søndag 29. juli 2012

OVERALL IN ACTION !!


Det er ikkje ofte eg får sjå kleda eg syr i bruk sidan eg ikkje har slike småtroll å prøve på. Så når eg ein sjeldan gong får sjå eit av produkta mine på ein unge vert eg nesten rørt. I dag fekk eg oppleve det.....

 
 Denne overallen sydde eg ferdig i går og den vart med til Postkjellaren i dag.
Den er sydd av ei nesten ny dongeribukse som hadde fått ei stygg revne på ein slik plass at det var umulig å bøte på skikkeleg vis. Det søte pusestoffet er frå ei gardin funne på loppis og det lyseblå prikkestoffet er eit laken frå Åhlens.

Så fekk eg besøk av skjønne Emma!


Og ho fekk seg ny overall!! Den passa perfekt, skulle nesten tru den var laga til henne! Større sjarmtroll skal ein leite lenge etter, ho sjarmerte iallefall meg i senk.


Herlige Emma!

Tusen takk for herlig besøk, du er nydelig!

 Ps. Har fått tillatelse av mora til å legge ut bilde av Emma.


Vi har hatt ein nydelig dag her på sunnmøre i dag og det var svært så folksomt på Bjørke! Mange forskjellige arrangement i bygda gjer at mange vel å ta ein søndagstur hit. Og det som er så kjekt er at folk sirkulerar rundt og får med seg det som skjer. Veldig positivt for alle!

Ønsker alle ei ny flott veke. Måtte sola skine på kvar og ein!!

                                            Klem frå Alva


fredag 27. juli 2012

UGLEVESKER OG POSTMAN PAT.....


Symaskina har fått køyrt seg denne veka og fire nye uglevesker har sett dagens  lys. Dei eg hadde forsvant fort frå Postkjellaren på opningsdagen og no hadde eg endeleg tid til å lage nye.


Den i linstoff er allereie solgt.(Den første i montasjen)




Har lenge hatt planar om å sy noko til gutar også men har ikkje heilt funne ut kva. Så fekk eg spørsmål om å sy ein overall , og då vart denne til :



Vart veldig fornøgd med den, så trur absolutt at det vert fleire slike. Den er 100% gjenbruk. Postman Pat stoffet er frå ei gardin funne på gjenbruk, dongeri frå ei nesten ubrukt skjorte og foret er frå eit laken.
Denne er desverre solgt, men har som sagt planar om fleire. Kanskje det vert ei til før søndagen.
I dag skin sola så då bør eg vel kome meg utom hus og gjere litt hagearbeid. Hagen er veeeeldig forsømt no.


 

Har nokre fine Dronning Ingrid graniumar då.....

Søndag har eg igjen ope i Postkjellaren frå kl.13-17. Satsar på finare ver denne søndagen enn forrige slik at det går an å sitte ute og drikke kaffi og nyte den fantastiske utsikta ut over fjorden.
Ta deg ein tur då vel.....

God helg til alle.



                                      Klem frå Ava

søndag 15. juli 2012

Suksess-opning og nytt banner.


Dagen i dag vart heilt fantastisk! Masse folk strøymde til bygda og eg trur jammen dei fleste var innom Postkjellaren. På det meste var der så fullt at fleire snudde i døra. Håper dei kom  igjen seinare....




 Tenkte eg skulle ta nokre nye bilde i dag, men rakk berre å knipse eit par i full fart . Det var rimeleg hektisk til tider.

  Her var både menn og kvinner i alle aldre. Mennene er veldig interesserte i post- og telegrafutstillinga. Mykje interessant historie er samla her.


Salget gjekk strålande, selde mange barnekjolar, puter, vesker og elles litt av alt. Veret var bra, så kaffi og kaker  gjekk også unna. Selde faktisk ut alle kakene, og det har aldri hendt før.
Så eg er kjempefornøgd med dagen!

Og på toppene av det heile låg der ein mail i innboksa mi då eg kom heim, med nytt banner som ei gåve til meg frå ei god venninne av dotter mi  Silje. Ho er master i grafisk design.  Er eg ikkje heldig vel? Kjempeflott var den:))
Tusen takk Ingvild , du er ein knupp:)

Ønsker alle ei ny flott veke.

                                      Klem frå Alva



lørdag 14. juli 2012

KLART FOR OPNING !


Då er endeleg Postkjellaren klar for opning i morgon søndag! Jammen gjekk heile denne dagen også med til klargjering,men no er alt i orden!




Vi opnar kl.13 og held på til kl.17. Har du tenkt å ta turen til Bjørke og Postkjellaren så køyrer du mot kyrkja, og der kan du også parkere. Det er godt skilta, så eg trur det skal vere greit å finne fram.



Her kjem eit bilderas. Alle bilde kan klikkast større.


















Då håper eg mange tek turen til Bjørke i morgon. Der er mykje anna som også skjer i bygda,blant anna fotoutstilling i Bakketunet,  låvesalg hos Mork Antikk
og sal av rjømegraut på bedehuset.

