tirsdag 13. november 2012

HEKTA PÅ STRIE



Eg har visst forelska meg i strie! Ideen til desse stjernene kom plutselig dettande ned i hovudet mitt i dag.... Og no som eg egentlig var ferdig med alt eg skulle lage til julebutikken.... Men når ein ide kjem så må den berre prøvast, og desse var raske og enkle å lage. Har ein plan med dei til utstillinga....



Brukte opp all strien eg hadde funne på bruktbutikken så då var det berre å hive seg i bilen for å sjå om der var meir å finne. Og av og til står lykka den kjekke bi - eit heilt plastnett med strie - under reolen låg det, måtte ned i kneståande for å få fatt i det! Synest de ikkje at de ser meg, krypande på golvet i bruktbutikken for å drage fram posen?!! Har funne ut at det er lurt å kike under bord og reolar, det er ofte der godbitane ligg.....



Har også sydd krydderhjerta med brun tekst og tråd - likte det nesten bedre enn med raudt. Dei kan du sjå her .

I morgon skal julebutikken lagast til, det vert spennande! Spent på å sjå kva dei andre har laga. Bilder kjem etterkvart. Det er berre litt håplaust å ta bilder denne tida når lyset er fråverande.....

                                                            *********************

Til dei som har prøvd eller har tenkt å prøve oppskrifta eg la ut på tova tøfler, no har eg oppdatert med fleire størrelsar, heilt ned til baby! Supert til julegåver, raske å lage. Innlegget finn du her .

Så vil eg nytte høvet til å sende ei varm takk til dei trufaste som legg att kommentarar hos meg!
Eg set umåteleg stor pris på det! Det er så inspirerande! Takk skal de ha:))

God onsdag til deg!

                                        Helsing frå Alva.

4 kommentarer:

  1. Heisann !!!
    Å kor fine og ikkje minst koselige strie pynt du har laga.
    Er det ikkje slik då...vil ein ha noko spesiellt må ein leite både høgt og lavt og av og til ligge skinnflate å grave :)) Supert at du fann strie.
    Foto lys på denne tida er ikkje noko å rope hurra for men ser god kva som er på bilda.....det er det som er det kjekkaste synest eg :D
    Supert med oppskrift på tovatøfflene...desse skal eg lage både til liten og stor. Tusen takk Alva.
    Natta klem frå MarJE ( hysj eg er på nattevakt )

    SvarSlett
  2. Kjempefine !
    Skikkelig god gammeldags julestemning gir disse :)
    Ja hvis man leter grundig så finner man ;)

    Ha det fint
    Janne

    SvarSlett
  3. Hei :-)

    Så fine :-) likte spesiellt godt stjernene :-) Nostalgisk :-)

    Ønsker deg en fortsatt fin uke :-)

    Klem

    SvarSlett
  4. Flotte var dei:) Eg tok akkurat tova tøffler ut av maskina og dei vart veldig fine, strikka i restar etter julenisseproduksjon. Enklare kan det neppe gjerast - takk for oppskrifta. Eg tok meg forresten den friheit til å linke bloggen din på Strikkesida på FB.
    Klem frå Hadeland :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no