fine du lager :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk,det var fint sagt:)

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no