torsdag 3. januar 2013

TALLERKENFUNN - bokstavelig talt.....


Det er underlig korleis ting av og til kjem i din vei - nesten slik at ein kan lure på om det er tilfeldig eller "meant to- be".
Fredag i romjula fekk eg plutselig føre meg at eg skulle tøme eit skap for glassflasker som skulle til resirkulering. Ved nærbutikken står ein slik konteinar til å putte glass og metall i og dit køyrde eg med dei. Idet eg gjekk ut av bilen såg eg at det låg noko oppå dunken. Ved nærmare ettersyn viste det seg at det var denne nydelige tallerkenen frå Figgjo:

Sidan det er eit lite skar i den skulle den nok kastast. Men krusty skal absolutt ikkje i glass og metall dunken! Sidan den er for stor til å gå gjennom hola i dunken har vedkomande lagt den att oppå i staden. Flott for meg då som kom dit etterpå og fann den! Og flott at vedkomande ikkje knuste den for å få den inn i konteinaren!


For eg hadde akkurat plass til eit fat til i tallerkenhylla mi - ja eg har til og med vore på utkikk etter eit passande fat til å fylle den tome plassen! Så det kunne ikkje passe bedre - synest det er perfekt
der i lag med dei andre! At det er eit lite skar i det gjer ingenting!


Alt i hylla er bruktfunn bortsett frå klokka som er av nyare dato og puse-krusa som eg hadde som lita jente - altså frå 60-talet.... Hylla er også bruktfunn - mala av meg.



Denne herlige krusa har altså vore mi. Ein del av hanken er knust. Der var det ei fløyte som eg kunne blåse i og så laga den plystrelyd. Kan enno høyre den lyden for meg. Tenkjer dei andre var temmelig lei av plystringa og var sikkert glade då den vart knust. Huskar ikkje korleis det gjekk til at den vart knust......


                                                **************************************

Så no lurer eg på kvifor i alle dagar eg fekk det føre meg at eg skulle resirkulere flasker i romjula!
Tilfeldig???? Tja - kven veit..............


                                              Helsing frå Alva


5 kommentarer:

  1. Det mønsteret kan jeg vagt huske at min bestemor hadde noe av. Så gøy at du kom der og fant det fine fatet!
    Pusekoppen var skikkelig original med fløyte og fint fjes. Det er så gøy når det følger med litt historie til tingene :)

    SvarSlett
  2. Hei :-)

    Ikke sikkert det var tilfeldig nei :-) er nok en mening med at den skulle komme til deg :-) Nydelig var den hvertfall :-)

    Ønsker deg en flott helg :-)

    Klem

    SvarSlett
  3. Hoddus kor heldige du var som kom til dekka bord med eit slikt flott fat. Perfekt i samlinga og no vart hylla fullkomen. God start på året......er berre å vente på meir.
    Ang.kameraet så kanskje ditt er anleis enn dei som er akkurat no. Dei forandra på dei heile tida. Det var noko med ein stabilisator som ikkje var i ditta vi var tenkt å kjøpe. Så då vart det eit anna. Eg har no ikkje peiling men det skal bli kjekt med eit skikkelig...så no blir det øving for harde livet.
    Pusekrusa di var utrulig søte og kor fint at du har tatt vare på den.

    Heldigvis har det slutta å blåse.

    Nattaklem frå MarJE.

    SvarSlett
  4. Så fin tallerken -heldig var du!! Tenk at noen ville KASTE den... :/
    Ønsker deg og dine et godt nytt år! Tusen takk for alle hyggelige kommentarer du legger igjen hos meg -de settes stor pris på!
    -Mari

    SvarSlett
  5. Det er nok skjebnen det Alva ;)
    Så søtt mønster og den passet perfekt der oppe på tallerkenhylla !

    Så artig at du ikke bor så langt fra møbelfabrikken. Kan Oddvar Hjellegjerde være en av de som startet Hjellegjerde fabrikken tro ? Prøvde å Google dette men fant det ikke ut.

    Ha en fin kveld :)
    Her er det influensa og vi ligger å sløver på sofaen..bra det er sport på tv`n.
    Janne

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no