tirsdag 20. november 2012

UGLER I HAGEN.....



 Denne flokken med ugler kom flygande inn i hagen og landa i plommetreet!



 Her sit dei vaglande i vinden og mildveret og veit ikkje heilt kvar dei er komne......


 Ulfhild er litt blyg og småredd.....



 Grønn-Ulf er klar i blikket og veldig spent.....


 Uglfrid er visst sliten etter flygeturen.....



 Blågg- Ulf himlar med det blå blikket sitt og lurer på kva som skal skje.... Er det ei søt ugle-jente i sikte snart?







No har dei flytta inn på sofaryggen i påvente av å kome opp i kofferten til Ulrikke. Blågg-Ulf har høyrt rykte om den fine Ulrikke og gled seg veldig til å møte henne.

Synest du eg har livleg fantasi???? Dette er ingenting i forhold til storesyster mi.....
Ho har livleg fantasi ho!! Då vi var små dikta ho opp dei mest utrulege historier som ho fortalte til meg.
Og eg trudde sjølvsagt på alt ho fortalte.
Neste gong skal eg fortelle ei av historiene.... Og den foregår i reinaste Harry Potter stil.....


                                                                  ***********************


Lurer på kva dei tenkte karane som grov i bakken oppom huset vårt då eg sprang rundt i hagen med fargerike skapningar og plasserte dei opp i trea.... Ikkje kunne vel dei vite at eg er bloggedame og må ta fantasifulle bilde til neste innlegg.....(og ikkje veit dei vel kva ei bloggedame er for noko heller......)
Og dei av naboane som såg meg i aksjon fekk vel berre bekrefta sine mistankar - at ho der i nr.26 er temmelig sprø..........

                                                    MEN BRYR EG MEG OM DET?????  NEIIIDA!!!!!


Her er det 12 grader og mild fønvind! Deilig!!!!
Håper du også har det fint!

                                               Klem frå Alva

4 kommentarer:

  1. Hihi - ja, hva gjør man ikke for å få tatt noen fine bilder :)
    Så gøy å se igjen stoffene - du er flink til å lage slike ugleputer. Morsomt hvor mye knappenes plassering har å si for personligheten til ugla. Gleder meg til å lese neste historie :)

    SvarSlett
  2. Thi hi :)
    Ser deg levende for meg ;)
    Og for noen herlige navn du har på dem, flotte hele flokken !

    SvarSlett
  3. Hei Alvhild! For ein herleg blogg! Her er "stoff" nok til ei barnebok også trur eg;)
    Klem frå Beitt Karin

    SvarSlett
  4. No vart eg glad...godt at Ulrikke fekk besøk i kofferten igjen. Men obs! kan vel bli litt leven der nedi med slike nye beilarar :D
    Kjekt med litt livlig fantasi....systå har fantasien i orden enda ho, så no gled eg meg til historia du skal fortelle.
    Vart vel ingen fiber på karane som grov når dei skulle studere kva du flaksa rundt med i hagen (regna med det var den gjengen som grev opp heile bygda).
    Deilig tempratur, slikt kan vi like .
    Ha det godt, fin Torsdag til deg, Klem.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no