onsdag 12. desember 2012

HUSK SMÅFUGLANE!


Berre eit kjapt innlegg frå meg no på formiddagen.....
Her vart det brått kaldt igjen, minus 9 viste målaren i dag tidleg.
I går kom det  også litt snø, så då er det på tide å tenkje på småfuglane.

Eg lagar enkelt og greitt fuglemat sjølv. Har hatt litt dårlig erfaring med dei ferdigkjøpte meisebollane, synest ofte dei surnar og fuglane vil ikkje ha dei. Dei heimelaga elskar dei!
Eg smeltar ein pakke matfeitt( eg brukar Flott matfeitt) i ei panne og tilset villfuglblanding, reinska solsikkekjerner, fuglenøtter, litt kokosmasse, litt havregryn og rosiner. Så fyller eg det på mjelkekartongar eller pappkrus. Festar ein taubit på ein liten pinne(brukar ein bit av ein blomsterpinne)og legg det i botnen før fylling. Strammar litt i tauet medan eg fyller slik at det kjem nokolunde i midten.
Så er det berre å la det stivne før eg fjernar pappen.


Så mykje vart det av dagens produksjon. Seinare idag skal det hengast ut i treet utanfor vinduet,
til glede for småfuglane og ikkje minst pus som har underhaldning i vinduskarmen innanfor!

Takk for alle koslege kommentarar på forrige innlegg:) Set stor pris på kvar og ein!

Ein strålande onsdag ynskjer eg deg!

                                        Helsing Alva

5 kommentarer:

  1. Dette er en fin oppskrift:) Vi tar ofte en dagstur til hytta vi, for å sjekke om det må fylles på fuglemat i fuglematerne:) Og det må det som oftest, leste at meisene hamstrer, så det forklarer hvorfor de tar all maten så fort:)
    Klem Trine:)

    SvarSlett
  2. Hei :-)

    Fint å lage slikt selv :-) Lager hjerter til hver jul :-) bruker delfiafett..hva slags fett bruker du? ser det står matfett..men ;-) hva slags matfett.

    Ønsker deg en flott onsdag :-)

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei:)
      Eg brukar det som heiter Flott matfeitt. Går sikkert like fint med delfiafeitt:)
      Har oppdatert det i innlegget i tilfelle fleire lurer på det same.

      Slett
  3. Sånn vil jeg også lage. Må ærlig innrømme at jeg ikke er så flink til å huske på det. Min far pleide alltid å mate fuglene da jeg vokste opp. Fint å lære opp de små også til å hjelpe naturen litt :)

    SvarSlett
  4. Hei!!!
    Ja slikt er lekkerbisken for dei små flaksande. Har laga i dag :)) så då blir det servering i morga her.
    Litt mildare ute no.....

    Ha ein fin kveld.
    Varm klem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no