lørdag 29. september 2012

DAGENS LOPPEFANGST


Det er ikkje mange loppemarked her i vårt distrikt, så det er veldig kjærkome når det endeleg er eit. Det var eit tidlegare i haust, men då jobba eg så det fekk eg ikkje med meg. Men i dag hadde eg fri så då vart det tur på loppis!
Eg kom dit nokre minutt etter at det opna og då var der allereie stappfullt  av folk.
Det vart ikkje den heilt store fangsten, men litt vart det då. Mest fornøgd er eg med denne pinnestolen som vart min for 100 kr.

Har vore på jakt etter ein slik stol lenge og vart overlukkeleg då den sto der og venta på meg. Tenk at ingen hadde kapra den før meg! Denne skal eg bruke i Postkjellaren. Den søte kaffikjelen greidde eg heller ikkje gå i frå.


Og denne mokkakoppen i den nydlegaste grønfarge fekk eg også sikra meg. Har maken fløytemugge frå før. Står ingenting under koppen, men trur det er Figgjo.(Den er frå Figgjo har eg funne ut i ettertid)




Litt stoff vart det også, sjølv om utvalget ikkje var det heilt store. Der var ganske mykje, men for meg uinteressant.


                                        ********************************************************



Og så må eg berre ta med nokre naturbilde frå turen. Måtte køyre nokre mil til der loppemarkedet var og heldigvis hadde eg kameraet i bilen. For det var mange vakre motiv undervegs. Veret har vore mykje bedre enn venta og dette vatnet var så blankt at fjella spegla seg i det.




 Vatnet heiter Vatnevatnet....





 Det er ingenting som er vakrare enn hausten når det er slik som dette.....




Håper hausten er like fin hos deg!

I morgon vert det kanskje ein ny tur med kameraet.

God laurdagskveld til deg som kikar innom! Her er det snart taco på menyen.

                                                 Klem frå Alva




torsdag 27. september 2012

LITT FLEIRE HANDLENETT


Det har ikkje vore tid til så mykje sying siste par vekene, men nokre handlenett har det vorte innimellom. Eine var ei bestilling og dei andre er til å gi bort.


Denne var ei bestilling og ei ung dame er no den heldige eigar av denne veska.


Litt Flower Power....... sydd av ein gardinrest.


 Denne er også laga av ein gardinrest. Likte godt fargane her. Kunne hatt den sjølv ja, men treng ikkje fleire vesker for øyeblikket.... Dessutan skal eg gje den vekk.....
 Foret er av eit dynetrekk frå Åhlens.




Har litt andre bestillingar også som eg må prøve å få unna. Noko har eg laga men kan ikkje vise det før mottakaren har fått det.  I det siste har det vore mange andre ting som har teke opp tida mi så sying har vorte nedprioritert. 

Skal vere med på ei ny utstilling også seinare i haust så eg må nok snart få fart på symaskina igjen ja....

 ********

Det har vore godt å få lada batteria i godveret vi har hatt, men no ser det desverre ut til at det er over for denne gong. I dag kom regnet tilbake og meldingane ser ikkje så alt for lovande ut framover. Men på ei anna side så er det supert sy-vèr då.........

Fin fredag og god helg til alle!

                                       Klem frå Alva


lørdag 22. september 2012

HAUST


Husbonden og eg har vore på tur til Trondheim  denne veka. Og det var godt å kome seg ut av regnet og sjå sola igjen! No har vi heldigvis fått sett sola her på sunnmøre også dei siste par dagane, men dette var tidlegare i veka medan det regna som verst her. Og når eg i tillegg fekk surre rundt på Stoff og Stil ein times tid (takk til min tålmodige husbond) så var lukka fullkomen!

Undervegs på turen fekk eg teke nokre fine haustbilde:



Dette er teke tidleg om morgonen medan vi venta på ferga til Molde. Lyset var så fint og veret vart finare og finare dess lenger nord vi kom.....


Heimover køyrde vi over Dovrefjell og der var det nydelege haustfargar.....
















Eg likar hausten.  Likar alle dei flotte fargane - den klare lufta- dei gode luktene, lukta av haust.
Det skarpe sollyset når vi er så heldige å få sjå sola. Slike dagar har vi endeleg fått no. Dei må vi nyte medan vi har dei. Og i morgon søndag har eg ingen planar. Skal berre nyte hausten,kanskje pusle litt ute for det ser ikkje fint ut etter alt regnet. Må tøme ut ein del vatn og få i hus nokre krukker og graniumar som skal overvintre inne. For frostnettene er ikkje langt unna no.

Ynskjer ein nydeleg søndag til alle!

