onsdag 30. mai 2012

KAKEBOKS FYLT MED GODE MINNE



Denne kakeboksa knyter det seg mange minne til. Gode barndomsminne frå julefestar på skulen i bygda mi..
Den var nemlig fast fylgje på julefestane eller juletrefest som det heitte då. Fylt med  mjuke, saftige heimebaka julebrød fulle med rosiner og sukat (som lisjesystra mi pirka ut) Der var smultringar og julemenn og andre gode kaker. Boksa har nemlig fleire etasjar så det gjekk fint an å ha med seg mange sortar utan at det vart rot.




Høgdepunket var når det var matpause og kakeboksa kunne opnast og me fekk smake på godbitane!  Å du å du så godt det smakte!  Kan enno kjenne smaken av julebrødskivene og kor dei nesten smelta på tunga....  Kva me drakk til kan eg ikkje huske men det var nok heimelaga saft, eller kanskje me var så heldige at det vanka ei flaske brus.
                       
                    ...................................................................................................


No skal boksa få vere med meg tilbake til barndomsheimen og til Postkjellaren. Men i staden for kaker skal den no fyllast med prikkete hjerte . Det synest eg er perfekt å fylle denne vakre boksa som er så full av gode minne med....



Stoffet som desse hjerta er sydde av kjem frå ein kjole som har tilhøyrt svigermor. Kjolen er frå 70-talet og var godt brukt.  Svigermor er desverre ikkje blant oss lenger , men kjolen lever i allefall vidare i form av fine hjerte.  Som sagt: ei boks fylt med gode minne......



                                               Saknar deg, svigermor............



mandag 28. mai 2012

BYGDA MI


I dag vil eg vise deg bygda mi, Bjørke. Bygda der eg er fødd og oppvaksen. Eg bur der rett nok ikkje til vanleg, men det er der eg har mitt vesle sommarutsalg, i kjellaren i barndomsheimen min. Der var det postkontor og enda tidlegare også telegrafstasjon. Posten har vore i familien i fleire generasjonar og i desse lokala har både min farfar, min far og til sist mi mor vore poststyrarar.


















Bygda ligg vakkert til innst i Hjørundfjorden omkransa av høge og ville fjell. Her er det Jakta som tronar midt i bildet.


                              Bjørkehornet med Storhornet bak.......


                           ......... og den karakteristiske Kjerringkjeften.


For å kome til Bjørke med bil køyrer du frå Volda og innover Austefjorden. Det tek ein dryg halvtime. Men pga. arbeid med Kvivsvegen vert vegen stengd i 6 veker frå 30.mai til 12. juli. Så då må ein ta ferge frå Volda til Folkestad og køyre mot Austefjorden derifrå.

                                       Her er du på vei ned mot Skjåstaddalen.
         

                                      Vikelva har vore ei populær lakseelv......



                               Når du kjem ned til sjøen finn du denne flotte naustrekkja.....



                                    Tyssefossen med Tyssedalen i bakgrunnen.....


                                                   Kyrkja


Kraftstasjonen med jettegtryta mellom den og tunnelopninga. Jettegryta kom for ein dag under arbeidet med Leiratunnelen og gjorde det slik at tunnelopninga måtte flyttast.


                             
Her er nærbilde av jettegryta (bildet er lånt av svogeren min som la det ut på facebooksida mi) Som du ser er den ganske djup.



                  Den nye og flotte marinaen som på kort tid har vorte svært populær.


Og sist men ikkje minst den nær sagt verdsberømte telefonkiosken "Prillarguri". Den vart kjent fordi bygdefolket lenka den fast då den skulle fjernast. Den har vore med i NRK serien "Norske attraksjonar" med Linda Eide.

Det var litt av det som er i bygda mi,og endå er der  mykje meir som er verdt å sjå.
Håper du likte omvisninga og at du fekk lyst til å ta ein tur til Bjørke. Takk for at du fylgde meg rundt!