Eg har gode kaker, kaffi is og brus til salgs. Og vi har ein flott uteplass,så då får vi håpe at vergudane er på vår side i morgon.

Velkommen til Bjørke!


                                   Helsing Alva
.

mandag 9. juli 2012

POSTKJELLAREN SNART KLAR FOR SESONGOPNING

Då er Postkjellaren nesten klargjort for sesongopninga neste søndag.


Slik såg det før vi starta. Kaos er vel rette ordet. Husbonden er i ferd med å skru i hop ei hylle. Det vart nokre timar med tenking og prøving  før eg vart fornøgd.



                                  Bileta kan klikkast større














Det gjenstår litt finpussing før eg er heilt i mål, men det er mest små detaljar.

Så då får vi berre håpe på ein knallgod sesong og at mange finn vegen til Bjørke denne sommaren.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Har fått spørsmål om kva tid eg opnar søndag. Opningstida vert frå 13-17 kvar søndag heile sommaren. Kor lenge eg held på utover hausten vil eg vurdere etter kvart. Sidan sesongen starta litt seint kjem eg kanskje til å halde ope til midten av september. Men som sagt, det får eg sjå an.


                                      Helsing Alva.


torsdag 5. juli 2012

LEFSEBAKST


Min kjære far fyller 80 år seinare i sommar og det skal markerast med næraste slekt og venner til stades. Her på Sunnmøre høyrer lefser med i alle festlege lag og det vart mi oppgåve å lage det til 80-års feiringa. No skal det  seiast at eg kan reknast som ein ganske habil lefsebakar, så det var heilt naturleg at eg fekk den oppgåva. Lefser har eg vore med og baka sidan eg var berre ungdomen . Først heime hos mi mor og etterkvart hos meg sjølv.


Det er ein tung og tidkrevjande jobb å bake lefser. Eg brukar heile dagen når eg først er i sving og då vert det 40 lefser. Men du og du kor gode dei er! Ingenting kan måle seg med nysmurte lefser som er så møyre at dei smeltar på tunga!! Men det er ein lang veg før ein er komen så langt at dei kan smakast på.


Eg startar med å lage deiga og let den kvile litt før eg lagar emner. Dei er på denne størrelsen. Når alle emna er laga byrjar den tyngste jobben, kjevlinga.

Det vert ein del mjøl-rot.....

Så rullar eg leiven opp på lefsepinnen før eg legg den over på takka

Eg er så heldig at eg har fått laga til eit rom i kjellaren som eg brukar når eg bakar lefser. Etter at vi pussa opp kjøkkenet for nokre år sidan fekk eg sett opp delar av den gamle kjøkken -innredninga der.

Her er heile lefsestabelen under lett press slik at dei ikkje skal bølge seg. Det er min flinke husbond som har laga det kjekke lokket til meg.

Og så er dei klare til bløyting og smørjing.



Halvparten ferdigsmurt og resten ligg til bløyting. Bildekvaliteten er desverre ikkje av den beste, men lysforholda i kjellaren er ikkje så gode.


Ferdig smurte og pakking pågår.... Eg brukar og dele lefsene i to når eg pakkar dei og legg saman fire halve med matpapir mellom kvar del. Synest dei er lettare å handtere i denne størrelsen.
 Så gjenstår den kjekkaste delen, smakinga. Mmmmm dei er sååå gode...

Dette vart visst eit lite lefsekurs det ! Håper du synest det var litt lærerikt og kanskje fekk du lyst til å prøve det sjølv?

Til helga reiser eg til Bjørke for å klargjere til opninga 15.juli. Gled meg til å endeleg kome i gong !!

Fin sommarkveld til alle.

                                    Klem frå Alva.

tirsdag 3. juli 2012

NYTT LYSEGRØNT BRUKTFUNN


Det ser ut til at eg har hellet med meg på bruktbutikken for tida. Skulle innom for å finne ei hylle til å ha i Postkjellaren (og jammen fann eg ei, og det til ein brukbar pris også!) Måtte sjølvsagt opp i andre etasje og kike når eg først var der. Og der sto dei og venta på meg........


Dei yndigaste små kaffikoppar frå Figgjo i den nydelege, sarte lysegrøne fargen som eg likar så godt.
Desverre var der ikkje asjettar til,veit ikkje om det finst heller. Nokon som veit? Og kva dei heiter?? Skulle gjerne likt og vite.  6 koppar med tefat var der og for ein gongs skuld til ein grei pris.



 Heldigvis kan eg bruke dei i lag med desse asjettane som eg skreiv om her . Dei er litt grønare i fargen men det synest eg ikkje gjer noko.


Den lysegrøne duken er også bruktfunn og matcher koppane perfekt. Trur den er gammal,kanskje frå 50-talet? Peonane fekk eg av min snille kollega Monika til bursdagen i forrige veke. To har blomstra av men desse tre står like fint. Takk Monika, eg veit du les i bloggen min av og til.

Her skin endeleg sola igjen og varmen har komt tilbake. Då passa det godt med ein fridag. Kva eg har brukt den til utanom å dra på bruktbutikken skal eg skrive om ein anna dag.

Klem frå Alva