tirsdag 7. august 2012

SPEKTAKULÆRE NORANGSDALEN


Husbonden og eg har vore på tur i Hjørundfjorden igjen. Denne gongen køyrde vi blant anna ned gjennom Norangsdalen. Det var ein grå og litt tåkete dag, så bilda er deretter.


Men synest også at tåka skapte ei trolsk stemning i den trange og heilt spesielle dalen.


                       Høge fjell og svingete vei.... Framover dalen...


....nedover dalen. Ser du sela på dette bildet? Klikk på bildet så ser du dei kanskje.


                        Fonnbreen ligg ennå...


               Jammen var der ikkje eit "sort får" også.... 


               Den spesielle Stavbergsetra der sela ligg nesten inn i bakken i le for ras.





    Lygnstøylvatnet....som vart til etter at eit steinras la seterstøylen under vatn.


                      Dei gamle murane er godt synlege.





                             Vakker natur.....

                       Her ser ein kor trang dalen verkeleg er.....


I enden av dalen ligg ærverdige Hotell Union. Vi var ikkje inn denne gongen, men  har vore der tidlegare og det er ein plass som er vel vert å vitje! Særleg om du er interessert i gamle hus og interiør. Klikk på lenkja og nyt.....


Så har vi komt til Leknes og ventar på ferga til Sæbø. Her ser vi innover Norangsfjorden mot Øye og Norangsdalen. Fjellet Slogen tronar majestetisk innst litt til venstre i bildet. Til høgre Stålberghornet.


Fjordarma heilt til høgre går vidare innover Hjørundfjorden og inn til Bjørke der Postkjellaren held til.


Så kjem endeleg ferga.....


 
...... og så fer me over fjorden..... slik som Sunnmøre Bårelag syng det....
Slogen til høgre.


 
Fisking på Hjørundfjorden     


  Fantastiske fjell.


Så nærmar vi oss Sæbø.....

Det vart mange bilde dette, men håper du likte det du såg til tross for gråver og skodde. Tips: klikk på bilda og du får ei heilt anna oppleving......
Det var likevel ein fin dag sjølv om veret ikkje var det beste. Lyset var i allefall veldig spesielt...

Ynskjer ein flott tirsdagskveld til alle som kikar innom meg ! 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------
Då har eg endra namnet på vatnet til Lygnstøylvatnet. Takk til anonym som gjorde meg oppmerksom på det. Eg har aldri høyrt anna enn Lyngstøylen, så det var heilt nytt for meg! Hadde vore artig og visst kva namet kjem av, er det nokon som veit så skriv gjerne i kommentarfeltet.


Helsing frå Alva.




9 kommentarer:

  1. For noen vakre bilder. De husene i "urasetra" var jo bare helt fantastiske! Nydelige fjordbilder også :)

    SvarSlett
  2. Berre ein liten detalj på disse flotte bilda dine.....Vatnet heiter vist nok Lygnstøylsvatnet....veit det blir skrive feil ofte, også på kart står det Lyngstøylvatnet, men iflg lokale med god kjennskap skal det skrivast Lygn....Vakre bilder i vakker natur....dette syner at ein ikkje nødvendigvis treng sol og blå himmel for å formidle vakker natur....lyset her fekk fram dei spektakulære fjella! J.

    SvarSlett
  3. Opphavet til namne kjem av elva Lygna. På nordsida av vatnet ligg Lygnøyra. Namnet har altså si historie, berre så synd at vegvesenet ikkje kan sette seg inn i saken før dei skiltar vatnet feil.... J.

    SvarSlett
  4. For en fantastisk plass du har vært! Og de flotte bildene. Jeg er imponert og får så klart lyst å ta en tur. Dette var virkelig virkelig vakkert.

    Og den plassen som har blitt lagt under vann da... litt skummelt og veldig spennende og litt trist også...

    Hotell Union er et "must do" etterhvert altså. Jeg vil dit!!

    Takk for at du tipset meg om den flotte reisen din ;O)

    Ps! Jeg linker inn til dette innlegget på Livs Lyst facebook. Jeg syns det var så vakkert. Regner med og håper det er greit!

    Link: https://www.facebook.com/LivsLyst

    SvarSlett
  5. Takk for fine bilete, kan du ikkje ta med noko om Villa Norangdal også? Eg synes det er vel fortent, hotellet er fantastisk. Eg budde der ei natt i sommar.

    SvarSlett
  6. Hei Knutos, så kjekt at du likte bilda mine! Skulle gjerne ha teke med Villa Norangdal også(heiter det det forresten?)men eg har ikkje vore der og veit ingenting om det heller. Får ha det tilgode, vitjar eg det lovar eg å lage eit innlegg om det:)

    SvarSlett
  7. Tusen takk for at du viser så fine bilder! Jeg sitter og skriver (for en fanzine) om en liten film som heter «Norangsdalen», lagd etter et dikt med samme navn av Erlend O. Nødtvedt, og trengte å se noen bilder av hvordan det faktisk så ut – og heldigvis fant jeg fram hit! Diktet (og filmen) handler om raset som gikk i 1908, vil du se den så ligger den her. Bare ett minutt lang :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Oj så morsomt! Kjekt at du fann fram til meg då og at du likte bilda! Har sett filmen og den var artig og med ein litt uventa vri!

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no