lørdag 22. september 2012

HAUST


Husbonden og eg har vore på tur til Trondheim  denne veka. Og det var godt å kome seg ut av regnet og sjå sola igjen! No har vi heldigvis fått sett sola her på sunnmøre også dei siste par dagane, men dette var tidlegare i veka medan det regna som verst her. Og når eg i tillegg fekk surre rundt på Stoff og Stil ein times tid (takk til min tålmodige husbond) så var lukka fullkomen!

Undervegs på turen fekk eg teke nokre fine haustbilde:



Dette er teke tidleg om morgonen medan vi venta på ferga til Molde. Lyset var så fint og veret vart finare og finare dess lenger nord vi kom.....


Heimover køyrde vi over Dovrefjell og der var det nydelege haustfargar.....
















Eg likar hausten.  Likar alle dei flotte fargane - den klare lufta- dei gode luktene, lukta av haust.
Det skarpe sollyset når vi er så heldige å få sjå sola. Slike dagar har vi endeleg fått no. Dei må vi nyte medan vi har dei. Og i morgon søndag har eg ingen planar. Skal berre nyte hausten,kanskje pusle litt ute for det ser ikkje fint ut etter alt regnet. Må tøme ut ein del vatn og få i hus nokre krukker og graniumar som skal overvintre inne. For frostnettene er ikkje langt unna no.

Ynskjer ein nydeleg søndag til alle!

                                                  Klem frå Alva


1 kommentar:

  1. Enig - høsten er fin, og snart er det vinter og mørkt så lyset må nytes :) Så flink du er til å ta naturbilder :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no