lørdag 3. november 2012

RETRO-LYKKE!


For eit par dagar sidan fekk eg ein pakke i posten. Eg visste om den så det var ingen overraskelse, men eg var likevel veldig spent då eg opna den. For pakken inneheldt det ULTIMATE retrostoffet!


 To putevar, enno liggande i orginalpakningen! O for ei lykke! DETTE er hjertebank stoff det!
 Sjekk teksta: for det moderne hjem! Morsomt i dag.....


Eg er så heldig å ha ein svoger som elskar bruktbutikkar og har god nase for å spore opp slike også.
Og av og til finn han slike godbitar og då tenkjer han straks på meg! Er eg ikkje heldig vel? 30 kr. måtte han ut med for desse to. Som betaling skal han få noko sydd av meg, men han ville ikkje ha eit rosa snurreskjørt.... kan dokke begripe det????



Sjå på dette fantastiske mønsteret og dei aldeles nydelege fargane, eg dånar nesten!! Kjem nok til å tenkje meg nøye om før eg sette saksa i det. Det er litt stivt i stoffet så eg er spent på korleis det vert etter vask. Trur kanskje det kan verte ei skulderveske av det. Slik kvaliteten er no er det for stivt til barnekle men supert til veske!



Dette er vel 70-talet på sitt beste!


Og så er det laurdagskveld og helg igjen. Her har vi eit mildt og godt ver om dagen, nesten vårlig er det! Eg har ingenting i mot det, vinter er ikkje heilt mi greie.......

Dei rosa snurreskjørta er ferdige så dei kjem i neste innlegg.

God laurdagskveld og nydelig søndag til alle der ute!


                                             Klem frå Alva


3 kommentarer:

  1. Så heldig - skikkelig gøy å få slike! Jeg fant også noen putetrekk fra 70-tallet en gang - enda i plasten. Jeg ble helt varm da jeg fant dem. Go helg :)

    SvarSlett
  2. Fine! Ja, det må no vere drømmen å finne noko slikt. No er eg dessverre alt for sjeldan i bruktbutikkar, så sjansen er vel heller liten:(

    SvarSlett
  3. Heise det kor heldige du er som fekk deg slike godbitar. Kjekt med ein slik svoger....synest jammen han kunne kle seg opp med snurreskjørt på ein Laurdags kveld :)) Det hadde vorte greier!!
    Gled meg til å sjå både snurre skjørta og det du syr av desse putetrekka.
    Ha ein fin Søndag, Klem frå meg.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no