onsdag 30. januar 2013

PIPPIFORKLE OG SJARMTROLL


Som eg skreiv i forrige innlegg hadde eg eit spesielt besøk på søndag.
Det var den vesle jenta som eg har sydd kle til tidlegare.  Det kan du lese om her.
No har eg laga litt meir kle til henne og ho ønska seg blant anna Pippiforkle.
Og slike utfordringar likar eg godt!


Og slik vart resultatet. Laga ei bukse til også - den er knekort. Kjolen er laga av eit av putetrekka eg fekk av mora til jenta og fora med eit gammalt dynetrekk eg hadde i stoffsamlinga mi. Buksa er av same stoffet. På lomma applikerte eg på eit klovneansikt som kjem frå same dynetrekket som løva på løveblusen. Den finn du her.




Kjolen er vendbar og slik ser den ut bak:




Og her er sjarmtrollet i sitt nye antrekk:
(Har fått løyve av mora til å vise bilda)

Ikkje lett å fange ein aktiv toåring med kameralinsa, det er lopper i blodet på slike småtupper!
Men synest likevel bilda vart sjarmerande - sjå berre her:


Dette sjarmtrollet kunne eg adoptert på flekken! Heilt herlig er ho!



Ein forklekjole til fekk ho av meg - sydd av mormoras kjøkkengardiner frå 70-80 talet.
Fine minne etter mormora si............


 Denne er også vendbar.


Eit bakeforkle sto også på ønskelista - og kva passer vel bedre då enn å sy av mormors flotte kjøkkengardiner!  Nydelig stoff - eit av mine favorittar. Det ruta stoffet er frå ei gardin funne på loppemarked.


I tillegg har eg laga ein kjole - den kan eg vise i eit seinare innlegg.

Jenta og mora var veldig fornøgde med med kleda og då er eg også fornøgd!
Takk for herlig besøk Ingunn og Nathalie:))

                                             Klem frå Alva


4 kommentarer:

  1. Hei Alva!!!!
    Skjøna godt at alle saman var fornøgde med dissa fine og artige plagga der......veldig kjekt å ha noko som ingen andre går rundt i. Og så må det nok ver koselig å ha minner etter mormora i kleform...godt å tenke på henne når veslejenta sprada rundt i plagga laga av gardinene hennar.
    Jammen har du fått gjort mykje siste dagane.....flinke du ilag med maskina di.
    Rett og slett lekkert alt saman Alva!!
    Ha ein herlig kveld sjølv om det regnar. Var tenkt å gå meg ein tur no men slo det frå meg når eg opna utdøra :) Late.
    Klem frå meg i svingen.

    SvarSlett
  2. For nokre flotte kreasjonar du har laga.
    Gjenbruk er fantastisk, og så kjekt å ha noko som ingen andre har.
    Tenk, kjøkengardinene.. artig.
    For eit par år sidan var eg på Bjørke og såg mannekengoppvisning
    av kjolar til både born og vaksne.
    Kanskje hadde du noko av produkta dine der ?

    Ynskjer deg ein strålande kveld.
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Kjempeflotte! Likte alt sammen kjempegodt :) Skjønn 2-åring :)

    SvarSlett
  4. Ja, vi er kjempe fornøgde å ha noko ingen andre har, Nathalie får så mykje skryt i barnehagen av dei nydelige klede ho har på seg , alle lurer på kven som har laga dei ;)

    Ps: marJE du kjenner nok mora til Nathalie ;)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no