lørdag 27. oktober 2012

TOVA TØFLER


Det er ikkje mykje eg strikkar. Ikkje fordi eg ikkje kan det eller ikkje likar det, men fordi armane mine ikkje likar det. Så skal eg strikke noko må det vere små prosjekt og så må eg gjerne bruke litt tid på det. Noko eg MÅ strikke av og til er tøfler som eg tovar.
Eg har heile mitt liv vore plaga med kalde føter og har hatt problem med å finne noko som kan varme desse istappane mine. Men endeleg har eg funne løysinga på problemet : tova tøfler! Superenkle å strikke og suuupervarme og gode!


Når eg set på syrommet og syr vert eg fort kald på beina. Men etter at eg byrja med desse tøflene har eg ikkje frose på føtene ein einaste gong! Minuset er at dei er som ein støvsugar på trådrestar  - så eg må plukke dei reine før eg forlet rommet eller så finn eg trådendar over alt i huset........(Nokon som kjenner seg att?)



Til størrelse 38-39 legg eg opp 54 m.på pinnar nr.6 og strikkar rillestrikk til det måler 18 cm. Feller så av 4m. i kvar side og strikkar 17 cm. til. Så byrjar fellinga: strikkar 2m. vanleg og to sammen ut pinnen og så to omgongar vanleg. Så 2 m. vanleg og 2 sammen igjen og 2 omgongar vanleg. Strikkar så 2m. sammen pinnen ut og trekker tråden gjennom.


Så er det berre å sy sammen i buen og bak. Hivast i vaskemaskina på 60gr. i lag med ei dongeribukse og ein dæsj grønsåpe. Bruk eit vanleg vaskeprogram, ikkje ullprogram eller finvask.



 Her er garnet eg brukte, pt3 frå Sandnes. Det gjekk med tre nøster.



Når dei er ferdig tova strekker og formar eg dei til dei er passelege. Mine vart litt store så dei fekk ein omgong til i vaskemaskina, då på 40gr.  La dei gjerne vere litt små, for dei går litt utover når dei vert tekne i bruk.



******************************

 
                                       
Sidan det har vore så stor interesse for dette innlegget så legg eg ut oppskrift på fleire størrelsar også. Det er tydelig at det er mange som ynskjer å strikke og tove tøfler:) Veldig kjekt!!

Str. 36-37: legg opp 52m. strikk 17.5 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 15,5 cm. fell som før beskreve
Str.34-35: legg opp 50m. strikk 17cm - fell 4m.i kvar side, strikk 13.5cm. fell av som før


OPPDATERING:

No har eg fått tak i oppskrift på fleire størrelsar så her kjem dei:

Str.32-33: legg opp 47m, strikk 16,5cm. - fell 4m. i kvar side, strikk 12,5 cm. fell som før.
Str.30-31: legg opp 46m. strikk 15 cm. - fell 4m. i kvar side, strikk 11,5 cm. fell som før.
Str.28-29: legg opp 45m. strikk 14 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 10 cm. fell som før.
Str.26-27: legg opp 43m. strikk 13 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 9,5 cm, fell som før.
Str.24-25: legg opp 42m. strikk 12,5 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 9 cm, fell som før
Str.22-23: legg opp 40m. strikk 11 cm - fell 4m. i kvar side, strikk 7 cm, fell som før.
Str.18-20(baby) legg opp 38m. strikk 10 cm.- fell 4m. i kvar side, strikk 6 cm.fell som før.


***********************


Fekk oppmoding om å legg ut oppskrift på større størrelsar også så då gjer eg det:

Str.40-42: legg opp 56m, strikk 18,5cm. - fell 4m. i kvar side, strikk20 cm. fell som før.
Str.43-44: legg opp 58m,strikk 19cm - fell 4m. i kvar side, strikk 22 cm. fell som beskreve lenger oppe.
Str.45-46: legg opp 62m. strikk 20cm.- fell 4m. i kvar side, strikk 24cm og fell som til dei andre str.

Har tidlegare fått spørsmål om garnmengde. Eg har strikka kun str. 38-39 og 43-44.
Til damestr. brukar ein ca. 3 nøster og til herrestr. 4. Andre størrelsane veit eg desverre ikkje.


Helsing Alva.