                                                  Klem frå Alva


søndag 16. september 2012

Slik gjekk det i Kvivstunnelen


Tusenvis av mennesker fann vegen inn i Kvivstunnelen i dag! Det var ein jamn straum stort sett heile tida og veldig mange stoppa opp og beundra den flotte standen vår og kika på det vi hadde stilt ut. Handel var det så som så med, men det var vi førebudde på. Det viktigaste var å få vist seg fram, særleg til dei "nye" naboane på andre sida av fylkesgrensa. Og det fekk vi verkeleg gjort også!



Det er vanskeleg å ta gode bilde inne i ein mørk tunnel, så kvaliteten er heller dårleg. Fekk teke nokre bilde tidleg, men etterkvart vart det så mykje folk at det vanskeleg å ta bilde utan at det kom nokon i vegen.



The Ugly family var meget sjokkerte over å verte plassert i ein koffert laaangt inne i ein tunnel så dei sat musestille og turte ikkje å flytte blikket ein einaste gong. Men mange kika på dei og synest dei var morsomme. Og dei fekk ingen ny heim så dei bur framleis på sofaryggen her hos meg.



 Twist er populært. Vart fort tomt i korga sjølv om det var gratis både kaker og pølser....



Utstillinga er ikkje heilt ferdig her men seinare var det så mykje trafikk forbi at det vart umuleg å ta bilde.


Fru My var ei av damene eg stilte ut saman med. Ho syr dei nydlegaste kjolar og tøffe vesker og så er ho ein resar med strikkepinnane. Til og med inne i tunnelen strikka ho.! Fru My har nett laga seg blogg så der kan ein etterkvart få sjå alt det fine ho lagar. Bloggen finn du HER 



Det var kjøleg i tunnelen så vi måtte kle oss godt. Ullstillongs måtte til...
Her er eg saman med to av dei andre damene eg var saman med. Eg i kvit jakke.
Det var ei kjekk oppleving og ein triveleg gjeng å samarbeide med. Så eg er veldig nøgd med dagen sjølv om eg ikkje selde så mykje.

Legg ut lenkje til nettsida til lokalavisa Sunnmørsposten
Der er jammen meg bilde av standen vår også!


Det har stri-regna i heile dag også så elvane er enormt store. Må berre ta med eit par bilde frå Bjørke teke i ettermiddag:


Dette er Tyssefossen. Normalt ser den ut slik som på bildet som ligg på høgre av bloggen. No ser den slik ut... Vill, vakker og skremande....


Her nærmar Tysseelva seg utløpet til sjøen. Rett nedom det raude uthuset ligg bardomsheimen min og Postkjellaren.  Det var skremande å stå på brua og ta bilde, for det var eit vanvittig bulder av elva!
No håper eg verkeleg at det sluttar å regne snart for dette byrjar å tære på.....

Ynskjer alle ei fin og  regnfri veke!

                                                 Helsing Alva               


onsdag 12. september 2012

POSTKJELLAREN I KVIVSTUNNELEN


Laurdag 22.september skjer det eit storhende her i distriktet. Då opnar nemleg Kvivsvegen som vil knyte saman Sogn  og Fjordane og Møre og Romsdal  gjennom Kvivstunnelen . Den går mellom Hornindal i Sogn og Fjordane og Kalvatn i Volda kommune. Det skal sjølvsagt markerast i det vide og det breide og søndag 16. september er det dei mjuke trafikantar som skal innvie tunnelen. Det vert tunnelmarsj, gudstjeneste og utstillingar av ymse slag. Gratis kake og kaffi vert det også.
Og der skal då eg delta i regi av Postkjellaren  i lag med resten av aktørane på Bjørke, med ei utstilling for å vise fram kva bygda har å byde på.


 Eg har ikkje hatt tid til å produsere så mykje nytt, men litt har det vorte. Blant anna denne overallen/buksedressen i str. 2 år. Det er så utruleg moro å sy desse dressane.  Å få lov til å leike seg med fargar og søte stoff gir meg enormt mykje glede. Det skjønne barnestoffet kjøpte eg HER . Overallen er 100% gjenbruk. Alle stoff har levd eit anna liv før.


Kunne tenkt meg meir av dette ja....




Denne veska er laga av ei sofapute frå bruktbutikken. Synest fargane var veldig fine, herleg kombinasjon.



Slik såg den ut før den vart veske. Veska har fått glidlåslukking og ei mobillomme innvendig.




 Denne veska vert også med.....



.....og the Ugly family som eg skreiv om HER får også vere med.



Nokre barnekjolar og litt anna frå Postkjellaren tek eg også med meg.

