fredag 31. august 2012

UHUUUUU.....



Her vert det ugler i mosen!!



Følg med, følg med.......


God helg til alle som kikar innom!  Arbeid for meg i morgon før eg kan ta helg......

                                                     Klem frå Alva.

onsdag 29. august 2012

HELDIGE MEG !


Eg er visst  usedvanleg heldig for tida! Her kan du lese om sist eg var heldig.
Vart nemlig kontakta av ei ung dame som hadde tilgang på ei mengde dynetrekk og gardiner frå 60-70 talet.
Ho lurte på om eg ville sy noko til jenta hennar av stoffa.  Og det ville eg sjølvsagt veldig gjerne.
Og resten får eg behalde!! Er eg ikkje heldig vel? Det beste av alt er at det meste er i veldig god stand og lite slitt. Her kjem eit bilderas av ein del av stoffa:


Masse herlig retro her!


Og her er "rosina i pølsa" Det søtaste dynetrekk eg nokon gong har sett i allefall! Tenk alt det fine eg kan lage av dette då!! Gled meg verkeleg til å ta fatt:))


Skikkelig retro-gardinstoff!


Nydelig blå-turkis småblomstra dynetrekk. Ein av mine favorittar....


Fint dette også....


Her vart fargen heilt feil....



Desse er berre knallfine! Og i veldig god stand....


To store putetrekk var det av dette....

Og endå er der meir som eg ikkje har teke bilde av.
Så no gled eg meg skikkeleg til å lage noko fint til veslejenta til den snille dama.
Men akkurat no har eg eit anna prosjekt på gong og det skal vere ferdig til neste veke. Så alle desse flotte stoffa må nok vente ei stund til før eg kan sette saksa i dei.

Ynskjer ein flott haustkveld til alle som finn vegen innom meg!

                                                 Klem frå Alva


søndag 26. august 2012

OVER FOR I ÅR....


Ja då har eg stengt døra til Postkjellaren for i år.......


Avslutningsdagen vart hektisk med veldig mykje folk innom til tross for surt og kaldt ver.

Desse blomane ynskte velkommen i dag:


Som dei fleste sikkert har fått med seg er eg usedvanleg glad i blomster. Det skuldast at eg har arbeidd mange år i blomsterbutikk. Men no er det nokre år sidan eg slutta med det, så difor synest eg det er veldig moro å lage fine bukettar til å pynte med. Eg brukar alltid blomar frå naturen eller hagen. I dag vart det ein skikkeleg haustbukett... Var og kneip meg eit par nydelege georginer frå hagen til mi mor - og rognebær er heller aldri feil....


Har dokke sett noko så nydeleg?


Og då vi køyrde heimover utpå kvelden møtte vi dette synet:


Vakkert......

Litt vemodig å stenge døra, men eg kjenner også at det skal verte godt å få attende søndagane.
Har eit par ting på timeplanen denne hausten og det vil eg skrive om når det nærmar seg.

Takk for i år og velkomen tilbake neste sommar alle mine triveleg kundar og besøkande.
Eg kjem sjølvsagt til halde fram med å blogge sjølv om Postkjellaren er stengt for i år!

Ynskje alle ei fantastisk fin veke!!
Husk å leve NO!!

                                                 Klem frå Alva.

fredag 24. august 2012

SESONGAVSLUTNING I POSTKJELLAREN


Søndag er det altså siste dag det er ope i Postkjellaren denne sesongen. Så har du tenkt deg til Bjørke denne sommaren er det siste sjanse til å få med seg alt det spanande som skjer i bygda!
Det har vore ein fantastisk sesong med mykje folk på vitjing i bygda og i Postkjellaren. Eg har møtt utruleg mange hyggeleg personar desse vekene og det er så inspirerande med alle dei gode tilbakemeldingane!


Den flotte uteplassen vår har vore flittig i bruk, for vergudane har stort sett vore på vår side i sommar. Her er fantastisk å sitje med ein kopp kaffi og nyte utsikta utover fjorden og bygda. Det er min flinke pappa som har laga det så fint til ute.....

......og mi flinke mamma har fantastisk grøne fingrar.... Sjekk dei flotte Skaugumbegoniane hennar då!




                             Velkomen inn......


Framleis mykje fint att i Postkjellaren.....

Då ynskjer eg alle velkomne til Bjørke og Postkjellaren denne siste søndagen i august.
Det vert ope frå 12.00-17.00 .
Køyr mot kyrkja så finn du oss. Der kan du også parkere.
Takk til alle mine kjekke kundar som allereie har vitja meg. Ser fram til å møte dykk att neste sommar!

God helg til alle som kikar innom!


