søndag 16. september 2012

Slik gjekk det i Kvivstunnelen


Tusenvis av mennesker fann vegen inn i Kvivstunnelen i dag! Det var ein jamn straum stort sett heile tida og veldig mange stoppa opp og beundra den flotte standen vår og kika på det vi hadde stilt ut. Handel var det så som så med, men det var vi førebudde på. Det viktigaste var å få vist seg fram, særleg til dei "nye" naboane på andre sida av fylkesgrensa. Og det fekk vi verkeleg gjort også!



Det er vanskeleg å ta gode bilde inne i ein mørk tunnel, så kvaliteten er heller dårleg. Fekk teke nokre bilde tidleg, men etterkvart vart det så mykje folk at det vanskeleg å ta bilde utan at det kom nokon i vegen.



The Ugly family var meget sjokkerte over å verte plassert i ein koffert laaangt inne i ein tunnel så dei sat musestille og turte ikkje å flytte blikket ein einaste gong. Men mange kika på dei og synest dei var morsomme. Og dei fekk ingen ny heim så dei bur framleis på sofaryggen her hos meg.



 Twist er populært. Vart fort tomt i korga sjølv om det var gratis både kaker og pølser....



Utstillinga er ikkje heilt ferdig her men seinare var det så mykje trafikk forbi at det vart umuleg å ta bilde.


Fru My var ei av damene eg stilte ut saman med. Ho syr dei nydlegaste kjolar og tøffe vesker og så er ho ein resar med strikkepinnane. Til og med inne i tunnelen strikka ho.! Fru My har nett laga seg blogg så der kan ein etterkvart få sjå alt det fine ho lagar. Bloggen finn du HER 



Det var kjøleg i tunnelen så vi måtte kle oss godt. Ullstillongs måtte til...
Her er eg saman med to av dei andre damene eg var saman med. Eg i kvit jakke.
Det var ei kjekk oppleving og ein triveleg gjeng å samarbeide med. Så eg er veldig nøgd med dagen sjølv om eg ikkje selde så mykje.

Legg ut lenkje til nettsida til lokalavisa Sunnmørsposten
Der er jammen meg bilde av standen vår også!


Det har stri-regna i heile dag også så elvane er enormt store. Må berre ta med eit par bilde frå Bjørke teke i ettermiddag:


Dette er Tyssefossen. Normalt ser den ut slik som på bildet som ligg på høgre av bloggen. No ser den slik ut... Vill, vakker og skremande....


Her nærmar Tysseelva seg utløpet til sjøen. Rett nedom det raude uthuset ligg bardomsheimen min og Postkjellaren.  Det var skremande å stå på brua og ta bilde, for det var eit vanvittig bulder av elva!
No håper eg verkeleg at det sluttar å regne snart for dette byrjar å tære på.....

Ynskjer alle ei fin og  regnfri veke!

                                                 Helsing Alva               


4 kommentarer:

  1. Flotte bilde,produkt og utstilling!!!Men skremande m fossen!!Tenke på våre to kjere(finkje ae)der inne. Klem frå storesystå.

    SvarSlett
  2. Takk kjære syste!(æ-en er ved sidan av ø-en ;) )Ja den fossen er ikkje god no. Men dei passar vel på dei som har med det å gjere;)

    SvarSlett
  3. Kjempefin utstilling og masse fint har du. Fekk ikkje ta turen denne helga, men har tenkt meg innover til opninga. Fossen var vakker, men det er nok regn no. (Hei til storesystå)
    God natt og klemz Unni

    SvarSlett
  4. Hei Alva,
    Superfin utstilling......viktigaste er ikkje å få storsalg kvar gong men å få vise seg fram :) Mykje fint du hadde!!!
    Naturkreftene er voldsomme og imponerande å sjå på.
    Skal ha meg ein tur på nyeautostraden snart sjølv også....gled meg.
    Har sett meg rundt i bloggen din mykje fint...alt saman forresten. Kreativ og flink dame.
    Ha det godt.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no