fredag 18. januar 2013

STOFFKUPP OG LAMPEOPPDATERING


Då eg drog tilbake til bruktbutikken for å ordne opp med lampa i forrige innlegg så tipsa ei av damene der meg om at dei nett hadde fått inn fleire kasser med stoff (ja dei kjenner meg godt dei fleste der etterkvart.....) Eg var på veg til arbeid og hadde ikkje all verdens med tid - men med slike tips måtte eg berre skunde meg bort i reolane for å sjå.
Tre kasser med stoff vart saumfart i rekordtempo og haugen på golvet vaks etter kvart som eg sikra meg godbitane!
Mykje av det var syntetisk så det let eg ligge igjen.


Fekk sikra meg ein del deilig velur og frotte, ribbestoff og nokre meter med ubleika lerret.
Rosina i pølsa ligg nederst i bunken...........

Rååååstilig - litt kraftig bomullsstoff i herlige fargar og mønster! Diggar det og kan nesten ikkje vente med å sette saksa i det!

Og denne gongen skal eg ikkje klage på prisen - 70kr. betalte eg for heile stasen! Lucky mee!!!!

Så var det lampa då.....
Fekk pruta den ned til totalt 150 kr og er fornøgd med det - særleg når same dama tipsa meg om stoffherlegheita:))


Lampa er fiksa og god som ny - og eg likar den betre og betre.
Kjem nok til å pakke den vekk til våren når den ikkje er i bruk - og så ta den fram igjen til hausten.
For eg likar den absolutt best med lys i!

Takk for dei fine kommentarane på innlegget om den styggfine lampa og alle andre kommentarar som vert lagt att - det gler meg umåteleg! TUSEN TAKK!!!


Vi har kalde og fine dagar på Sunnmøre for tida. I dag fekk eg knipsa nokre fine bilete på veg heim frå jobb. Har du lyst å sjå meir kan du klikke HER.

God helg til alle kjente og ukjente der ute som følger bloggen min!

                                                    Klem frå Alva


4 kommentarer:

  1. Heldig som kom akkurat til rett tid i bruktbutikken;) Det fine, kraftige stoffet kan det vel verte nokre flotte vesker av.....
    Flott rosa lys du hadde fanga! Det var flotte fargar her også i dag.

    SvarSlett
  2. Dette var jammen prikken over i - en :) Flaks at det var akkurat du som kom først til stoffkassene og fekk plukke deg ut gobitane. Det vart ein super pris for både lampen og stoffa når du fekk pruta litt. Var vel kupp for stoffa!!
    Har dei tynnt for på bruktbutikken? Eg skulle kjøpe i dag på den butikken i midtigata, men nei dei hadde ikkje og dei fekk ivertfall ikkje inn på 14 dagar. hadde ikkje ein gong bestillt det. Trudde dei ville selge eg men det virka ikkje slik. Eg har bestemt meg for å fare på bruktbutikken i morga. Håper der er eit eller anna eg kan bruke. Kan sy om ein underkjole om så er :) Håper dei har mykje. Eg glede meg....spennande :))
    Gled meg til å sjå kva du finn på å sy av stoffa dine.

    Ha ei superfin helg. Det er no så bitande kaldt.....hopp i tovatøflene og fyr godt i ovnen.

    Varm klem frå MarJE.

    SvarSlett
  3. For et kupp! Der var det mye greit stoff. Slik velur, frotte og ribb - det koster jo en hel masse nytt. Lampa og stoffene tilsammen = god handel. Og bildene dine er veldig fine :)

    SvarSlett
  4. Så kjekt å finna sånt. Me like alle å gjørr stoffkupp ;o)
    Må innrømma at eg har innsett at eg e stoffavhengig... så sånn e det :o)

    Det ser ut te at de fleste like best det brune alternativet når det gjelde teppene mine. Ska sjå det e guttungen som har best smak, hihi :o)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no