PS. Får veldig mange spørsmål knytta til desse tøflene. Veldig hyggelig at så mange finn vegen innom bloggen min og til denne oppskrifta. MEN : eg er ingen ekspert på toving eller strikking for den saks skuld.... og dette er ein syblogg.  Eg har svart på spørsmål etter beste evne og etter egen erfaring, men er som sagt ingen ekspert.  Når det gjeld korleis ein går fram med tovinga står det forklart, elles er det berre å prøve seg fram. Les gjerne gjennom kommentarane, kanskje står det svar på akkurat det du lurer på der.  Her er oppskrift på alle størrelsar, men dei står litt her og der ettersom eg har oppdatert med nye størrelsar etter ynskje frå dykk!

Lukke til alle saman!
Dette er så enkelt at ALLE greier det:)


Om det likevel er noko du lurer på og ikkje får til å kommentere her
kan du sende ein mail til postkjellaren@hotmail.no eller sende ei melding på facebooksida til Postkjellaren:  https://www.facebook.com/Postkjellaren?ref=hl.
og så svarar eg etter beste evne.


onsdag 24. oktober 2012

PRIKKAR OG HJERTE


Dagslyset som eg venta på for å ta bilde av søndagens produksjon det kom aldri......
Så då vart det blitz-bilde innandørs i staden. Kvaliteten er difor ikkje den beste.


Her står eg - i beste Kaspara stil (kjekt å verte inspirert) Koslig forkle i halvlin med prikkestoff frå Stoff og stil og lomme laga av ei brikke frå bruktbutikken.




 Hjerte og blonde høyrer med...............



 Hjertegryteklutar som passar til




Her er ein variant med hjertestoff frå Åhlens og to lommer.







 Lomme laga av ei heklabrikke.








Barneforkle i 100% gjenbruk. Rutastoffet er frå ein duk og det blomstra frå eit dynetrekk. Det er dette eg likar aller best, å lage nytt av brukt!


Er glad eg har fått vinterdekk på bilen for her er det meldt snø til i morgon! Kan ikkje akkurat sei eg likar det.........Vinter er ikkje mi favoritt- årstid nei........

God haustkveld til alle som kikar innom!

PS. Har du fått med deg at eg har ein "gje-vekk" på gong?  Ikkje forseint til å melde seg på endå, trekning 1. november. HER  finn du innlegget. Ei fin skulderveske kan verte di.


                                            Helsing Alva


søndag 21. oktober 2012

GRØNN SISSEL


Etter at eg fann fem asjettar av grønn Sissel frå Figgjo (det kan du lese om her ) har eg stadig vore på jakt etter fleire delar til dette serviset. Og aller helst ynskjer eg meg tekoppane for eg likar så godt fasongen på dei. Men det er sanneleg ikkje lett å finne. Ser av og til desse koppane på nettauksjonar, men til slike prisar at det ikkje er aktuelt. Av og til dukkar det opp andre delar og nyleg kom vi over ei mugge og ei fløytemugge på ein nettauksjon. Prisen var grei og jammen vann vi bodrunda! Eg seier vi for det er husbonden som er eksperten på dette. Han er ein resar på å vinne bodrunder........


 Denne mugga var mykje større enn eg såg føre meg! Elskar fasongen på den...........




Her i lag med fløytemugga. Eit par tefat  i ulike størrelsar fekk vi også sikra oss.......Det minste passa perfekt til fløytemugga.



Dei søte koppane fann eg på bruktbutikken i sommar. Det skreiv eg om her. Dei er også frå Figgjo, men manglar asjettar. Så enn så lenge brukar eg Sissel-asjettane til sidan eg ikkje har koppar til dei. Dette er jukseblogging på sitt beste, bordet er dekka kun for fotografering.......




 Fall fullstendig for desse koppane, klarte ikkje å gå i frå dei. Synest dei er så søte.......









Har nokre delar til blå Sissel også, blant anna dette søte påleggsfatet. Men i dag er det verdens beste gulrotkake som ligg på.

Tusen takk for alle fine kommentarar på dei siste innlegga! Eg er så rørt over dei gode orda dokke legg att! Det gledar meg og inspirerer meg veldig!!

Og  hjarteleg velkomne til nye fylgjarar!

