torsdag 22. november 2012

Då syster mi vart henta av heksa......

Som eg fortalte i forrige innlegg så har eg ei syster med ganske så livleg fantasi. Ho er fire år eldre enn meg og eg såg veldig opp til henne og trudde sjølvsagt på alt ho sa! No skal det seiast at eg er ganske lettlurt, det er mange som har hatt mykje løye med det.......


Eg veit ikkje kor gammal eg kunne ha vore då denne historia dukka opp, men eg huskar den iallefall veldig godt! Sikkert fordi den gjorde eit sterkt inntrykk på meg!

Syster mi fortalte meg nemlig at ho hadde vore på Bloksberg!
"Og korleis kom du deg dit då" ville eg vite.
"Jau, heksa kom og henta meg og så fekk eg sete på med sopelimen hennar" kunne ho fortelje meg.
Eg var litt tvilande til denne historia så eg spurde om ikkje mamma og pappa hadde merka at ho var vekke. For dei hadde ikkje sagt noko om dette til meg.
"Neida, dei merka ingenting for heksa kom om natta då alle sov"
"Jammen, viss dei vakna og såg at senga di var tom då?"
"Heksa la att ein lapp på puta mi slik at dei skulle vite kvar eg var." Ho hadde visst eit svar på alt,
så no var eg endeleg overbevist.
Eg lurte på korleis det såg ut på Bloksberg .
Og då kunne ho fortelje at Bloksberg var eit stort, høgt berg dekt av berre mose og så var det hav rundt på alle kantar. Og det var fullt av andre barn der.
Så ville eg vete kva dei fekk til mat og drikke.
"Nei, mat fekk vi ikkje, og skulle vi ha drikke måtte vi lage oss koppar av mose og gråte tårer nedi og drikke dei". Stakkars ungar, då var eg jammen glad eg ikkje vart henta av heksa!



"Kor lenge var du på Bloksberg då"  ville eg vete.
" Eg var der i mange dagar, men egentlig var eg vekke berre ei natt"
Dette var litt vanskelig å forstå, men eg godtok det svaret også....
Før morgonen grydde så skyssa heksa henne heimatt på sopelimen, inn gjennom eit ope vindu og oppatt i senga utan at ei sjel hadde merka at ho hadde vore vekk. Det synest eg var godt gjort!

Så slik er historia om då syster mi vart henta til Bloksberg av heksa!
I mange mange år trudde eg at dette var ei sann historie. Eg funderte veldig på det, og laga meg bilde i hovudet av både heksa og Bloksberg.....

Då eg for nokre år sidan fann mønster til dette veggteppet i ei av bøkene til Lise Bergene visste eg med ein gong at eg måtte lage det til syster mi. Tittelen på det er " Til Blokksberg" og kunne ikkje passa bedre! Ho fekk det i bursdagspresang, og det vart veldig godt motteke. Det heng i stova hennar, over sofaen!

Må legge til at syster mi er utdanna førskulelærar og det er mange barn og ikkje minst kollegaer som har nytt godt av fantasien hennar!

Takk skal du ha R.! Verden hadde vore fattigare utan deg! Du er unik!

                                  Stor klem frå Alva

6 kommentarer:

  1. For en herlig historie. Jeg skjønner godt du trodde på den. Det teppet passet helt perfekt til den fine historien også.
    Innlegget ditt får meg til å ønske jeg hadde hatt ei søster :)

    SvarSlett
  2. Håper du ikkje fekk skade på sjela stakkars syste.Prøvde nok å live opp tilværet der ute på landsbygda.Eg fekk iallfall eit fint bilete. Får håpe det dukkar opp fleire historier, hehe.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei skadane eg måtte ha på sjela trur eg ikkje du har forårsaka ;) Du liva iallefall opp tilværet den gong og det gjer du framleis! Du er super!
      Klem frå meg:))

      Slett
  3. Å den systå also, for ei lure.Men ho er toppers og alle tiders :)) Historia er veldig god.Ho må tenke på bokutgivelse med ein slik livlig fantasi.
    Historieprisen har ho allereie fått utdelt i det nydelige veggteppet du har laga til ho. Kjempefint er det.
    Ha ei god fin helg. Lykke til med Julebutikken igjen Laurdag!!
    Klem frå MarJE

    SvarSlett
  4. Hei :-)

    Så flott innlegg om en flott søster :-) Herlig historie :-) Nydelig veggteppe!

    Ønsker deg en flott helg :-)

    Klem

    SvarSlett
  5. Koselig historie om søstra di:) Fint bilde du sydde til henne og så trivelig hun har det over sofaen:)
    klem Trine:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no