fredag 9. november 2012

NOSTALGI


Her i huset har det råda det totale kaos dei siste par dagar!
Som eg har nemnt før skal eg vere med på ein julebutikk i lag med nokre andre damer og den skal opne den 17.november. Så siste vekene har vore brukte til å produsere til dette formål. Synest det har gått litt tregt med produksjonen, har liksom ikkje hatt den heilt store ånda.....
I går byrja eg på den kjedelege jobben med å merke, prise og listeføre alt. For å få litt armslag bar eg alt inn på stova .... og eg bar og bar OG bar - frå syrom og frå kjellar..... å jøye meg, det var visst ikkje lite likevel! Katten kom inn og visste ikkje kvar han skulle gå - og bestemte seg likegodt for å legge seg OPPI ei korg med hjerte! Merkelig med kattar og korger.....

Eg elskar retrostoff og dei fantastiske fargane frå 60 og 70 talet. Men eg er også veldig svak for den meir nostalgiske stilen med sarte fargar og blonder.
Så i dette innlegget vil eg vise litt av det eg lagar i den stilen. Desse putene  likar eg godt å lage. Fin måte å få brukt gamle heklebrikker på.


 Nostalgiske hetter til Norgesglas. Englar passar bra sidan det går mot jul......



 Dårlig bildekvalitet, men bilda er tekne i kveldslys.......







 Denne julestrømpa vart eg veldig fornøgd med! Likar så godt den isblå fargen......

Så no er alt prisa og pakka ned og i stova herskar det orden igjen (nesten iallefall)
Vert nok litt meir sying framover for det er framleis nokre ting eg hadde tenkt å lage som eg ikkje har fått sydd endå. Men no kan eg berre kose meg framover og vite at det meste er i boks!

 
                                                            **********************
Har fått fleire spørsmål om kvar julebutikken skal vere. Den skal vere i eine sidebygninga til Svendsengarden i Ørsta. Kjem til å lage eit innlegg om det ut i neste veke når utstillinga er ferdig.
                                   
           
                                                             **********************

Men no er det visst natt snart!
Fin fredag ynskjer eg deg!

                                        Klem frå Alva



6 kommentarer:

  1. Forstår godt at stova vart full flotte handarbeid.....har no sett det at de ter ikkje småtterier du har fått til. Rart med det ein trur det ikkje er stort og så når ein skal samle det vert det mykje....kjekt det så har du rikelig utvalg.
    Nostalgien din er virkelig flott og så lurt å sette gamle hekla brikker på. Kjempefint.
    Brrr...eg frys. Har heldigvis vorte på pluss sidaigjen....eg har vorte ein frostpist :))
    Ha ei fin god helg Alva.
    Klem og kos frå MarJE.

    SvarSlett
  2. Selv om hjertet mitt banker for retromønstrene, så liker jeg også godt slike fine gamle bilder :)

    SvarSlett
  3. Hei :-)

    Fine nostalgiske ting :-) Ønsker deg en flott helg :-)

    Klem

    SvarSlett
  4. hei :)
    kor skal dokke ha julebutikk henn? :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingunn:)
      Julebutikken vert i sidebygninga på Svendsengarden:)
      Kjem til å lage eit innlegg ut i veka når vi har fått klar utstillinga;)
      God helg til deg:)
      No skal eg på jobb!

      Slett
  5. du lager så utrolige flotte ting, så jeg regner med at de kommer til å gå unna. Lykke til med salget:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no