fredag 24. august 2012

SESONGAVSLUTNING I POSTKJELLAREN


Søndag er det altså siste dag det er ope i Postkjellaren denne sesongen. Så har du tenkt deg til Bjørke denne sommaren er det siste sjanse til å få med seg alt det spanande som skjer i bygda!
Det har vore ein fantastisk sesong med mykje folk på vitjing i bygda og i Postkjellaren. Eg har møtt utruleg mange hyggeleg personar desse vekene og det er så inspirerande med alle dei gode tilbakemeldingane!


Den flotte uteplassen vår har vore flittig i bruk, for vergudane har stort sett vore på vår side i sommar. Her er fantastisk å sitje med ein kopp kaffi og nyte utsikta utover fjorden og bygda. Det er min flinke pappa som har laga det så fint til ute.....

......og mi flinke mamma har fantastisk grøne fingrar.... Sjekk dei flotte Skaugumbegoniane hennar då!




                             Velkomen inn......


Framleis mykje fint att i Postkjellaren.....

Då ynskjer eg alle velkomne til Bjørke og Postkjellaren denne siste søndagen i august.
Det vert ope frå 12.00-17.00 .
Køyr mot kyrkja så finn du oss. Der kan du også parkere.
Takk til alle mine kjekke kundar som allereie har vitja meg. Ser fram til å møte dykk att neste sommar!

God helg til alle som kikar innom!


                                             Helsing Alva (eller Alvhild som eg egentleg heiter.....)


4 kommentarer:

  1. Det var flott både utepå og inni butikken din :) Så greit å ha foreldre som kan hjelpe til :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er veldig kjekt å ha foreldre som kan trå til:)Flinke er dei!!

      Slett
  2. Så flott butikken din er - synd eg ikkje har fått vore der og sett. Håpar alt er bra med dokke - klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Janne Tove - tusen takk! Ja du skulla teke deg ein tur til Bjørke - men kanskje til neste sommar? Me har det etter forholda bra, sommaren har vore kjempefin! Det er ting på vent.....men me tek det etterkvart som det kjem og lever her og no,akkurat slik som du:))
      Klem.

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no