fredag 28. desember 2012

SUPER JULEGÅVE



Denne supre kameraveska til å henge rundt livet var ei av julegåvene eg fekk av mine kjære!
I dag har eg vore ute og testa den. Det kan du lese om  HER .
Veska er kjempeflott, sit godt på rumpa når eg går og enkelt å få kameraet opp og ned av den sidan den har god opning. Heilt super rett og slett sidan mitt kamera er ganske tungt å bere på. No er ikkje det noko problem lenger!



Fint og vinterleg ved Hovdevatnet i dag.

Fortsatt god romjul til alle!

                                     Helsing frå Alva

                       

tirsdag 18. desember 2012

RAUDT

Det har ikkje vorte så mykje sying siste vekene, men litt har no vorte laga. Ikkje alt kan visast på bloggen sidan det snart er jul. Men denne Postman Pat overallen kan eg vise, for det er ikkje gåve.



Den vart laga i same farta som eg laga dei to forrige. Postman Pat vert eg aldri lei av. Har heldigvis enno ein del motiv att.

                                           



Det raude snik seg meir og meir inn i heimen, dvs. inn på kjøkkenet. Starta litt forsiktig til advent, og i dag har eg pynta med ruta band og leitt fram litt meir av det raude.
Eg er ganske tradisjonell når det gjeld jula, må ha med litt raudt. Men på stova er det ingenting som minner om jul endå, og sånn skal det vere til lillejulafta.



Svibel i eit sausenebb er standard på kjøkkenbordet. Sausenebbet er eit bruktfunn. Fatet under er fast på. Pynta med eit ruta band vert det straks meir julete. Ein rutete duk har og kome på bordet.


Tomatar har vi alltid i ei skål på bordet, og i dag vart den skifta ut med ei raud prikkete. Kakeboksa er eg veldig glad i, det var ei av dei fyrste kakeboksane eg kjøpte som nygift i 1981! Kunna ikkje passa bedre i dag......... Stoffposen rommar vitaminer og fyrstikker. Veldig praktisk! Sjølvlaga - såklart.






Eg var så heldig at eg fekk ein stor flott asalea her ein dag. Det er ei plante som treng uhorveleg mykje vatn, så den får seg dagleg eit bad i ei bøtte. Ein dag låg der att ei lita grein i bøtta etter dåpen   
og den fekk kome i eit lite glas - funne på gjenbruk sjølvsagt. Med eit rutete band på vart det veldig julete og fint synest eg.


Siste veka før jul allereie!! Det går rivande fort no.....
Vi er heldigvis velsigna med eit nydeleg ver her på desse kantar og det skulle visst vare fram til iallefall julafta. Utruleg deilig! Og ikkje minst lettvint......

Håper du har det bra der du er, eg har det iallefall supert!!!!

                                       Klem frå Alva


lørdag 15. desember 2012

KASPARAS KONJAKK-KRANSAR


Det som er så kjekt med å blogge er at ein både kan inspirere andre og verte inspirert sjølv.
Synest det er utruleg kjekt når nokon skriv i kommentarfeltet at dei har laga eller skal lage noko eg har vist. Så lenge det er til eige bruk eller gåve synest eg det er heilt greitt at ting vert kopiert. Noko anna er det visst det er laga for salg. Då synest eg ikkje det er greit å verte kopiert.
Ein bør uansett fortelle kvar ein har sett ideen viss ein viser det på bloggen.

I dag har eg vore inspirert til å lage Kasparas gode konjakk-kransar.


Og desse kan virkelig anbefalast på det varmaste! Fekk tillatelse frå husbonden til å ta konjakk (for konjakk er ikkje mi greie....) Til gjengjeld fekk han smaksprøve før dei var skikkelig kalde.
Og dei lydane som kom frå han kan berre tolkast som at dei var meir enn gode!
Oppskrifta på desse godbitane finn du HER .
Må innrømme at det var ei lita tålmodigheitsprøve med trilling og fletting, men vel verdt arbeidet!

I morgon står gjærbakst for tur og då vert det ikkje laga meir for mitt vedkomande.

God laurdagskveld til deg:))

                                             Klem frå Alva

onsdag 12. desember 2012

HUSK SMÅFUGLANE!


