torsdag 22. november 2012

Då syster mi vart henta av heksa......

Som eg fortalte i forrige innlegg så har eg ei syster med ganske så livleg fantasi. Ho er fire år eldre enn meg og eg såg veldig opp til henne og trudde sjølvsagt på alt ho sa! No skal det seiast at eg er ganske lettlurt, det er mange som har hatt mykje løye med det.......


Eg veit ikkje kor gammal eg kunne ha vore då denne historia dukka opp, men eg huskar den iallefall veldig godt! Sikkert fordi den gjorde eit sterkt inntrykk på meg!

Syster mi fortalte meg nemlig at ho hadde vore på Bloksberg!
"Og korleis kom du deg dit då" ville eg vite.
"Jau, heksa kom og henta meg og så fekk eg sete på med sopelimen hennar" kunne ho fortelje meg.
Eg var litt tvilande til denne historia så eg spurde om ikkje mamma og pappa hadde merka at ho var vekke. For dei hadde ikkje sagt noko om dette til meg.
"Neida, dei merka ingenting for heksa kom om natta då alle sov"
"Jammen, viss dei vakna og såg at senga di var tom då?"
"Heksa la att ein lapp på puta mi slik at dei skulle vite kvar eg var." Ho hadde visst eit svar på alt,
så no var eg endeleg overbevist.
Eg lurte på korleis det såg ut på Bloksberg .
Og då kunne ho fortelje at Bloksberg var eit stort, høgt berg dekt av berre mose og så var det hav rundt på alle kantar. Og det var fullt av andre barn der.
Så ville eg vete kva dei fekk til mat og drikke.
"Nei, mat fekk vi ikkje, og skulle vi ha drikke måtte vi lage oss koppar av mose og gråte tårer nedi og drikke dei". Stakkars ungar, då var eg jammen glad eg ikkje vart henta av heksa!



"Kor lenge var du på Bloksberg då"  ville eg vete.
" Eg var der i mange dagar, men egentlig var eg vekke berre ei natt"
Dette var litt vanskelig å forstå, men eg godtok det svaret også....
Før morgonen grydde så skyssa heksa henne heimatt på sopelimen, inn gjennom eit ope vindu og oppatt i senga utan at ei sjel hadde merka at ho hadde vore vekk. Det synest eg var godt gjort!

Så slik er historia om då syster mi vart henta til Bloksberg av heksa!
I mange mange år trudde eg at dette var ei sann historie. Eg funderte veldig på det, og laga meg bilde i hovudet av både heksa og Bloksberg.....

Då eg for nokre år sidan fann mønster til dette veggteppet i ei av bøkene til Lise Bergene visste eg med ein gong at eg måtte lage det til syster mi. Tittelen på det er " Til Blokksberg" og kunne ikkje passa bedre! Ho fekk det i bursdagspresang, og det vart veldig godt motteke. Det heng i stova hennar, over sofaen!

Må legge til at syster mi er utdanna førskulelærar og det er mange barn og ikkje minst kollegaer som har nytt godt av fantasien hennar!

Takk skal du ha R.! Verden hadde vore fattigare utan deg! Du er unik!

                                  Stor klem frå Alva

tirsdag 20. november 2012

UGLER I HAGEN.....



 Denne flokken med ugler kom flygande inn i hagen og landa i plommetreet!



 Her sit dei vaglande i vinden og mildveret og veit ikkje heilt kvar dei er komne......


 Ulfhild er litt blyg og småredd.....



 Grønn-Ulf er klar i blikket og veldig spent.....


 Uglfrid er visst sliten etter flygeturen.....



 Blågg- Ulf himlar med det blå blikket sitt og lurer på kva som skal skje.... Er det ei søt ugle-jente i sikte snart?







No har dei flytta inn på sofaryggen i påvente av å kome opp i kofferten til Ulrikke. Blågg-Ulf har høyrt rykte om den fine Ulrikke og gled seg veldig til å møte henne.

Synest du eg har livleg fantasi???? Dette er ingenting i forhold til storesyster mi.....
Ho har livleg fantasi ho!! Då vi var små dikta ho opp dei mest utrulege historier som ho fortalte til meg.
Og eg trudde sjølvsagt på alt ho fortalte.
Neste gong skal eg fortelle ei av historiene.... Og den foregår i reinaste Harry Potter stil.....


