tirsdag 22. januar 2013

EI VESKE TIL I 70-TALS STRIPER



Då er veske nummer to i dette typisk 70-tals stoffet ferdig. Har endra litt på modellen til denne. Huskar du ikkje heilt korleis den første såg ut kan du sjå det her .
Vart i grunnen veldig fornøgd med den - og så gjekk det mykje raskare å lage denne enn den første
sidan eg no visste korleis eg skulle gå fram.



Sidan eg ikkje hadde fleire magnetlås valgte eg å legge inn ei hempe i staden. Hadde verken brun eller orange anorakksnor så då vart det linfarga.  Ikkje heilt optimalt , men som godaste "Kjellen"
seier: " LA GÅ"



Den gamle knappen passa godt sidan den er ganske rund, fin å hekte hempa rundt. Den er brunsvart sjølv om den ser svart ut på bildet.


Innvendig laga eg ei mobillomme med glidelås utanpå. Foret er eit nydeleg silkeliknande stoff frå
bruktbutikken.  Veit ikkje om det er ekte silke, men det virkar sånn. Det er ganske tjukt og kraftig.
Trur det har vore brukt til lampeskjermar for det låg i ein pose i lag med nokre band som var typisk til lampeskjermar.

Det er framleis kaldt her så det går i ullkle og vedafyring. Her eg bur har vi ikkje fått att sola endå,
men til helga skal vi sjå dei fyrste strålane og det ser eg veldig fram til!

                                        Håper sola skin på deg på alle måtar!
                                        God tirsdagskveld :))

                                           Klem frå Alva



3 kommentarer:

  1. Jøss, ei flott veske til. Fin innvendig også med eit slikt luksusfor.
    Jaudå, eg reste meg på bruktbutikken Laurdag og gjett kva eg fann ned i ei kasse under reolane. Ein forbit slik at eg blir hjelpt. Jammen hadde eg flaks. Så no er det vaska og snart må maskina gjer jobben.

    Åååå det er kaldt.....har gått to turar i dag likevel. Du skjønna vekta mi viser slike rare tal :))
    Ha ein lun god kveld.
    Klem frå meg.

    SvarSlett
  2. Hei. Fann den fine bloggen din hos MarJE.
    Mykje fint å sjå. Den veska er både praktisk og fin.

    Eg legg meg til som fylgjar så eg kan få sjå meir til deg.
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Den ble fin - enig i at det ble finest med den mer runde formen :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no