mandag 1. oktober 2012

PÅ TUR GJENNOM KVIVSTUNNELEN




Som dei fleste sikkert har fått med seg er eg over gjennomsnittet glad i å ta naturbilde. Den hobbyen deler eg med husbonden og med jamne mellomrom dreg vi på fototurar i lag. Som eg har nemnt tidlegare har han ein alvorleg sjukdom og orkar difor ikkje så store fysiske utskeielsar. Han har det ganske bra, men vert fort sliten. Og sidan framtida er uviss prøver vi å gjere hyggelege ting i lag medan han orkar det. Det er ikkje noko vi går rundt og tenkjer på heile tida, men det ligg der likevel i bakgrunnen.... Køyre bil er noko han både likar og orkar, så difor er det oftast det vi gjer saman. Søndag drog vi på ein slik tur. Og kva var vel meir naturleg enn å teste Kvivstunnelen og sjå korleis det ser ut på andre sida, i Hornindal.

Håper de ikkje er alt for lei av å sjå naturbilde for her kjem eit lite ras.....




Desse to bilda er teke på sunnmørssida av tunnelen, like ved Fyrde i Austefjorden.



 Så har vi komt oss gjennom tunnelen og etter ein sving innom Grodås køyrde vi opp gjennom dalen i retning Hellesylt i håp om å kunne fange fine haustfargar med kameralinsa.


 Og sjå berre kva vi fann! Ikkje berre dei nydelegaste haustfargar men også ei vakker gammal steinbru og eit flott naturområde!


 Det majestetiske fjellet i bakgrunnen heiter Hornindalsrokken, eller Honndalsrokken på folkemunne.





Den solide brua heiter Honndøla bru.
Kaffi og god niste vart innteke ved den fredelege elva. Berre nokre fuglar underheldt oss med vakker song på andre sida.

 Her er eit av naturens meisterverk brukt som endestein på brua.


 I den koslege vesle bjørkelunden vaks desse vakre soppane. Men berre til å sjå på........




Slike turar gir påfyll til både kropp og sjel . Så får det heller vere at eg helst burde vore heime og gjort meir "nyttige" ting - dette er meir nyttig enn noko anna. Alt det andre kan eg gjere seinare.

                                                    **************************

Eg lovar å kome med eit nytt syinnlegg snart, må berre få sydd litt først.............

Fin mandagskveld og god ny veke til alle. Husk å ta vare på kvarandre.

                                                       Klem frå Alva




5 kommentarer:

  1. Det vil jeg vet du ;O) Komme innom deg.

    Nyyyydelig! Har du sett? Vi får bare nyte.

    SvarSlett
  2. Så flotte naturbilder, og så hyggelig å ha en slik hobby til felles med mannen. Den jettegryta (?) er skikkelig tøff.
    Det er ikke noe kjekt å slite med helsa - det må være det vanskeligste som finnes. Håper det er bedring i sikte.
    Klem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Veit ikkje om det kallast jettegryte eller det har eit anna namn. Men det er vel danna på same måte som ei jettegryte. Kanskje vi kan kalle det ein jettering:D
      Stilig er den i allefall.

      Slett
  3. Slike turar og flotte bilde vert eg aldri lei av.......dei er kjempelekkre. Nydelig natur og flotte fargar....her er det berre å lene seg bakover og drøyme seg vekk.
    Viktig å ta seg tid i lag å oppleve desse herligheitene. Nyt turane i lag med husbonden og kos dåkke masse masse i lag. Det er det som er viktig....det andre spring som regel ikkje ifrå.
    Eg har rulla meg ned på bloggen din og eg nyt desse naturskjønne bilda.....vil sjå meir eg :)
    Har foressten kjøyrt Kvivsvegen sjølv. Tenkte eg skulle ta litt bilde men det gjekk så rasande fort. Visste ikkje ordet av det for vi var framme :D Det var jammen ei flott strekkning.
    Ha det fint og nyt tilværelsen!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, MarJE:) Det var hyggelege ord. Fine bilde inne hos deg også:)
      Fantastisk til haustfargar i år.
      Kvivsvegen er ein ny verden. Når berre resten vert ferdig så er det berre ein svipptur til både Bjørke og Stryn. Fantastisk.....

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no