                                                                  ***********************


Lurer på kva dei tenkte karane som grov i bakken oppom huset vårt då eg sprang rundt i hagen med fargerike skapningar og plasserte dei opp i trea.... Ikkje kunne vel dei vite at eg er bloggedame og må ta fantasifulle bilde til neste innlegg.....(og ikkje veit dei vel kva ei bloggedame er for noko heller......)
Og dei av naboane som såg meg i aksjon fekk vel berre bekrefta sine mistankar - at ho der i nr.26 er temmelig sprø..........

                                                    MEN BRYR EG MEG OM DET?????  NEIIIDA!!!!!


Her er det 12 grader og mild fønvind! Deilig!!!!
Håper du også har det fint!

                                               Klem frå Alva

lørdag 17. november 2012

Vellukka opning av julebutikken!

Då har vi opna julebutikken vår og eg skal sei det vart vellukka! Med fin omtale i lokalavisa i dag vart det ein bra start! Mykje folk var innom dørene til den koslige butikken vår der ein vart møtt av den nydelege lukta av krydderhjerta mine. Heilt ut i gangen lukta det og mange lurte på kva det var som lukta så godt!

Alle måtte bort til juletreet og stikke nasa inni i striehjerta fylt med herlig krydder! Gremmes over det dårlige bildet! Må bruke blitz, for det er litt dårlig belysning der.



 Her er det nostalgiske hjørne......



Salget vart bra,eg er iallefall kjempefornøgd med første dagen! To av snurreskjørta vart selde, blant anna det rosa med hestemotiv på. Det kan du sjå her . Så eg må nok sy litt fleire skjørt.....







The Ugly Family er no splitta, berre stakkars Ulrikke sit einsam att i kofferten. Resten av familien fekk nye heimar i dag. Får sjå om ikkje eg får laga nye familiemedlemar til henne for det vart litt tomt i kofferten....

Tilbakemeldingane var veldige gode, særleg over det fine lokalet og den flotte utstillinga vi hadde laga til. Veldig inspirerande og kjekt med så god respons!

Då ynskjer eg alle ei god helg! Ser ut som der vert litt sying på meg.....


                                                   Klem frå Alva

torsdag 15. november 2012

Julebutikken i Svendsengarden


Her kjem nokre bilde frå julebutikken.  Det står enno att litt detaljar, men det meste er på plass.




I denne bygninga tilhøyrande Svendsengarden i Ørsta held altså julebutikken til. Her i dette lokalet har det blant anna vore landhandel, bibliotek og bakeriutsal. Vindusutstillinga er ikkje heilt ferdig her.



Sjå på dette fantastisk flotte inngangspartiet! Men det er ikkje her inngangen skal vere, for her går det rett ut i ein sterkt trafikkert vei. Nei, inngangen vert her....

..... frå bakgarden til Svendsengarden.


Dette møter du når du kjem inn gjennom døra frå gangen. Masse flott handtverk!
Vi er sju kreative damer som er i lag om julebutikken. Lokalet er som skapt for ei slik utstilling! Sjå på dei nydelege veggane! Fargane går i gammelrosa, den nydelegaste lysegrøne farge du kan tenke deg og grått listverk. Her kunne eg nesten budd!


 Kjolar og strikkeplagg.....



 Bilde og barnekle...... "The Ugly family" er med , dei bor framleis i ein gammal koffert. Lurer du på kva the Ugly family er for noko kan du lese om dei her  og  her .



 Sjekk desse stilige grisane då.



 Smykker, glasfat, hekla huer......


 Puter
















Nydelig glaskunst.


Julebutikken opnar altså fyrstkomande laurdag og held ope kvar laurdag fram til jul frå kl. 11-16.
Kjem nok til å opdatere med fleire bilde etterkvart.

Håper dei som bor her i distriktet tek seg ein tur innom den flotte julebutikken vår!

                                               Helsing frå Alva

tirsdag 13. november 2012

HEKTA PÅ STRIE



Eg har visst forelska meg i strie! Ideen til desse stjernene kom plutselig dettande ned i hovudet mitt i dag.... Og no som eg egentlig var ferdig med alt eg skulle lage til julebutikken.... Men når ein ide kjem så må den berre prøvast, og desse var raske og enkle å lage. Har ein plan med dei til utstillinga....



Brukte opp all strien eg hadde funne på bruktbutikken så då var det berre å hive seg i bilen for å sjå om der var meir å finne. Og av og til står lykka den kjekke bi - eit heilt plastnett med strie - under reolen låg det, måtte ned i kneståande for å få fatt i det! Synest de ikkje at de ser meg, krypande på golvet i bruktbutikken for å drage fram posen?!! Har funne ut at det er lurt å kike under bord og reolar, det er ofte der godbitane ligg.....