                                             Helsing Alva (eller Alvhild som eg egentleg heiter.....)


onsdag 22. august 2012

FLOWER POWER


Hei, då var eg her igjen! Dagane går visst litt fort for tida og plutselig var det onsdag kveld!
To nye vesker har sett dagens lys idag, med flower power som tema.


Bilda er tekne no i kveld med blitz så kvaliteten er ikkje den aller beste.



Sjekk den lekre folkevognbussen då!!

Fann ei gardinlenge i restekassa hos ein gardinforhandlar og den er berre knallfin! Her kan det verte mange spanande prosjekt framover!!


Det kriblar allereie i fingrane.... Så mange herlige bilar.....


Denne var det halv pris på så då klarte eg ikkje å stå imot......

Søndag er siste dag ope i Postkjellaren denne sesongen. Litt vemodig og litt godt er det. Men eg skal delta på eit par andre arenaer utover hausten,det kjem eg tilbake til seinare.

Ein fin torsdag til alle:))

                                    Klem frå Alva


fredag 17. august 2012

FARGERIKE VESKER


Det er ei stund sidan sist eg hadde eit skikkeleg sy-innlegg. Det er rett og slett fordi eg ikkje har sydd så veldig mykje dei siste par vekene. Det skuldast blant anna jobbing og bringebærplukking. I år har det verkeleg bugna av bringebær, men no er det heldigvis på hell. Eg som vanlegvis likar å plukke bær byrjar no å verte skikkeleg lei....
Men nokre vesker har eg fått produsert denne veka. Fargerike vesker i herlege retrostoff....


Denne vart nesten litt Marimekko. Den er laga av eit putevar eg fekk i lag med det eg skreiv om i forrige innlegg. Stoffet berre ropte om å få verte ei veske! Litt tynt stoff, men den er fora med eit heilt nytt og stødig bomullstoff.


Den er heilt i mine fargar! Trur nesten eg beheld den sjølv viss eg ikkje får solgt den på søndag... Men så er det berre det at eg har meir enn nok vesker frå før då.... Det kan du lese om her.



Typisk 70-tals fargar! Sydd av eit kraftig dynetrekk frå Høie, heilt ubrukt. Det låg endå i orginalpakningen då eg fekk det. Fora med eit herlig hjertestoff også frå 70-talet.





Denne er sydd av eit putetrekk frå bruktbutikken. Det var egentlig for lite stoff til å sy ei slik veske, men eg SKULLE lage ei veske av dette stoffet! Løysinga vart å skøyte hanken. Og det gjekk veldig bra,det viser nesten ikkje at det er skøytt. Synest den vart utrulig frisk og fin. Den er fora med orange gardinstoff.



Alle tre veskene vert med til Postkjellaren på søndag.

No nærmar det seg sesongavslutning, to søndagar står att før vi stengjer for sesongen. Synest denne sommaren har gått utruleg fort, føler at eg nett har opna dørene for sommaren. Veldig mykje folk har vore innom Postkjellaren i sommar og det har vore utruleg kjekt! Kjekt og travelt.....
Så har du tenkt deg til Bjørke i sommar så må du skunde deg. Søndag 26. er siste dag ope i Postkjellaren.

God helg til alle som måtte finne veien innom meg.

                                                 Klem frå Alva.


onsdag 15. august 2012

JULAFTA MIDT PÅ SOMMAREN.


Ja, for meg har det nesten vore julafta midt på sommaren! Ei dame kom nemlig på døra til meg med ein stor pose full av herlige retrostoff! O for ei lukke!!


Heile klesnora full av dei skjønnaste dynetrekk og gamle blomstrete kjolar!



Her er heile herlegdomen,nyvaska og friske etter å ha lufta seg ute i vinden og sola....


Dette er min favoritt......


Ikkje dumt dette heller.....men" desverre" berre eit putevar. Likar forresten det svenske ordet mykje bedre....ørngott......



Fargerike kjolar etter ei gammal dame. Utslitne foran og heilt fine bak..... Kjolane er store så dei må ha
tilhøyrt ei litt rund dame. Ser føre meg korleis dama må ha sett ut med kjolane på.  Ser føre meg ei "skikkelig" bestemor, trinn og god, kvit i håret med knute i nakken. Briller med tjukke glas og tøfler på føtene. Ser henne ved bakstebordet med kjevla i sving.... Nokre av kjolane var ganske utslitne på magen, difor innbiller eg meg at ho har stått mykje ved bakstebordet. Eg anar ingenting om ho som har eigd kjolane,så alt dette er fri fantasi. Kanskje tek eg fullstendig feil! Men av og til er det deilig å la fantasien få fritt spelerom. Eg likar å lage bilder inn i hovudet mitt, det kan til og med inspirere meg slik at eg vert ekstra kreativ.


