torsdag 15. november 2012

Julebutikken i Svendsengarden


Her kjem nokre bilde frå julebutikken.  Det står enno att litt detaljar, men det meste er på plass.




I denne bygninga tilhøyrande Svendsengarden i Ørsta held altså julebutikken til. Her i dette lokalet har det blant anna vore landhandel, bibliotek og bakeriutsal. Vindusutstillinga er ikkje heilt ferdig her.



Sjå på dette fantastisk flotte inngangspartiet! Men det er ikkje her inngangen skal vere, for her går det rett ut i ein sterkt trafikkert vei. Nei, inngangen vert her....

..... frå bakgarden til Svendsengarden.


Dette møter du når du kjem inn gjennom døra frå gangen. Masse flott handtverk!
Vi er sju kreative damer som er i lag om julebutikken. Lokalet er som skapt for ei slik utstilling! Sjå på dei nydelege veggane! Fargane går i gammelrosa, den nydelegaste lysegrøne farge du kan tenke deg og grått listverk. Her kunne eg nesten budd!


 Kjolar og strikkeplagg.....



 Bilde og barnekle...... "The Ugly family" er med , dei bor framleis i ein gammal koffert. Lurer du på kva the Ugly family er for noko kan du lese om dei her  og  her .



 Sjekk desse stilige grisane då.



 Smykker, glasfat, hekla huer......


 Puter
















Nydelig glaskunst.


Julebutikken opnar altså fyrstkomande laurdag og held ope kvar laurdag fram til jul frå kl. 11-16.
Kjem nok til å opdatere med fleire bilde etterkvart.

Håper dei som bor her i distriktet tek seg ein tur innom den flotte julebutikken vår!

                                               Helsing frå Alva

4 kommentarer:

  1. Mykje fint handarbeide her.Skulle gjerne ha vore der, men det let seg ikkje gjere, veit du. Lukke til:
    Helsing frå R.S.

    SvarSlett
  2. For et fantastisk flott, gammelt hus:) Mye fint håndverk her ja, Alva, håper dere får mange besøkende:) Liker striestjernene under her:)
    Klem fra Trine:)

    SvarSlett
  3. Hallo :))
    Her var det mykje flott arbeid og noko for ein kvar smak......skal selvfølgelig på besøk ein Laurdag.
    Huset er perfekt til Julebutikken......koselig.
    Lykke til med salget!!!!
    God fin helg, Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Åhhh eia var eg der - så mykje fint:) Lykke til med julebutikken alle 7 og god helg:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no