Har også sydd krydderhjerta med brun tekst og tråd - likte det nesten bedre enn med raudt. Dei kan du sjå her .

I morgon skal julebutikken lagast til, det vert spennande! Spent på å sjå kva dei andre har laga. Bilder kjem etterkvart. Det er berre litt håplaust å ta bilder denne tida når lyset er fråverande.....

                                                            *********************

Til dei som har prøvd eller har tenkt å prøve oppskrifta eg la ut på tova tøfler, no har eg oppdatert med fleire størrelsar, heilt ned til baby! Supert til julegåver, raske å lage. Innlegget finn du her .

Så vil eg nytte høvet til å sende ei varm takk til dei trufaste som legg att kommentarar hos meg!
Eg set umåteleg stor pris på det! Det er så inspirerande! Takk skal de ha:))

God onsdag til deg!

                                        Helsing frå Alva.

søndag 11. november 2012

OLDEMORSPUTER



Eg har to gamle oldemorsputer som eg er veldig glad i og som betyr mykje for meg - for det er nemleg mi
oldemor som har hekla dei. Vi hadde dei i barndomsheimen min så det knyter seg mange minner til desse putene. Huskar vi hadde ein divan i stova, ein slik med fjører i som gjorde den utruleg god å hoppe på - vi spratt mest opp i taket. Det var vel den tids trampoline! Den var veldig god å ligge på også og der låg vi gjerne visst vi var sjuke. Og på denne divanen låg altså desse putene.


Dette var på 60- og 70 talet. Mi oldemor som laga desse putene døde i 1973, så eg trur dei må vere frå tidleg 60- tal. Då eg fekk dei i hende av mi mor for eit par år sidan var dei i nokså dårlig forfatning.
På puta til høgre på bildet under har eg hekla nytt alt det svarte ytterst og laga nytt bakstykke. På den andre er alt det svarte nytt og alle dei kvite omgangane. Her var bakstykket hekla så det var heilt og fint.
 
Det er så kjekt å ha slike gode barndomsminne liggande framme så eg kan sjå på dei kvar dag. Likar så godt fargane i dei, passar så godt om hausten.
Huskar godt oldemor, der ho alltid sat med spøtet mellom hendene og strikka sokkar til alle oldebarna. Ho hadde kvitt langt hår som alltid var tvinna opp i ein knute i nakken.  Det vanka alltid noko godt når vi kom på vitjing, som regel var det kandissukker frå ein spisspose(slike som hang i hop i eit tynt tau)eller kamferdrops om ho ikkje hadde noko anna å byde på.



Slik ser det ut i sofaen no,om sommaren har eg andre meir sommarlege puter her.. Puta i midten er redesigna av ei nydelig hardangersaumpute frå bruktbutikken, linstoff rundt kanten. Dei to andre har eg laga av koppehanddukar, trur dei er kjøpte på Kid.

I dag er det farsdag så då vert det kake og koslig besøk av dotter og svigerson.
Sender ei varm helsing til deg min kjære far. Passar vel bra med minner om "besta opp i garda" på farsdagen! Klem til deg, eg veit du følger med på bloggen!

Og god søndag til alle andre der ute også!

                                          Helsing frå Alva

fredag 9. november 2012

NOSTALGI


Her i huset har det råda det totale kaos dei siste par dagar!
Som eg har nemnt før skal eg vere med på ein julebutikk i lag med nokre andre damer og den skal opne den 17.november. Så siste vekene har vore brukte til å produsere til dette formål. Synest det har gått litt tregt med produksjonen, har liksom ikkje hatt den heilt store ånda.....
I går byrja eg på den kjedelege jobben med å merke, prise og listeføre alt. For å få litt armslag bar eg alt inn på stova .... og eg bar og bar OG bar - frå syrom og frå kjellar..... å jøye meg, det var visst ikkje lite likevel! Katten kom inn og visste ikkje kvar han skulle gå - og bestemte seg likegodt for å legge seg OPPI ei korg med hjerte! Merkelig med kattar og korger.....

Eg elskar retrostoff og dei fantastiske fargane frå 60 og 70 talet. Men eg er også veldig svak for den meir nostalgiske stilen med sarte fargar og blonder.
Så i dette innlegget vil eg vise litt av det eg lagar i den stilen. Desse putene  likar eg godt å lage. Fin måte å få brukt gamle heklebrikker på.


