torsdag 6. desember 2012

TO SMÅ OVERALLAR.

Då kan eg krysse to bestillingar av lista mi. Godt med alt som er unnagjort......

To overallar i str. 1år  med Postman Pat motiv. Bestillar ynskte strikk nede i staden for oppbrett, og det synest eg faktisk vart finare. Buksa er ikkje fora heilt ned.



Storkosar meg når eg syr desse overallane! Det er så gøy å leike seg med stoff i ulike fargar , motiv og band!  Diggar desse Postman Pat motiva!

Her har vi hatt kaldt ver i over ei veke no, så eg har gått litt i hi.....
Trivest ikkje i slik kulde, men det skal visst vare ei stund enno så eg får vel halde meg inne i hiet mitt ei stund til! Kosar meg med litt sying og i helga vert det baking i lag med dotter mi.
Sist helg baka vi lefser, veldig kjekt å gjere slikt i lag. Ho har teke over kjevlinga for hendene mine greier ikkje den jobben lenger. Og det klarer ho med glans!

Ynskjer alle ei fin førjulstid! Husk å nyte desse dagane saman med dei du er glad i!

                                            Klem frå Alva.

5 kommentarer:

  1. Kjempefine bukser! Eg har ikkje prøvd meg noko særleg på å sy bukser.

    SvarSlett
  2. Kjempefine - minsten her synes det er gøy med Postmann Pat. Så trivelig å kunne bake litt sammen med barna når de er store også :)

    SvarSlett
  3. Hei :-)

    Så fine overaller :-) Flink du er :-)
    Har vært en kald uka ja..så da er det fint man har innehobbyer som man kan kose seg med :-)

    Ønsker deg en flott helg :-)

    Klem

    SvarSlett
  4. Hei,

    Ditta har du dreisen på !!! Heilt nydelige og søte overallane....koselig med postman pat detaljar.
    Det vert koselig med bakestund i lag med den nyforlova...GRATULERE so mykje. Hels ho frå meg :))
    Guri kor eg frys...nei dette er for kaldt...brrrrr. Eg stormfyre.
    God fin helg til deg, Klem frå MarJE.

    SvarSlett
  5. Kjempefine overaller, Alva:) har lyst å sy en sånn en til Birk, barnebarnet mitt:)
    Kaldt her også i snart to uker, begynner å bli lei av å fryse.....men været kan vi ikke gjøre noe med:) Må ut på tur med Kira, men ellers tilbringes mye tid inne med fyr i ovnen:)
    Så artig å bake sammen med datteren din, jeg baker også med min datter:)
    ha ei fin førjulstid...og ja de stjernene er vanskelige å brette, men øving gjør mester:)
    Klem Trine:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no