onsdag 5. september 2012

UGLER I MOSEN 2

I kveld har eg jammen lært mykje om ugler! Og så har eg lært at uttrykket "Ugler i mosen" eigentleg er dansk og tyder noko heilt anna enn det vi trur! Ugle er eigentleg ulv - og mose er myr..... altså" ulver i myra"..... Og på norsk har det då vorte "ugler i mosen". Ja ja eg synest det er eit fint uttrykk eg då - same kva det enn tyder....


 Det  var ein triveleg kveld, men desverre litt dårleg frammøte. Ruskevèr og andre arrangement må nok ta skulda for det. Og dei som ikkje møtte kan angre, for kveldens hovedgjest, ugledama Turid Breidalen frå Måløy var berre fantastisk å høyre på!  Ho samlar på ugler i alle variantar og har over firetusen i samlinga si! Ho har vore med både i Norge Rundt, Antikviteter og snurrepiperier og "Norges herligste".


Sjekk smykket hennar då!
Dama er eit fantastisk muntrasjonsråd og dei 40 minutta ho var i aksjon gjekk som ein røyk. Ho skriv også fine dikt og har gitt ut fleire bøker. Nokre av dikta er tonesett så ho har også gitt ut CD -plater.

Ugler i hopetal og i alle variantar....




 Herlig!




 Nydeleg uglebilde laga av Gry Løvoll  , og ugle i dekorasjonen - sjølvsagt i lag med mose....


.....og til og med uglekake - ei fantastisk eplekake.......


 ......og fantasifulle uglemuffins.

Fekk selt nokre produkt, sjølv om der var lite folk og det er eg veldig fornøgd med. 
"The Ugly family" som eg skreiv om HER fekk vere med meg heimatt, for dei var det ingen som ville ha.
Men to av veskene vart selde.

Den 16.september skal eg vere ein ny plass, det vil eg skrive om seinare. Men det handlar definitivt ikkje om ugler!

Ein strålande torsdag til alle! Her på nordvestlandet har vi hatt den fyrste hauststormen.


Klem frå Alva


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no