søndag 27. januar 2013

VATTERT VEST




Eg har testa ut eit nytt mønster i dag - vattert vest. Og eg vart så fornøgd med den at eg kjem definitivt til å sy fleire slike! Vesten er vendbar og kan brukast på begge sider.
Veldig praktisk!



Raske og enkle å sy, to stykker vart det i dag. Denne er allereie testa  og fått ny eigar - den sat som eit skudd! Eg har nemlig hatt eit veldig koslig besøk i dag og det skal eg skrive om i neste innlegg. Kan ikkje ta alt på ein gong heller då:)

Vesten er super i lag med snurreskjørta som eg har laga tidlegare.

Slike små fargerike plagg gjer meg GLAD! Og når eg får sjå dei i bruk vert eg endå GLADARE!




                            Med denne blomsten ynskjer eg alle mine besøkande ei glad ny veke!


                                                     Klem frå Alva

5 kommentarer:

  1. Herlig vest! Jeg har lenge tenkt at det hadde vært gøy å prøve seg på å sy en liten vest. Kunne godt hatt en selv også :)

    SvarSlett
  2. Fine vestar! Einig i at det hadde vore kjekt å prøve seg på ein vest;)

    SvarSlett
  3. Vi er sjølvsagt veldig fornøgd :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra, Ingunn:)Veldig kjekt besøk:))

      Slett
  4. Heise det kor flinke du er...du er ein resar og får produsert så mykje fint. Det er så fint synest eg med fargerike kle på born. Dei vert ekstra kvikke og fjonge.
    Lurer på om eg kjenner den heldige eigaren av eine vesten (mora altså).
    Tenk at dynetrekk kan bli så fine kreasjonar....flinke, flinke Alva!!!!!
    Ha det fint i den nye veka.
    Var det ikkje deilig med ny temperatur??
    Mildversklem frå MarJE.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no