onsdag 12. september 2012

POSTKJELLAREN I KVIVSTUNNELEN


Laurdag 22.september skjer det eit storhende her i distriktet. Då opnar nemleg Kvivsvegen som vil knyte saman Sogn  og Fjordane og Møre og Romsdal  gjennom Kvivstunnelen . Den går mellom Hornindal i Sogn og Fjordane og Kalvatn i Volda kommune. Det skal sjølvsagt markerast i det vide og det breide og søndag 16. september er det dei mjuke trafikantar som skal innvie tunnelen. Det vert tunnelmarsj, gudstjeneste og utstillingar av ymse slag. Gratis kake og kaffi vert det også.
Og der skal då eg delta i regi av Postkjellaren  i lag med resten av aktørane på Bjørke, med ei utstilling for å vise fram kva bygda har å byde på.


 Eg har ikkje hatt tid til å produsere så mykje nytt, men litt har det vorte. Blant anna denne overallen/buksedressen i str. 2 år. Det er så utruleg moro å sy desse dressane.  Å få lov til å leike seg med fargar og søte stoff gir meg enormt mykje glede. Det skjønne barnestoffet kjøpte eg HER . Overallen er 100% gjenbruk. Alle stoff har levd eit anna liv før.


Kunne tenkt meg meir av dette ja....




Denne veska er laga av ei sofapute frå bruktbutikken. Synest fargane var veldig fine, herleg kombinasjon.



Slik såg den ut før den vart veske. Veska har fått glidlåslukking og ei mobillomme innvendig.




 Denne veska vert også med.....



.....og the Ugly family som eg skreiv om HER får også vere med.



Nokre barnekjolar og litt anna frå Postkjellaren tek eg også med meg.

Det er visst venta mange tusen mennesker  i tunnelen denne dagen så det vert veldig spennande !
Veret treng vi heldigvis ikkje bekymre oss over sidan det skal vere inne i tunnelen. Og bra er det for dei siste par vekene har det vore ganske så våtsamt her. I dag tidleg var nysnøen komen ganske langt ned i fjella. Huff, synest hausten kom veldig brått i år.
Håper veret er bedre der du er!

                                                 Helsing frå Alva.


4 kommentarer:

  1. Så spennende med et slikt tiltak - du har sydd mye fint så salget kommer nok til å gå godt. Håper du får tid til å ta noen bilder i tunnelen også :)
    Veldig gøy å se den fine buksa du har sydd av barnestoffet :)

    SvarSlett
  2. Sikke en fin kjole med postmand Per - rigtig sjov idé og meget fin sammensætning af stof.
    K.h.
    Christina

    SvarSlett
  3. Det vert sikkert ei kjempefin hending! :) Eg skulle ønskje eg ikkje budde så langt unna. Men vonar du kjem til å leggje ut mange bilete her i ettertid så eg får sjå ;)
    Lukke til med salet, eg er sikker på det kjem til å gå unna mange av dei kanonflotte tinga du tryllar fram på symaskina :) Eg skal tipse mamma og elles andre kjende der heime ;)
    Mvh, KristiN

    SvarSlett
  4. Så fine vesker og ugler :) Ja alt du har vist i dette innlegget var fint <3
    Ønsker deg en riktig så god helg og håper fin været er med dere :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no