I dag har eg fått brukt litt tid på syrommet! Med nyaste plata til Vamp i cd-spelaren gjekk det unna!
"Liten fuggel" må vel vere ein av dei finaste songane som er laga vel!??  Kan ikkje høyre den utan at tårene kjem eg..... Det er noko med den songen som treff meg så inderleg........ Mulig det har noko med livssituasjonen vår å gjere ..... veit ikkje heilt ......

Kva eg har laga får eg vise i neste innlegg. Må få teke litt bilde i dagslys først. Men kan sei så mykje at det handlar om både prikkar og hjerte ............

Fin søndagskveld ønsker eg deg!

                                                Klem frå Alva



 


fredag 19. oktober 2012

KLE TIL EI LITA SNUPPE


Huskar dokke dette innlegget  om alle dei fine retrostoffa eg fekk i hende?  Omsider har eg fått sydd nokre plagg til den vesle jenta og fått levert dei. Så då kan eg endeleg vise kleda!


 Overall sydd i ny mørkeblå babycord. Det grøne stoffet er frå ekte retro kjøkkengardiner. Likte veldig godt denne modellen frå Symagasinet.



Og så dette aldeles skjønne dynetrekket -  det måtte det sjølvsagt verte ein søt kjole av. Limegrønt polkadottstoff vart prikken over i-en synest eg. Det synest heldigvis mora til jenta også.


 Har dokke sett noko så nydeleg? Er heilt forelska eg..........





Alle stoffa i denne kjolen er frå dynetrekk. Det med sommarfuglar på er frå bruktbutikken. Det passa perfekt i lag med det småblomstra! Eit av mine favorittstoff, eg er veldig svak for blått og turkis.....



To snurreskjørt vart det også, i skikkelege gladfargar. Kjekke og raske å sy desse skjørta, trur absolutt det vert fleire slike!



Håper den vesle jenta er fornøgd med dei nye kleda, trur iallefall mora er det.....

Minner om at eg har ein "gje vekk" her . Har du lyst på ei romsleg skulderveske må du melde deg på!
Ikkje så mange som har meldt seg endå.......

Og så er det jammen meg helg igjen! Lurer på om det er berre mandagar og fredagar i vekene no for tida eg ...????

God helg til alle der ute!

                                    Klem frå Alva.


mandag 15. oktober 2012

TIL EIN LITEN KOKK

Eg har så smått starta med litt juleproduksjon. I november opnar ein julebutikk eller julehus som vi kjem til å kalle det i tilknytning til Svendsengarden i Ørsta (som eg skreiv om HER .) Der skal eg vere med i lag med ein gjeng kreative og flinke damer med ulike produkt. Vi kjem til å halde ope kvar laurdag fram til jul. Så her går planlegginga for fullt.


Dette forkleet sto i Alt om Handarbeide for eit par år sidan. Eg sydde to stykker då, men synest det var mykje arbeid for så lite og har ikkje laga det sidan då. Likar nemlig ikkje så godt å rynke....... Men no fekk eg lyst å prøve meg igjen sidan eg fann dette polkadottstoffet på  Stoff og Stil tidlegare i haust. Og har du sett - det gjekk som ein leik! Synest ikkje det var mykje arbeid i det heile tatt! Så då vert det nok eit par stykker til av dette tenkjer eg.

Så ser eg at teljaren straks rundar 5000 og det er no heilt fantastisk på 5 månadar!
Og det må sjølvsagt feirast, så difor planlegg eg ein liten "gje vekk". Så følg med.........

Her har vi hatt nok ein strålande haustdag, men regnet er visst like om hjørnet no.

God ny veke til alle !

                                  Klem frå Alva



tirsdag 9. oktober 2012

FROST


I dag vakna vi opp til frost -  kvitrima natur, knallblå himmel og strålande sol! Eg likar det ikkje men må innrømme at det er vakkert. Så då måtte eg ein tur ut med kameraet og ta litt frostbilde.
Trur eg snart må lage meg ein fotoblogg - for no er det visst like mykje natur som saum her inne......


Vakre snødekte fjell...... Saudehornet midt i bildet. Dette er utsikta mi frå stoveglaset.







Framleis nokre bringebær att - dette var stivfrose.........


 Jordbærplanter.......





 Solstrålane kjempar seg fram.....