Det er visst venta mange tusen mennesker  i tunnelen denne dagen så det vert veldig spennande !
Veret treng vi heldigvis ikkje bekymre oss over sidan det skal vere inne i tunnelen. Og bra er det for dei siste par vekene har det vore ganske så våtsamt her. I dag tidleg var nysnøen komen ganske langt ned i fjella. Huff, synest hausten kom veldig brått i år.
Håper veret er bedre der du er!

                                                 Helsing frå Alva.


onsdag 5. september 2012

UGLER I MOSEN 2

I kveld har eg jammen lært mykje om ugler! Og så har eg lært at uttrykket "Ugler i mosen" eigentleg er dansk og tyder noko heilt anna enn det vi trur! Ugle er eigentleg ulv - og mose er myr..... altså" ulver i myra"..... Og på norsk har det då vorte "ugler i mosen". Ja ja eg synest det er eit fint uttrykk eg då - same kva det enn tyder....


 Det  var ein triveleg kveld, men desverre litt dårleg frammøte. Ruskevèr og andre arrangement må nok ta skulda for det. Og dei som ikkje møtte kan angre, for kveldens hovedgjest, ugledama Turid Breidalen frå Måløy var berre fantastisk å høyre på!  Ho samlar på ugler i alle variantar og har over firetusen i samlinga si! Ho har vore med både i Norge Rundt, Antikviteter og snurrepiperier og "Norges herligste".


Sjekk smykket hennar då!
Dama er eit fantastisk muntrasjonsråd og dei 40 minutta ho var i aksjon gjekk som ein røyk. Ho skriv også fine dikt og har gitt ut fleire bøker. Nokre av dikta er tonesett så ho har også gitt ut CD -plater.

Ugler i hopetal og i alle variantar....




 Herlig!




 Nydeleg uglebilde laga av Gry Løvoll  , og ugle i dekorasjonen - sjølvsagt i lag med mose....


.....og til og med uglekake - ei fantastisk eplekake.......


 ......og fantasifulle uglemuffins.

Fekk selt nokre produkt, sjølv om der var lite folk og det er eg veldig fornøgd med. 
"The Ugly family" som eg skreiv om HER fekk vere med meg heimatt, for dei var det ingen som ville ha.
Men to av veskene vart selde.

Den 16.september skal eg vere ein ny plass, det vil eg skrive om seinare. Men det handlar definitivt ikkje om ugler!

Ein strålande torsdag til alle! Her på nordvestlandet har vi hatt den fyrste hauststormen.


Klem frå Alva


mandag 3. september 2012

UGLER I MOSEN PÅ KAFÈ "FRU SVENDSEN"


Fyrste onsdag  kvar månad er det kveldskafè på Fru Svendsen i Ørsta. Det er ei venegruppe til kafèen som arrangerer desse kveldane. Det er ulike tema og underhaldning alt etter årstid og kva som elles kan vere aktuelt. Og komande onsdag er altså temaet "ugler i mosen".


Her i dette flotte hovedhuset til Svendsengarden, midt i Ørsta sentum held Fru Svendsen til. Huset er bygd rundt 1870 og er ein staseleg sveitservilla som nesten er verdt eit eige innlegg. No er faktisk dette også min arbeidsplass, så det er ikkje utenkjeleg at eg skriv meir om det ein gong seinare.

Men så tilbake til uglene......
Onsdag skal eg altså delta på kveldskafèen med nokre ugleprodukt i lag med andre lokale kunstnarar .

Så lat meg då få presentere denne uglefamilien - eller the Ugly family som dei er døypte her i huset etter å ha stått på utstilling på sofaryggen i stova nokre dagar.....


Til høgre har vi den litt "skjøgle"(= sjeløyd) uglefaren Ulf. Ved sidan av, litt himlande i blikket står uglemora Ulla. Dottera Ulrikke skular bort på mor si, medan broren Ulrik  helst vil vere for seg sjølv.

Om nokon skulle vere i tvil, så er det altså puter.
Denne uglefamilien skal få vere med meg på kveldskafè onsdag, så får vi sjå korleis det går med dei.
Med på lasset vert også litt fleire ugleprodukt, blant anna uglegryteklutar og sjølvsagt nokre uglevesker.








Her har eg gjort ein vri og applikert på ei ugle frå dette stoffet frå Jysk:


Herleg stoff, men desverre halvt syntetisk. Men til vesker er det greit synest eg. Har også fora den svarte veska med dette stoffet.




Til slutt tek eg med eit par av uglegryteklutane:


Har fleire variantar av dei. Desse er laga av stoff frå kjøkkengardiner frå  70-talet. Synest det gjorde seg som ugler!
Alt dette og meire til vert alså til salgs på Fru Svendsen onsdag 5.september. Ope frå kl.19.00

Ynskjer deg ei flott haustveke,håper du ikkje vert uglesett!

                                                      Helsing Alva