Det er ikkje mykje eg strikkar. Ikkje fordi eg ikkje kan det eller ikkje likar det, men fordi armane mine ikkje likar det. Så skal eg strikke noko må det vere små prosjekt og så må eg gjerne bruke litt tid på det. Noko eg MÅ strikke av og til er tøfler som eg tovar.
Eg har heile mitt liv vore plaga med kalde føter og har hatt problem med å finne noko som kan varme desse istappane mine. Men endeleg har eg funne løysinga på problemet : tova tøfler! Superenkle å strikke og suuupervarme og gode!
Når eg set på syrommet og syr vert eg fort kald på beina. Men etter at eg byrja med desse tøflene har eg ikkje frose på føtene ein einaste gong! Minuset er at dei er som ein støvsugar på trådrestar - så eg må plukke dei reine før eg forlet rommet eller så finn eg trådendar over alt i huset........(Nokon som kjenner seg att?)
Til størrelse 38-39 legg eg opp 54 m.på pinnar nr.6 og strikkar rillestrikk til det måler 18 cm. Feller så av 4m. i kvar side og strikkar 17 cm. til. Så byrjar fellinga: strikkar 2m. vanleg og to sammen ut pinnen og så to omgongar vanleg. Så 2 m. vanleg og 2 sammen igjen og 2 omgongar vanleg. Strikkar så 2m. sammen pinnen ut og trekker tråden gjennom.
Så er det berre å sy sammen i buen og bak. Hivast i vaskemaskina på 60gr. i lag med ei dongeribukse og ein dæsj grønsåpe. Bruk eit vanleg vaskeprogram, ikkje ullprogram eller finvask.
Her er garnet eg brukte, pt3 frå Sandnes. Det gjekk med tre nøster.
Når dei er ferdig tova strekker og formar eg dei til dei er passelege. Mine vart litt store så dei fekk ein omgong til i vaskemaskina, då på 40gr. La dei gjerne vere litt små, for dei går litt utover når dei vert tekne i bruk.
******************************
Sidan det har vore så stor interesse for dette innlegget så legg eg ut oppskrift på fleire størrelsar også. Det er tydelig at det er mange som ynskjer å strikke og tove tøfler:) Veldig kjekt!!
Str. 36-37: legg opp 52m. strikk 17.5 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 15,5 cm. fell som før beskreve
Str.34-35: legg opp 50m. strikk 17cm - fell 4m.i kvar side, strikk 13.5cm. fell av som før
OPPDATERING:
No har eg fått tak i oppskrift på fleire størrelsar så her kjem dei:
Str.32-33: legg opp 47m, strikk 16,5cm. - fell 4m. i kvar side, strikk 12,5 cm. fell som før.
Str.30-31: legg opp 46m. strikk 15 cm. - fell 4m. i kvar side, strikk 11,5 cm. fell som før.
Str.28-29: legg opp 45m. strikk 14 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 10 cm. fell som før.
Str.26-27: legg opp 43m. strikk 13 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 9,5 cm, fell som før.
Str.24-25: legg opp 42m. strikk 12,5 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 9 cm, fell som før
Str.22-23: legg opp 40m. strikk 11 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 7 cm, fell som før.
Str.18-20(baby) legg opp 38m. strikk 10 cm.- fell 4m. i kvar side, strikk 6 cm.fell som før.
***********************
Fekk oppmoding om å legg ut oppskrift på større størrelsar også så då gjer eg det:
Str.40-42: legg opp 56m, strikk 18,5cm. - fell 4m. i kvar side, strikk20 cm. fell som før.
Str.43-44: legg opp 58m,strikk 19cm - fell 4m. i kvar side, strikk 22 cm. fell som beskreve lenger oppe.
Str.45-46: legg opp 62m. strikk 20cm.- fell 4m. i kvar side, strikk 24cm og fell som til dei andre str.
Har tidlegare fått spørsmål om garnmengde. Eg har strikka kun str. 38-39 og 43-44.
Til damestr. brukar ein ca. 3 nøster og til herrestr. 4. Andre størrelsane veit eg desverre ikkje.
Helsing Alva.
PS. Får veldig mange spørsmål knytta til desse tøflene. Veldig hyggelig at så mange finn vegen innom bloggen min og til denne oppskrifta. MEN : eg er ingen ekspert på toving eller strikking for den saks skuld.... og dette er ein syblogg. Eg har svart på spørsmål etter beste evne og etter egen erfaring, men er som sagt ingen ekspert. Når det gjeld korleis ein går fram med tovinga står det forklart, elles er det berre å prøve seg fram. Les gjerne gjennom kommentarane, kanskje står det svar på akkurat det du lurer på der. Her er oppskrift på alle størrelsar, men dei står litt her og der ettersom eg har oppdatert med nye størrelsar etter ynskje frå dykk!
Lukke til alle saman!
Dette er så enkelt at ALLE greier det:)
PS. Får veldig mange spørsmål knytta til desse tøflene. Veldig hyggelig at så mange finn vegen innom bloggen min og til denne oppskrifta. MEN : eg er ingen ekspert på toving eller strikking for den saks skuld.... og dette er ein syblogg. Eg har svart på spørsmål etter beste evne og etter egen erfaring, men er som sagt ingen ekspert. Når det gjeld korleis ein går fram med tovinga står det forklart, elles er det berre å prøve seg fram. Les gjerne gjennom kommentarane, kanskje står det svar på akkurat det du lurer på der. Her er oppskrift på alle størrelsar, men dei står litt her og der ettersom eg har oppdatert med nye størrelsar etter ynskje frå dykk!
Lukke til alle saman!
Dette er så enkelt at ALLE greier det:)
Om det likevel er noko du lurer på og ikkje får til å kommentere her
kan du sende ein mail til postkjellaren@hotmail.no eller sende ei melding på facebooksida til Postkjellaren: https://www.facebook.com/Postkjellaren?ref=hl.
og så svarar eg etter beste evne.