 Nussi-pus har lyst ut men synest det ser litt kaldt ut......


"Vær så snill og lat meg sleppe å gå ut då..... Lat meg heller få sitje her over omnen og varme meg.... eg fryyyys sånn......."

Ha ein strålande dag alle sammen!


                             Helsing frå Alva og Nussi-pusen


lørdag 6. oktober 2012

DOKKEKLE


Sanitetslaget her i bygda skal halde basar i morgon og eg har bidrege med litt kle til babyborndokka som skal loddast ut.
Dokkekle synest eg er veldig kjekt å sy. Det er smått og gjerne litt pirkete, men likevel raskt å lage. Og så er det ein flott måte å få brukt opp litt stoffrestar!
Kosar meg skikkeleg når eg lagar desse søte små plagga.
Tre antrekkk var det eg rakk denne gongen. Skulle gjerne ha laga meir - men tida strakk ikkje til......


Finkjole må sjølvsagt vere med......Kjolen er open bak med borrelås-lukking slik at den skal vere enkel å ta på og av for små hender.



 Forkle -sett til ein liten kokk.......



Overall og frottègensar. Gensaren er også open bak med borrelås-lukking. Greit å sleppe å dra den over hovudet........ Alle mønster er frå bøkene til Anne Grete Gaaserud. Gode og enkle mønster med romslege modellar.

Andre flittige hender har strikka forskjellige antrekk, så det er ei rikhaldig garderobe som fylgjer med. Til og med garderobeskap høyrer med til gevinsten.
Så får vi berre håpe at det er ei heldig lita dokkemamma(eller dokkepappa for den saks skuld) som vert eigar av denne i morgon.

God helg til alle som kikar innom!

Oppdatering søndag:
Då er basaren over og dokka kom absolutt på rett plass!! Det er sååå kjekt!!!


                                              Klem frå Alva


mandag 1. oktober 2012

PÅ TUR GJENNOM KVIVSTUNNELEN




Som dei fleste sikkert har fått med seg er eg over gjennomsnittet glad i å ta naturbilde. Den hobbyen deler eg med husbonden og med jamne mellomrom dreg vi på fototurar i lag. Som eg har nemnt tidlegare har han ein alvorleg sjukdom og orkar difor ikkje så store fysiske utskeielsar. Han har det ganske bra, men vert fort sliten. Og sidan framtida er uviss prøver vi å gjere hyggelege ting i lag medan han orkar det. Det er ikkje noko vi går rundt og tenkjer på heile tida, men det ligg der likevel i bakgrunnen.... Køyre bil er noko han både likar og orkar, så difor er det oftast det vi gjer saman. Søndag drog vi på ein slik tur. Og kva var vel meir naturleg enn å teste Kvivstunnelen og sjå korleis det ser ut på andre sida, i Hornindal.

Håper de ikkje er alt for lei av å sjå naturbilde for her kjem eit lite ras.....




Desse to bilda er teke på sunnmørssida av tunnelen, like ved Fyrde i Austefjorden.



 Så har vi komt oss gjennom tunnelen og etter ein sving innom Grodås køyrde vi opp gjennom dalen i retning Hellesylt i håp om å kunne fange fine haustfargar med kameralinsa.


 Og sjå berre kva vi fann! Ikkje berre dei nydelegaste haustfargar men også ei vakker gammal steinbru og eit flott naturområde!


 Det majestetiske fjellet i bakgrunnen heiter Hornindalsrokken, eller Honndalsrokken på folkemunne.





Den solide brua heiter Honndøla bru.
Kaffi og god niste vart innteke ved den fredelege elva. Berre nokre fuglar underheldt oss med vakker song på andre sida.

 Her er eit av naturens meisterverk brukt som endestein på brua.


 I den koslege vesle bjørkelunden vaks desse vakre soppane. Men berre til å sjå på........




Slike turar gir påfyll til både kropp og sjel . Så får det heller vere at eg helst burde vore heime og gjort meir "nyttige" ting - dette er meir nyttig enn noko anna. Alt det andre kan eg gjere seinare.

                                                    **************************

Eg lovar å kome med eit nytt syinnlegg snart, må berre få sydd litt først.............

Fin mandagskveld og god ny veke til alle. Husk å ta vare på kvarandre.

                                                       Klem frå Alva