tirsdag 18. desember 2012

RAUDT

Det har ikkje vorte så mykje sying siste vekene, men litt har no vorte laga. Ikkje alt kan visast på bloggen sidan det snart er jul. Men denne Postman Pat overallen kan eg vise, for det er ikkje gåve.



Den vart laga i same farta som eg laga dei to forrige. Postman Pat vert eg aldri lei av. Har heldigvis enno ein del motiv att.

                                           



Det raude snik seg meir og meir inn i heimen, dvs. inn på kjøkkenet. Starta litt forsiktig til advent, og i dag har eg pynta med ruta band og leitt fram litt meir av det raude.
Eg er ganske tradisjonell når det gjeld jula, må ha med litt raudt. Men på stova er det ingenting som minner om jul endå, og sånn skal det vere til lillejulafta.



Svibel i eit sausenebb er standard på kjøkkenbordet. Sausenebbet er eit bruktfunn. Fatet under er fast på. Pynta med eit ruta band vert det straks meir julete. Ein rutete duk har og kome på bordet.


Tomatar har vi alltid i ei skål på bordet, og i dag vart den skifta ut med ei raud prikkete. Kakeboksa er eg veldig glad i, det var ei av dei fyrste kakeboksane eg kjøpte som nygift i 1981! Kunna ikkje passa bedre i dag......... Stoffposen rommar vitaminer og fyrstikker. Veldig praktisk! Sjølvlaga - såklart.






Eg var så heldig at eg fekk ein stor flott asalea her ein dag. Det er ei plante som treng uhorveleg mykje vatn, så den får seg dagleg eit bad i ei bøtte. Ein dag låg der att ei lita grein i bøtta etter dåpen   
og den fekk kome i eit lite glas - funne på gjenbruk sjølvsagt. Med eit rutete band på vart det veldig julete og fint synest eg.


Siste veka før jul allereie!! Det går rivande fort no.....
Vi er heldigvis velsigna med eit nydeleg ver her på desse kantar og det skulle visst vare fram til iallefall julafta. Utruleg deilig! Og ikkje minst lettvint......

Håper du har det bra der du er, eg har det iallefall supert!!!!

                                       Klem frå Alva


3 kommentarer:

  1. Fin bukse!
    Det kjem litt meir pynt her også etter kvart, men ikkje så mykje rødt:)

    SvarSlett
  2. Enda ei fin bukse med Postmann Pat :) Ja, det blir litt mer pynt her også - kjøpte ny krans som henger ved inngangsdøra vår for den gamle kransen (som vi har hatt i flere år) hadde mista mange av konglene så nå ble det ny hjertekrans av små kongler med sølvglitter på :)

    SvarSlett
  3. Hei!!
    Meir flott syarbeid her....veldig yndig overall.
    Så koselig du har pynta og dandert på kjøkkenet. Artig med svibel i sausenebbet...veldig fint.
    Du har ideane og er veldig kreativ.

    Ja, skal tru om det er på veg kvitt dryss no. Skya heilt over.

    Ha ei fin god førjulshelg.

    Varm klem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no