søndag 9. desember 2012

FØRJULSKOS


I dag har vi hatt ein skikkelig kosedag her i huset!
Starta dagen med å lage ein adventsdekorajon. Bedre seint enn aldri.....


Enkelt og greitt, heilt i min stil......


 Denne terrinen i sølvplett fekk vi i bryllupsgåve tidleg på -80 talet. Har aldri brukt den til det den er meint, men den er super å lage dekorasjon i. Det høyrer også med eit lokk i sølvplett.

Så fortsette dagen med julemannbaking i lag med dotter mi.


Her er oppskrifta vi brukar:

                                  JULEMENN

                                500g. sukker
                                250g. smelta margarin
                                5dl. mjelk
                                30g. (2ss.)hjortesalt
                                mjøl til passe deig
Må ikkje kjevlast for tynne. Steikast ved 200gr. ca. 10 min.
Desse vert litt tjukke og mjuke inni.


 Vi malar før steiking, då vert det mykje finare.....


 Steiking pågår......

Det er nokre ting som høyrer med når vi har bakedag før jul.
Noko av det viktigaste er denne CD-plata:

 Den har vi spelt i mange,mange år og er den finaste juleplata vi veit om!



Noko anna som er tradisjon er gløgg. Det må vi ha når julemannane skal smakast på.....
        Og så må vi ha levande lys på bordet.


 Dotter mi er nyforlova og romantisk så her har ho laga eit hjerte til seg og kjæresten.....



 Her er det ferdige resultatet, og dei smakte fortreffelig!
I tillegg laga vi cookies og kransekakestenger, og toppa det heile med brente mandlar.

Slike kosedagar som dette er gull verdt og det beste med heile førjulstida!

I dag synest eg teksta på tavla mi passa ekstra godt!!

Håper du også har hatt ein koselig søndag!

                                     Klem frå Alva

7 kommentarer:

  1. For en skikkelig kosedag. Gratulerer til dattera som har forlova seg. (Lurer på hvordan jeg har det når mine begynner å forlove seg .... :)
    Har aldri sett noen som maler før de steker - nå lærte jeg at det også går an :)

    SvarSlett
  2. Så koseleg førjulskos :)
    Takk for julemannoppskrift. Dei såg så gode ut at eg jammen må teste den seinare i kveld :) Og det var lurt å male dei før steiking - takk for tips :)
    Framleis fin adventstid :)

    SvarSlett
  3. Så flott adventsdekorasjon du har laget!
    Høres ut som dere har kost dere masse:)
    Og herlig kakemenn, de så virkelig lekre ut:)
    Den jule-cd-en har jeg også, bare må ha julemusikk når jeg baker til jul;)
    Ønsker deg ei flott uke!

    SvarSlett
  4. Hei :-)

    Så koselig innlegg :-) Kakemenn er godt :-) skal lage det denne uka vi også :-) smart å male de før steking! Takk for tipset :-) Oslo gospel choir hører med ja :-) elsker den cd til jul :-) Blir alltid noen tårer i øyekroken når jeg hører på den...

    Ønsker deg en flott uke :-)

    Klem

    SvarSlett
  5. Kor koselig det her såg ut, tante. :)
    - Charlotte

    SvarSlett
  6. Her var det virkelig mykje koselig som har foregått. For ein super ide å lage adventskrans i sølvplett skåla (var visst ikkje det den heite ).Har ei slik sjølv så no er ideen fanga :))
    Lurt å male julemannane før steiking....og artig med kjærleiksteikn på.Når eg og fjortisen heldt på å bake julemanna fekk vi besøk av ho vordande. Ho ville male og selvfølgelig vart det både eine og andre saken på dei. Då fekk fjortisen blod på tann og laga dei argaste utvekstane av deig.Utrulig kor kjekt og morsomt det skulle bli......
    Tavla di hadde ein super tekst og heilt sant :))

    Håper kvalma av mandeletinga har gitt seg :D

    Ha fortsatt ei trivelig adventstid.
    Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  7. for en trivelig stund dere har hatt!
    enig i at slike økter er kjekkest med hele jula..og julemusikken hører med!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no