                                       Helsing Alva.



torsdag 24. mai 2012

RETRO

Eg er veldig glad i stoff frå 60 og 70 -talet. Fargane og mønster i desse stoffa er berre så fantastiske og inspirerande. Eg elskar å sy av retrostoff, og særleg barnekjolar.  Her er eit lite knippe med kjolar sydde i retrostoff:


Kjole i str.104 sydd av eit herlig dynetrekk frå  70-talet, heilt ubrukt. Låg fortsatt i orginalpakninga. Søt lomme i brunruta stoff.




          Denne er sydd av eit putetrekk frå gjenruksbutikken sikkert også frå 70-talet. str.104


       Brunruta stoff frå ei gardin, det mørke stoffet er nytt. Str.86.


Herlig grønn kjole. Blomstra stoff frå eit gammalt dynetrekk, grønnruta frå ei gardin. Søtt Postman Pat bilde også frå ei gardin. Str. 86.



Det blomstra stoffet i denne kjolen er frå ein fantastisk flott kjole frå 60-70 talet. Vurderte lenge å sy ein kjole til meg sjølv av det, men sidan det var ein forklekjole med knapping heilt ned framme vart det enklast å bruke det til barnekjolar. Fekk bruke av det til tre kjolar. Det turkise stoffet er av nyare dato,nederste delen på ein nesten ubrukt tunika. Str.92.



Søt sommarkjole med kirsebærstoff frå ei gardin. Det grønruta er og frå ei gardin funne på loppis. Str.98.

Håper alle nyter det flotte veret vi har for tida! No skal iallefall eg ut og plante blomster i urnene mine.
Flott kveld til alle som kikar innom.

Helsing Alva.

søndag 20. mai 2012

GAMMALT HUS MED SJEL OG SJARME.

Det vert eit litt annaleis innlegg frå meg idag. Det lyt vel kome inn under kategorien nostalgi.....

Eg likar så godt gamle, gjerne litt falleferdige hus. Likar å tenke på historia bak og kven som har levd der.

I dag har eg vore ved eit slikt hus. Eit gammalt hus fullt av fine detaljar. Sjå berre på urnene øverst og nederst  på trappa.  Og glassverandaen....  Ein slik vil eg og ha.....


Eit vindu nesten dekt av eføy. Vakkert.....



                 Den nydelegaste bakgarden. Nesten sydlandsk stemning her.....
                 (Klikk på bildet så vert det større)


                  Tidens tann .....
 


              Eføyen har fått vekse fritt.....


                 Sjarmerande dør med nøkkel som ikkje let seg rikke.....



       Fine detaljar. Takhellene er visst på vei ned.....


Porten inn til eigendomen. Ser du godt etter ser du kanskje rada med påskeliljer innom porten. Dei var av det gamle slaget og aldeles nydelege.(Bildet kan klikkast større)


Takk for meg, eg kjem gjerne attende.


Helsing Alva.


søndag 13. mai 2012

VESKEDILLA



Eg må berre innrømme det, eg har veskedilla. Det heng vesker på alle knaggar rundt i huset, dei ligg i alle skap og for ikkje å snakke om kva som er på mørkeloftet...Eg vert dregen mot alle veskestativ i butikkar, ja dei ropar på meg! "Har du ikkje nok vesker?" spør dattera mi når vi er ute og handlar ilag. DET VERT ALDRI NOK VESKER!!!!! Heldigvis er vesker noke av det eg likar best å sy. Her er eit par av den nyaste modellen min,ei romsleg skulderveske: 


Denne er sydd av kraftig dongeristoff med ei applikert  ugle på.
Denne er sydd av eit knalltøft og retroinspirert sofatrekk frå Ikea.  

















































































































































søndag 6. mai 2012

SNIK-KIKK PÅ LITT AV SOMMARENS VARER!



                        Her er litt av det som kjem for salg til sommaren.
                       Mange fine barnekjolar er produsert!
  
                                                         Helsing Alva