onsdag 9. januar 2013

LØVEBLUSE

Når det skortar på inspirasjon er det ein ting som aldri slår feil. Det er å leite fram fargerike retrostoff! Og det har eg gjort og resultatet vart ein frisk bluse med løvemotiv.

SOLGT.
I utgangspunktet synest eg  at den var fin nok utan dekor, men etter å ha leita litt i stoffhyllene fann eg eit barnedynetrekk med mange fine motiv på. Då eg såg løva var eg solgt! Den passa så perfekt på blusen at den berre måtte få vere med!
Mønsteret er frå "Barn igjen".
Blusestoffet er frå eit dynetrekk og ermane frå ei fantastisk gardin! Veldig retro!


Stoffet er ganske tynt så det er ikkje alt det egnar seg til. Som ermar var det heilt perfekt!
Begge stoffa var blandt det eg fekk i fjor sommar og som eg skreiv om HER.


Å ta ei opprydding på syrommet er heller ikkje dumt for inspirasjonen, ingenting som er kjekkare enn ryddige arbeidsbenkar. Det vert ufattelig mykje støv av stoff, så ei real støvtørking gjer seg også i blandt.  Noko anna som er viktig er reingjering og oljing av symaskina. Eg er så heldig at eg har ei symaskin som varslar når det er på tide med reingjering og det er så stor forskjell på maskina før og etter! Lyden er heilt annaleis etterpå! Utruleg kor mykje støv og lo som samlar seg nedi maskina! Så dette er viktig!!

Ønsker ein fin og kreativ kveld til alle som kikar innom!

                                                   Klem frå Alva.

4 kommentarer:

  1. Helt herlig bluse!
    Ja, det kunne nok vært tid for litt olje her også - det skal jeg sjekke på min. Får lese i bruksanvisningen. Pleier å fjerne en del støv med en liten kost som fulgte maskinen, men olje har jeg ikke husket :)

    SvarSlett
  2. Eg blir like imponert kvar gong. Det er så flott med alt det kreative du kjem på å bruke stoffa dine til. Og så blir det så særegne og fine resultat. Eg beundrar dei kvar gong. Du er jammen flink Alva!!
    Eg må snart fram med truskeverket mitt eg også :) Skal sy ein un...... hemmelig inntil vidare. Skal blogge om det etterkvart når det blir ferdig. Håper det ikkje blir alt for lenge.

    Ha fortsatt ein fin dag...håper du ikkje frys!

    Varm klem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. Hei Alva
    Herlig, frodig bluse! Frontstoffet er så lekkert, har litt av det jeg også og det er absolutt et av mine favorittstoffer.
    Etter den store julestrømpe-produksjonen har det blitt litt lite søm her, men et par skjørt til meg selv har det blitt.
    Glad helg til kreative deg!
    Klem fra Kaspara

    SvarSlett
  4. Liker blusen, Alva, passer perfekt til barnebarnet mitt:) MÅ sy jeg nå, takk for inspirasjon og god helg:)
    Klem Trine:)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no