søndag 21. oktober 2012

GRØNN SISSEL


Etter at eg fann fem asjettar av grønn Sissel frå Figgjo (det kan du lese om her ) har eg stadig vore på jakt etter fleire delar til dette serviset. Og aller helst ynskjer eg meg tekoppane for eg likar så godt fasongen på dei. Men det er sanneleg ikkje lett å finne. Ser av og til desse koppane på nettauksjonar, men til slike prisar at det ikkje er aktuelt. Av og til dukkar det opp andre delar og nyleg kom vi over ei mugge og ei fløytemugge på ein nettauksjon. Prisen var grei og jammen vann vi bodrunda! Eg seier vi for det er husbonden som er eksperten på dette. Han er ein resar på å vinne bodrunder........


 Denne mugga var mykje større enn eg såg føre meg! Elskar fasongen på den...........




Her i lag med fløytemugga. Eit par tefat  i ulike størrelsar fekk vi også sikra oss.......Det minste passa perfekt til fløytemugga.



Dei søte koppane fann eg på bruktbutikken i sommar. Det skreiv eg om her. Dei er også frå Figgjo, men manglar asjettar. Så enn så lenge brukar eg Sissel-asjettane til sidan eg ikkje har koppar til dei. Dette er jukseblogging på sitt beste, bordet er dekka kun for fotografering.......




 Fall fullstendig for desse koppane, klarte ikkje å gå i frå dei. Synest dei er så søte.......









Har nokre delar til blå Sissel også, blant anna dette søte påleggsfatet. Men i dag er det verdens beste gulrotkake som ligg på.

Tusen takk for alle fine kommentarar på dei siste innlegga! Eg er så rørt over dei gode orda dokke legg att! Det gledar meg og inspirerer meg veldig!!

Og  hjarteleg velkomne til nye fylgjarar!

I dag har eg fått brukt litt tid på syrommet! Med nyaste plata til Vamp i cd-spelaren gjekk det unna!
"Liten fuggel" må vel vere ein av dei finaste songane som er laga vel!??  Kan ikkje høyre den utan at tårene kjem eg..... Det er noko med den songen som treff meg så inderleg........ Mulig det har noko med livssituasjonen vår å gjere ..... veit ikkje heilt ......

Kva eg har laga får eg vise i neste innlegg. Må få teke litt bilde i dagslys først. Men kan sei så mykje at det handlar om både prikkar og hjerte ............

Fin søndagskveld ønsker eg deg!

                                                Klem frå Alva



 


2 kommentarer:

  1. Hei :-)

    Tusen takk for koselig kommentar :-) Og takk for at du la igjen spor ellers hadde kanskje ikke jeg funnet deg :-)

    Utrolig fin den grønne serien der :-) Og søte kopper :-) Legger meg til som følger hos deg også jeg :-)

    Ønsker deg en flott ny uke :-)

    SvarSlett
  2. Heise det kor mykje fint du har funne...og kor heldige dåkke var som vann auksjonen. Samlinga veks når husbonden får boltre seg i auksjonsverdenen....flotte greier :)
    Gulrotkaka er aldeles fristande....kjenner vatnet i munnen mmmmmmm.
    Gled meg til å sjå prikka / hjerte kreasjonen.
    Ha ei flott ny veke Alva, Klem.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no