Berre eit kjapt innlegg frå meg no på formiddagen.....
Her vart det brått kaldt igjen, minus 9 viste målaren i dag tidleg.
I går kom det  også litt snø, så då er det på tide å tenkje på småfuglane.

Eg lagar enkelt og greitt fuglemat sjølv. Har hatt litt dårlig erfaring med dei ferdigkjøpte meisebollane, synest ofte dei surnar og fuglane vil ikkje ha dei. Dei heimelaga elskar dei!
Eg smeltar ein pakke matfeitt( eg brukar Flott matfeitt) i ei panne og tilset villfuglblanding, reinska solsikkekjerner, fuglenøtter, litt kokosmasse, litt havregryn og rosiner. Så fyller eg det på mjelkekartongar eller pappkrus. Festar ein taubit på ein liten pinne(brukar ein bit av ein blomsterpinne)og legg det i botnen før fylling. Strammar litt i tauet medan eg fyller slik at det kjem nokolunde i midten.
Så er det berre å la det stivne før eg fjernar pappen.


Så mykje vart det av dagens produksjon. Seinare idag skal det hengast ut i treet utanfor vinduet,
til glede for småfuglane og ikkje minst pus som har underhaldning i vinduskarmen innanfor!

Takk for alle koslege kommentarar på forrige innlegg:) Set stor pris på kvar og ein!

Ein strålande onsdag ynskjer eg deg!

                                        Helsing Alva

søndag 9. desember 2012

FØRJULSKOS


I dag har vi hatt ein skikkelig kosedag her i huset!
Starta dagen med å lage ein adventsdekorajon. Bedre seint enn aldri.....


Enkelt og greitt, heilt i min stil......


 Denne terrinen i sølvplett fekk vi i bryllupsgåve tidleg på -80 talet. Har aldri brukt den til det den er meint, men den er super å lage dekorasjon i. Det høyrer også med eit lokk i sølvplett.

Så fortsette dagen med julemannbaking i lag med dotter mi.


Her er oppskrifta vi brukar:

                                  JULEMENN

                                500g. sukker
                                250g. smelta margarin
                                5dl. mjelk
                                30g. (2ss.)hjortesalt
                                mjøl til passe deig
Må ikkje kjevlast for tynne. Steikast ved 200gr. ca. 10 min.
Desse vert litt tjukke og mjuke inni.


 Vi malar før steiking, då vert det mykje finare.....


 Steiking pågår......

Det er nokre ting som høyrer med når vi har bakedag før jul.
Noko av det viktigaste er denne CD-plata:

 Den har vi spelt i mange,mange år og er den finaste juleplata vi veit om!



Noko anna som er tradisjon er gløgg. Det må vi ha når julemannane skal smakast på.....
        Og så må vi ha levande lys på bordet.


 Dotter mi er nyforlova og romantisk så her har ho laga eit hjerte til seg og kjæresten.....



 Her er det ferdige resultatet, og dei smakte fortreffelig!
I tillegg laga vi cookies og kransekakestenger, og toppa det heile med brente mandlar.

Slike kosedagar som dette er gull verdt og det beste med heile førjulstida!

I dag synest eg teksta på tavla mi passa ekstra godt!!

Håper du også har hatt ein koselig søndag!

                                     Klem frå Alva

torsdag 6. desember 2012

TO SMÅ OVERALLAR.

Då kan eg krysse to bestillingar av lista mi. Godt med alt som er unnagjort......

To overallar i str. 1år  med Postman Pat motiv. Bestillar ynskte strikk nede i staden for oppbrett, og det synest eg faktisk vart finare. Buksa er ikkje fora heilt ned.



Storkosar meg når eg syr desse overallane! Det er så gøy å leike seg med stoff i ulike fargar , motiv og band!  Diggar desse Postman Pat motiva!

Her har vi hatt kaldt ver i over ei veke no, så eg har gått litt i hi.....
Trivest ikkje i slik kulde, men det skal visst vare ei stund enno så eg får vel halde meg inne i hiet mitt ei stund til! Kosar meg med litt sying og i helga vert det baking i lag med dotter mi.
Sist helg baka vi lefser, veldig kjekt å gjere slikt i lag. Ho har teke over kjevlinga for hendene mine greier ikkje den jobben lenger. Og det klarer ho med glans!

Ynskjer alle ei fin førjulstid! Husk å nyte desse dagane saman med dei du er glad i!

                                            Klem frå Alva.