 Nostalgiske hetter til Norgesglas. Englar passar bra sidan det går mot jul......



 Dårlig bildekvalitet, men bilda er tekne i kveldslys.......







 Denne julestrømpa vart eg veldig fornøgd med! Likar så godt den isblå fargen......

Så no er alt prisa og pakka ned og i stova herskar det orden igjen (nesten iallefall)
Vert nok litt meir sying framover for det er framleis nokre ting eg hadde tenkt å lage som eg ikkje har fått sydd endå. Men no kan eg berre kose meg framover og vite at det meste er i boks!

 
                                                            **********************
Har fått fleire spørsmål om kvar julebutikken skal vere. Den skal vere i eine sidebygninga til Svendsengarden i Ørsta. Kjem til å lage eit innlegg om det ut i neste veke når utstillinga er ferdig.
                                   
           
                                                             **********************

Men no er det visst natt snart!
Fin fredag ynskjer eg deg!

                                        Klem frå Alva



mandag 5. november 2012

Rosa snurreskjørt og hjertebankstoff......


Rosa er vel kanskje ikkje den mest typiske retrofargen, men det er iallefall ein farge som sel godt. Særleg bestemødre likar å kjøpe rosa til små jente-barnebarn. Så difor har eg satsa litt meir på rosa siste året, sjølv om eg synest det er mykje kjekkare å sy av andre knæsje retrofargar. Men søtt er det,  ingen tvil om det.
Så då måtte eg lage eit parti med rosa snurreskjørt også. Og søte vart dei......

Det herlige hestestoffet og det aldeles nydelige blomstra stoffet kjøpe eg hos AvMeg. Ho har mange fine retrostoff til salgs.



 Har brukt ei blanding av nye og brukte stoff. Størrelsar frå 3-6 år.





 På vei heim frå jobb i dag var eg ein snartur innom bruktbutikken for å sjå etter noko spesielt. Det eg såg etter fann eg ikkje, men fann til gjengjeld noko som eg nesten dåna av.......


To putetrekk av dette nyyydelige sukkertøystoffet! Fargane lyg litt her, er finare i virkelegheita.
Håper det ikkje sto nokon på andre sida av reolen, for då må dei ha trudd at eg fekk eit illebefinnande slike gispelydar eg laga.......
Det er ein uvanleg fasong på dei, smale og veldig lange. 
Synd eg ikkje hadde dette stoffet før eg sydde skjørta - spørst om ikkje eg må lage fleire!


No nærmar det seg opning av juleutstillinga , denne veka skal vi byrje å klargjere lokalet. Det er eit supert lokale i ei gammal bygning. Bilder kjem etterkvart. Vi opnar neste laurdag, den 17.november.

Ynskjer ei super-duper veke til alle som tittar innom!

                                        Klem frå Alva

lørdag 3. november 2012

RETRO-LYKKE!


For eit par dagar sidan fekk eg ein pakke i posten. Eg visste om den så det var ingen overraskelse, men eg var likevel veldig spent då eg opna den. For pakken inneheldt det ULTIMATE retrostoffet!


 To putevar, enno liggande i orginalpakningen! O for ei lykke! DETTE er hjertebank stoff det!
 Sjekk teksta: for det moderne hjem! Morsomt i dag.....


Eg er så heldig å ha ein svoger som elskar bruktbutikkar og har god nase for å spore opp slike også.
Og av og til finn han slike godbitar og då tenkjer han straks på meg! Er eg ikkje heldig vel? 30 kr. måtte han ut med for desse to. Som betaling skal han få noko sydd av meg, men han ville ikkje ha eit rosa snurreskjørt.... kan dokke begripe det????



Sjå på dette fantastiske mønsteret og dei aldeles nydelege fargane, eg dånar nesten!! Kjem nok til å tenkje meg nøye om før eg sette saksa i det. Det er litt stivt i stoffet så eg er spent på korleis det vert etter vask. Trur kanskje det kan verte ei skulderveske av det. Slik kvaliteten er no er det for stivt til barnekle men supert til veske!



Dette er vel 70-talet på sitt beste!


Og så er det laurdagskveld og helg igjen. Her har vi eit mildt og godt ver om dagen, nesten vårlig er det! Eg har ingenting i mot det, vinter er ikkje heilt mi greie.......

Dei rosa snurreskjørta er ferdige så dei kjem i neste innlegg.

God laurdagskveld og nydelig søndag til alle der ute!


                                             Klem frå Alva