søndag 11. november 2012

OLDEMORSPUTER



Eg har to gamle oldemorsputer som eg er veldig glad i og som betyr mykje for meg - for det er nemleg mi
oldemor som har hekla dei. Vi hadde dei i barndomsheimen min så det knyter seg mange minner til desse putene. Huskar vi hadde ein divan i stova, ein slik med fjører i som gjorde den utruleg god å hoppe på - vi spratt mest opp i taket. Det var vel den tids trampoline! Den var veldig god å ligge på også og der låg vi gjerne visst vi var sjuke. Og på denne divanen låg altså desse putene.


Dette var på 60- og 70 talet. Mi oldemor som laga desse putene døde i 1973, så eg trur dei må vere frå tidleg 60- tal. Då eg fekk dei i hende av mi mor for eit par år sidan var dei i nokså dårlig forfatning.
På puta til høgre på bildet under har eg hekla nytt alt det svarte ytterst og laga nytt bakstykke. På den andre er alt det svarte nytt og alle dei kvite omgangane. Her var bakstykket hekla så det var heilt og fint.
 
Det er så kjekt å ha slike gode barndomsminne liggande framme så eg kan sjå på dei kvar dag. Likar så godt fargane i dei, passar så godt om hausten.
Huskar godt oldemor, der ho alltid sat med spøtet mellom hendene og strikka sokkar til alle oldebarna. Ho hadde kvitt langt hår som alltid var tvinna opp i ein knute i nakken.  Det vanka alltid noko godt når vi kom på vitjing, som regel var det kandissukker frå ein spisspose(slike som hang i hop i eit tynt tau)eller kamferdrops om ho ikkje hadde noko anna å byde på.



Slik ser det ut i sofaen no,om sommaren har eg andre meir sommarlege puter her.. Puta i midten er redesigna av ei nydelig hardangersaumpute frå bruktbutikken, linstoff rundt kanten. Dei to andre har eg laga av koppehanddukar, trur dei er kjøpte på Kid.

I dag er det farsdag så då vert det kake og koslig besøk av dotter og svigerson.
Sender ei varm helsing til deg min kjære far. Passar vel bra med minner om "besta opp i garda" på farsdagen! Klem til deg, eg veit du følger med på bloggen!

Og god søndag til alle andre der ute også!

                                          Helsing frå Alva

4 kommentarer:

  1. Åååååå...for eit koselig innlegg.Ja, dette kjem far til å få varme gode kjensler av.
    Utrulig at putene har overlevd og er så flotte etter alle åra. Det var nok hardare bruk på putene før i tida. Då vart dei brukt til puter då (når middagskvilda skulle finne stad o.l )Skikkelig fine er dei og flott å ha liggande slike gode minne i sofaen sin.
    Flotte dei andre putene du har sydd også...du er så iderik som kjem på å både redesigne og lage av koppehandukar.
    Dette skal eg prøøøøøøøve å huske.....utrulig mykje inspirasjon i bloggane. Takk for tipsa :))
    God farsdagsfeiring!!!!
    Eg får besøk av den høygravide og samboen også til middag og kaffi...kjekt det:))
    Stor varm Klem frå MarJE

    SvarSlett
  2. No vart tankane sett i sving. Eg ser for meg heile stova og mi besta gode besta. Hugsa ikkje putene, men hugsa at i min barndomsheim hadde vi teppe som besta hadde hekla. Har aldri hekla oldemorruter sjølv, men har ei datter som er i full sving med oldemorruter. Har forresten strikka fleire par tøfler og tova etter di oppskrift. Veldig varme og gode! Så flink du er Alvhild skjøna ikkje at du får tid til alt. Bakar du lefse fortsatt?
    God søndag til deg og dine!
    Klem frå Unni

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Unni!
      Tusen takk for koslig kommentar! Så kjekt å høyre at du har laga tøfler etter oppskrifta eg la ut:) Det innlegget vart veldig populært, mange som let seg inspirere til å prøve dei:)
      Bakar desverre ikkje lefser for salg lenger, hendene har"takka for seg" ;)

      God søndag til deg!
      Klem frå meg:)

      Slett
  3. Så fint du skriver om dine besteforeldre - blir helt emosjonell her jeg sitter... Slike puter er flotte, og med de herlige minnene blir de enda finere :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no