mandag 3. september 2012

UGLER I MOSEN PÅ KAFÈ "FRU SVENDSEN"


Fyrste onsdag  kvar månad er det kveldskafè på Fru Svendsen i Ørsta. Det er ei venegruppe til kafèen som arrangerer desse kveldane. Det er ulike tema og underhaldning alt etter årstid og kva som elles kan vere aktuelt. Og komande onsdag er altså temaet "ugler i mosen".


Her i dette flotte hovedhuset til Svendsengarden, midt i Ørsta sentum held Fru Svendsen til. Huset er bygd rundt 1870 og er ein staseleg sveitservilla som nesten er verdt eit eige innlegg. No er faktisk dette også min arbeidsplass, så det er ikkje utenkjeleg at eg skriv meir om det ein gong seinare.

Men så tilbake til uglene......
Onsdag skal eg altså delta på kveldskafèen med nokre ugleprodukt i lag med andre lokale kunstnarar .

Så lat meg då få presentere denne uglefamilien - eller the Ugly family som dei er døypte her i huset etter å ha stått på utstilling på sofaryggen i stova nokre dagar.....


Til høgre har vi den litt "skjøgle"(= sjeløyd) uglefaren Ulf. Ved sidan av, litt himlande i blikket står uglemora Ulla. Dottera Ulrikke skular bort på mor si, medan broren Ulrik  helst vil vere for seg sjølv.

Om nokon skulle vere i tvil, så er det altså puter.
Denne uglefamilien skal få vere med meg på kveldskafè onsdag, så får vi sjå korleis det går med dei.
Med på lasset vert også litt fleire ugleprodukt, blant anna uglegryteklutar og sjølvsagt nokre uglevesker.








Her har eg gjort ein vri og applikert på ei ugle frå dette stoffet frå Jysk:


Herleg stoff, men desverre halvt syntetisk. Men til vesker er det greit synest eg. Har også fora den svarte veska med dette stoffet.




Til slutt tek eg med eit par av uglegryteklutane:


Har fleire variantar av dei. Desse er laga av stoff frå kjøkkengardiner frå  70-talet. Synest det gjorde seg som ugler!
Alt dette og meire til vert alså til salgs på Fru Svendsen onsdag 5.september. Ope frå kl.19.00

Ynskjer deg ei flott haustveke,håper du ikkje vert uglesett!

                                                      Helsing Alva

6 kommentarer:

  1. Haha! "The ugly-family" !!

    SvarSlett
    Svar
    1. Heia Silje! Så kjekt at du kommenterer då;) Så du likte the Ugly family altså:))

      Slett
  2. Wow...ej viste ikkje du at du var fotograf/sydame/bakker/blomster dame+++++. Her var det masse fint!! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Chenoor,det var koslig:)Takk skal du ha! He he , eg er som poteta eg veit du, kan brukast til alt;)
      Håper det er bra med deg.
      Klem.

      Slett
  3. Så gjennomført - mange fine ugleprodukter :)

    SvarSlett
  4. Så fantastisk mange flotte ugler - i lange baner. Du er jammen kreativ og flink! :)
    Lukke til med salet :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no