fredag 19. oktober 2012

KLE TIL EI LITA SNUPPE


Huskar dokke dette innlegget  om alle dei fine retrostoffa eg fekk i hende?  Omsider har eg fått sydd nokre plagg til den vesle jenta og fått levert dei. Så då kan eg endeleg vise kleda!


 Overall sydd i ny mørkeblå babycord. Det grøne stoffet er frå ekte retro kjøkkengardiner. Likte veldig godt denne modellen frå Symagasinet.



Og så dette aldeles skjønne dynetrekket -  det måtte det sjølvsagt verte ein søt kjole av. Limegrønt polkadottstoff vart prikken over i-en synest eg. Det synest heldigvis mora til jenta også.


 Har dokke sett noko så nydeleg? Er heilt forelska eg..........





Alle stoffa i denne kjolen er frå dynetrekk. Det med sommarfuglar på er frå bruktbutikken. Det passa perfekt i lag med det småblomstra! Eit av mine favorittstoff, eg er veldig svak for blått og turkis.....



To snurreskjørt vart det også, i skikkelege gladfargar. Kjekke og raske å sy desse skjørta, trur absolutt det vert fleire slike!



Håper den vesle jenta er fornøgd med dei nye kleda, trur iallefall mora er det.....

Minner om at eg har ein "gje vekk" her . Har du lyst på ei romsleg skulderveske må du melde deg på!
Ikkje så mange som har meldt seg endå.......

Og så er det jammen meg helg igjen! Lurer på om det er berre mandagar og fredagar i vekene no for tida eg ...????

God helg til alle der ute!

                                    Klem frå Alva.


6 kommentarer:

  1. Hei Alva
    Så flink du har vært og sydd glade og frodige klær til ei lita jente! Min favoritt er den grønne kjolen. Glad helg til deg!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett
  2. Mange flotte barneklær - jeg elsker de herlige buksene med grønne kløver! Fin helg til deg :)

    SvarSlett
  3. Herlige barnekle! Den grøne kjolen var aller finast:)

    SvarSlett
  4. Vi er bære så fornøgde med kleda,du er kjempe flinke :) gler oss til å ta dei i bruk :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk skal du ha,Ingunn:) Bra dokke er fornøgde:))
      God helg til dokke begge;)
      Klem.

      Slett
  5. Ja, eg hugsar det innlegget og eg kjenner mora til veslejenta :)
    Du er berre så flink med symaskina...for nokre flotte plagg du har kreert. Eg er mållaus...du har no ideane også. Kjempefint Alva!!!!
    No er det vel endelig helg for deg og så nyt Søndagen.
    Klem frå meg.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no