Her har eg iallefall mykje kjekt å arbeide med utover vinteren. Ser allereide føre meg kva det skal verte av nokre av stoffa. Kva for eit stoff likte du best?

Ynskjer ein fantasifull kveld til alle som kikar innom!

                                                     Klem frå Alva.


mandag 13. august 2012

NABOENS HAGE....



Frå syrommet mitt har eg utsikt til ein vakker hage. Det er desverre ikkje min eigen sjølv om eg inderleg skulle ønske det...... Nei, det er naboens hage. Dette er det eg ser når eg lyfter blikket opp frå symaskina :


Dette synet gjer meg glad, for eg elskar blomster! Men eg har ikkje rygg eller kne til halde på med så mykje hagearbeid så då er det godt å få kvile augene på naboens blomsterpryd i staden. Medan eg set bøygd over symaskina ligg nabodama bøygd over blomsterbedda sine. Kvar kveld ser eg ryggen hennar der borte.... Og det viser att.... Lenge har eg hatt lyst til å ta med med kameraet bortom steingarden og forevige dei vakre blomane. Og i kveld har eg vore der.( Fekk lov då.)...Så no skal eg vise deg naboens hage. Sjå og nyt!!

Nydelege liljer,ridderspore bak.(Eller muligens det er Aconitum?)






Herleg syrinlilla floks




Fine blomsterbedd over alt.....




Asters og Lysemachia bakom.


Eryngium



Helenium -Praktsolbrud





Hestemynte






Vakkert og velstelt. Ikkje mykje ugras å sjå her nei.....


Til å verte glad av!! Herlege orange ringblomster mot den knallblå kornblomsten. Deilige kontrastar!



Slik kan det også gjerast! Er det ikkje flott vel? Humla slynger seg rundt skuret.....

Takk for at eg fekk snike meg inn i hagen din, Anne!

Ynskjer alle ei vakker og blomsterfylt veke!

                                               Helsing Alva


tirsdag 7. august 2012

SPEKTAKULÆRE NORANGSDALEN


Husbonden og eg har vore på tur i Hjørundfjorden igjen. Denne gongen køyrde vi blant anna ned gjennom Norangsdalen. Det var ein grå og litt tåkete dag, så bilda er deretter.


Men synest også at tåka skapte ei trolsk stemning i den trange og heilt spesielle dalen.


                       Høge fjell og svingete vei.... Framover dalen...


....nedover dalen. Ser du sela på dette bildet? Klikk på bildet så ser du dei kanskje.


                        Fonnbreen ligg ennå...


               Jammen var der ikkje eit "sort får" også.... 


               Den spesielle Stavbergsetra der sela ligg nesten inn i bakken i le for ras.





    Lygnstøylvatnet....som vart til etter at eit steinras la seterstøylen under vatn.


                      Dei gamle murane er godt synlege.





                             Vakker natur.....

                       Her ser ein kor trang dalen verkeleg er.....


I enden av dalen ligg ærverdige Hotell Union. Vi var ikkje inn denne gongen, men  har vore der tidlegare og det er ein plass som er vel vert å vitje! Særleg om du er interessert i gamle hus og interiør. Klikk på lenkja og nyt.....


Så har vi komt til Leknes og ventar på ferga til Sæbø. Her ser vi innover Norangsfjorden mot Øye og Norangsdalen. Fjellet Slogen tronar majestetisk innst litt til venstre i bildet. Til høgre Stålberghornet.


Fjordarma heilt til høgre går vidare innover Hjørundfjorden og inn til Bjørke der Postkjellaren held til.


Så kjem endeleg ferga.....


 
...... og så fer me over fjorden..... slik som Sunnmøre Bårelag syng det....
Slogen til høgre.


 
Fisking på Hjørundfjorden     


  Fantastiske fjell.


Så nærmar vi oss Sæbø.....

Det vart mange bilde dette, men håper du likte det du såg til tross for gråver og skodde. Tips: klikk på bilda og du får ei heilt anna oppleving......
Det var likevel ein fin dag sjølv om veret ikkje var det beste. Lyset var i allefall veldig spesielt...

Ynskjer ein flott tirsdagskveld til alle som kikar innom meg ! 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------
Då har eg endra namnet på vatnet til Lygnstøylvatnet. Takk til anonym som gjorde meg oppmerksom på det. Eg har aldri høyrt anna enn Lyngstøylen, så det var heilt nytt for meg! Hadde vore artig og visst kva namet kjem av, er det nokon som veit så skriv gjerne i kommentarfeltet.


Helsing frå Alva.