søndag 6. januar 2013

REDESIGN - VESKE


Endelig kjem det eit sy-innlegg frå meg igjen!  Syrommet har vore meir som eit katastrofeområde sidan før jul så det har ikkje akkurat inspirert til sying.  Det har vore lager for alle julepynt-kassene og anna som treng mellombels lagring. Klippebordet er også supert som pakkebord, så det har vore overfylt med papir, hyssing, pakkeband og merkelappar.
I dag har siste rest av jula forsvunne, alle kasser har kome på plass på loft og i kjellar og papir og band er rydda vekk. Så då var det fritt fram for sying!

Eg har lenge hatt liggande eit dongeriskjørt som eg ikkje har hatt hjerte til å klippe i.
Skjørtet brukte eg for mange år sidan og likte det veldig godt. Det hadde så fin fasong med litt vipp nede, men var  gått ut på dato for lenge sidan.
Så no var tida inne til å sette saksa i det - og eg bestemte meg for å lage ei veske til meg sjølv av det.


Sjølv om eg ikkje akkurat manglar vesker (det kan du lese om HER ) så blir den til meg sjølv sidan eg var så glad i skjørtet....

Har applikert på eit hjerte i same stoff som foret og pynta med ein turkis knapp. Heilt meg altså....
Knappen har eg kjøpt i Trondheim. Sommaren 2009 var vi mykje i Trondheim i forbindelse med sjukdomen til husbonden. Då vart eg nærast lommekjent i byen og leitte sjølvsagt opp alle sy-butikkar og bruktbutikkar som fantest.  Ein butikk eg kom over har eit meget fornemt namn som eg aldri hadde høyrt før  - possementforretning.... Det var ein liten butikk med alt ei sydame kan ønske seg av utstyr! Har aldri sett så mange knappar og glidelås på ein plass og der var hylle på hylle med blonder og band! O for ei lukke! Handla for hundrevis av kroner og gjekk ut med alt i ein bitteliten pose!


Skulderreima er laga av linningen på ei avlagt bukse. Den er brukt i si heilheit - spretta den av og sydde igjen opninga.



 På eine sida sydde eg på ein knapp og brukte knappholet på linningen til å feste den på.



 På andre sida sydde eg berre linningen fast. Ein veldig enkel måte å lage hank på!



Inni laga eg eit par lommer og sette i eit glidelås til lukking.
Trur dette kan verte ei favorittveske!

Ønsker ei flott ny veke til alle som kikar innom!

                                              Klem frå Alva

4 kommentarer:

  1. Ja ditta må ver favorittveska si det!!!!
    Smeise fine. Eg har hengande eit dongeriskjørt sjølv....kanskje eg skal lage noko slikt av det. Ikkje akkurat utgått på dato...men det er noko anna som har skjedd med det.....selvfølgelig krympa :D
    Det blir ikkje ein stor sekk med utstyr for nokre hundredelappar når ein handlar på slike godteributikkar for kreative damer :)
    Godt det var lukking på ditt kamera...heldigvis fekk vi opplysning om det før vi kjøpte. Dei forandra på dei heile tida. Ka du trur visst eg skulla fåre å vasa med eit kamera utan lukking. Hadde vel ikkje festa seg eit einaste bilde og berre vorte ein skoddeheim...for ein tragedie :))))
    Ha ei super fin ny veke.

    Varm klem frå MarJE.










    SvarSlett
  2. Hei :-)

    Så fin vesken ble :-)Kreativ du :-) Har ikke ryddet ut jula enda så mitt hobbyrom er fortsatt overfullt av esker..men den 13 skal jula ut :-) og da skal symaskina fram igjen :) Har bestilling på to kjoler som "henger" litt over meg også..men man kan ikke alltid tvinge fram kreativiten..og i det siste har den vært litt borte :-( men vet den snart venner tilbake :-) :-)

    Ønsker deg en flott ny uke :-)

    Klem

    SvarSlett
  3. Kjempestilig redesigna veske Alvhild! 70 tals veska er også knallfin , og retro blusen med løvemotiv er eit fyrverkeri!! Eg elskar tinga du syr i retrostil med dyremotiv! Du er kreativ og produktiv, det er ingen tvil om at du er i ditt rette element! Love it:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Britt Karin!
      Takk for koslig kommentar og alle god-orda, det varmar og inspirerer:))
      Klem frå meg.

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no